
Utlysning - Ny rektor 2025
Vår rektor gjennom 25 år skal trappe ned og gå over i en annan funksjon og vi søker hans etterfølger.
Vi søker ein tydeleg og inspirerande rektor som identifisere seg med skulen sine verdiar og som kan jobbe i tråd med dei. Du må ha eit stort hjarte og engasjement for å jobbe med unge vaksne, samtidig som du ynskjer å utvikla skulen vidare.
Hardanger Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule på Lofthus i Ullensvang kommune. Det er ein open og inkluderande skule som set eleven i sentrum. Vi er uavhengig av livssyn og gir eit pedagogisk tilbod på brei humanistisk grunn.
Skulen har attraktive linjetilbod, turar og prosjekt og eit stort elevmangfold. Vi driv også omfattande utleige om sommaren.
Hardanger Folkehøgskule er eigd av Hardanger Folkehøgskulelag, ein open organisasjon som alle kan bli medlem i. I 2025 er skulen 108 år, og tusenvis av ungdom har gjennom desse åra hatt eit viktig ungdomsår på Lofthus. Skulen sine kjerneverdiar er Fellesskap, Engasjement og Respekt
Det er pr.no 13 fast tilsette samt ein del ekstra personell om sommaren. Vi har 106 sengeplassar, men godkjent internatkapasitet på 77 og maksimalt elevtal på 92.
Skulen har god økonomi og solid likviditet.
Skulen har eit verdidokument som vi baserer verksemda på. Målet er å ruste ungdom for det livet som ligg framfor dei. Tryggleik, samarbeidsevner og lærelyst er andre mål for skulen.
Vi ynskjer å fremma lærelyst gjennom folkehøgskulepedagogikken, undervisning, sosiale fellesskap, samarbeid og dialog.
Skuleleiinga består i hovudsak av rektor og ass.rektor, men rektor må drive moderne leiarskap i samarbeid med internatleiar/kontorfullmektig, kjøkkenleiar og driftsleiar.
Rektor er skulen sin overordna- og pedagogiske leiar, leiar for heile personalet med drift av heile skulen inkl. økonomi og personalansvar. Rektor rapporterer til skulens styre.
Rektor har noko undervisning og må rekna med både tur, kveld og helgearbeid.
For meir informasjon om skulen sjå: www.hardanger.fhs.no
Arbeidsoppgåver, bl.a:
- Skuleleiing
- Personalleiing
- Budsjett og økonomistyring
- Opptak, marknadsføring og skuleutvikling
- Undervisning
Vi tilbyr:
- Lønn etter avtale
- Medlemsskap i SPK
- Ein arbeidsplass med innarbeidde rutiner godt arbeidsmiljø
- Ein utfordrande og spennande stilling med stor fridom
- Varierte leiaroppgåver
- Administrasjonsressurs 60/40
- Deltaking i rektornettverket i Hordaland
Vi ser etter:
- Ein engasjert rektor som identifiserer seg med idegrunnlaget
- Ein relasjonsorientert rektor med eit romsleg menneskesyn og som ynskjer å utvikla skulen
- Ein lagbyggar som ser verdien i andre sin kompetanse
- Ein rektor med gode kommunikasjonsferdigheiter
- Rektor må kunne vera beslutningsdyktig/ ta gode avgjerder
Kvalifikasjonar:
- Relevant høgare utdanning
- Relevant pedagogisk erfaring og kunnskap
- Leiarerfaring, gjerne innan utdanningssektoren
- Kjennskap til folkehøgskule
- Erfaring med budsjettstyring, økonomiforståing/kompetanse
- Personleg eigna er viktig i utvelginga
Tilsettingsdato:
- Etter avtale
Stillingstype:
- Fast
- 100%
Tilsettingsvilkår:
- I tråd med gjeldande lover, tariffavtalar og reglement
- Vi krever politiattest av nyare dato
- Det blir praktisert 6 månadars prøvetid
Søknadsfrist: 10.mai 2025
Spørsmål om stillinga:
Kontaktperson: Trond Instebø (rektor) og Marita Aarhus (styreleiar)
Tlf Rektor: 920 38 505
Tlf Styreleiar: 941 59 478
For meir informasjon om skulen sjå: www.hardanger.fhs.no
Søknad med CV og referanser skal sendast til: