opptak1

OPPTAK

Opptaket startar 1. februar, men du kan søkje når som helst – før og etter den datoen! Dersom du har søkt plass på Hardanger Folkehøgskule før 1. februar vil du få fortløpande informasjon om gangen i og rutinar rundt søknadsbehandling og opptak.

Vi treng søknaden din, der du fyller ut alle felt som er obligatoriske. Du må skriva litt om deg sjølv og kvifor du ynskjer å gå på vår skule. Vi må ha kopi av siste terminutskrift, det vil i praksis sei haustterminen. Søker du før du får denne kan den ettersendast så snart du får den.

Basert på at vi har den informasjonen vi treng vil du få svar på søknaden din maksimum 1 veke etter innsendt søknad. Dersom du har informasjon som er viktig for skuletilbodet ditt, så må vi få dette samtidig med søknaden. Du vil få all nødvendig informasjon om skuleåret, betalingsplan og utstyrsliste tilsendt etter at du har akseptert skuleplassen.

Vi vektlegg motivasjon for skuleåret, orden og åtferdskarakterane og antal fråværsdagar frå tidlegare skulegang. Det du skriv om din eigen motivasjon for skuleåret vil telja positivt. Søknadane vil bli avgjort etter ei samla vurdering. Vi har 18- års aldersgrense, men kan gjere unntak i enkelttilfelle. På Jaktlinja og på  Internasjonal Solidaritet og backpacking  er aldersgrensa absolutt.

Søkjarar på Hundeliv må lesa all informasjonen på linjesida. Det er viktig at både elev og hund oppfyller dei krava som står der.

 

VILKÅR FOR PLASS: ( Utdrag av dokument som blir tilsendt elevane )

Angrefrist og forplikting.

Dersom du likevel velger å sei ifrå seg skuleplassen etter angrefistens utløp vil ikkje innmeldingsavgifta bli refundert. Andre utgifter som kan knyttast til deg og som ikkje lar seg reversera blir også belasta deg ( t.d. flybillettar, overnattingskostnadar, etc. ). Avbestilling ( om du ikkje kan/vil bli med ) av turar som er planlagt/bestilt vil ikkje gje refusjon av kostnadane knytt til reisa.

Betaling

Alle er forplikta til å følgja oppsett betalingsplan for betaling av skulepengane ( sjå tilsendt plan ).

Ved meir ennn 14 dagars forsinka betaling av skulepengar vil det bli ilagt purregebyr.  Ved ein månad manglande betaling vil skuleplassen bli tatt opp til vurdering, og du kan i verste fall måtte slutta på skulen pga mislighold.

Manglande betalte avdrag ein mnd etter skuleslutt vil føra til at kravet vert oversendt til rettslig innkasso.

Avbrudd av folkehøgskuleåret

Dersom du sluttar av eigen vilje skal dette meldast skriftleg som sluttmelding til skulens administrasjon. Dersom du sluttar etter skuleårets oppstart vil påløpte utgifter ( sjå pkt.2 ) og skulepengar for 6 veker bli avrekna på sluttrekninga di. Dersom du må slutta som følge av disiplinære forhold gjeld same reglar i fht økonomi som i punkt a.

Reglement

Som hovudregel vil skulen dela ut og gjennomgå reglementet ved skulestart. Det kan likevel bli tilsendt søkjarar/elevar på førehand etter førespurnad.

kontaktrund4_2x
Lurar du på noko om skulen?

Ta gjerne kontakt med skulen:

Trond Instebø
920 38 505
trond.insteboe@hardanger.fhs.no