FELLESTURAR MED HEILE SKULEN

KVART ÅR HAR VI FLEIRE GODBITAR Vi drar på mange turar gjennom skuleåret. Dei fleste i regi av linja, men enkelte turar er for heile skulen samla. Fellesturane er med å skapa og vedlikehalda deg gode miljøet på skulen. I løpet av skuleåret 2019/20 har vi desse fellesturane; Vintertur til Hovden i Setsdalen i mars og vårtur i slutten av april med seglskuta Statsraad Lehmkuhl til Orknøyene/Shetland.

KVART ÅR HAR VI FLEIRE GODBITAR
Vi drar på mange turar gjennom skuleåret. Dei fleste i regi av linja, men enkelte turar er for heile skulen samla. Fellesturane er med å skapa og vedlikehalda deg gode miljøet på skulen. Skuleåret 2019/20 har vi desse turane:

HAUSTTUR TIL VØRINGSFOSSEN, DAGSTUR
Den første fellesturen går til Eidfjord og området rundt Vøringsfossen.  Vi kan går turar i den fantastiske naturen som er rundt fossen, eller berre nyta utsikten frå platået.
Den neste går opp lia frå skulen der vi kan telta, setja opp gapahukar eller sova under open himmel. Herifrå er det også mogleg å nå Dronningstien og fossen Rjukande med ein utsikt som gir deg sug i magen.

HOVDEN- VINTERTUR
Mot slutten av vinteren, men likevel medan det enno er rikelig med snø i fjellet, flyttar vi oss til Hovden i Setesdalen. Eit fantastisk skieldorado med mange heisar og nedfartar i alle vanskegradar, og oppkjørte løyper med trikkeskinnespor og skøytetrase, eller toppturar utanom løypene. Her tar vi inn på ei fjellstove og blir i 3-4 dagar for slalom, skigåing, aking, bading og anna moro i vinterfjellet. På denne tida har sola begynt å ta godt – så du skal ikkje sjå bort ifra at du kan få den ultimate påskestemningen i bakken/løypene.
Om kvelden kan vi samlast rundt bålet i lavvoen for historiar, sang og musikk eller oppsummering av dagen.
Dersom du ikkje likar skigåing kan du likevel ha det morro i snøen med aking, skulpturbygging eller besøka Hovden badeland.
I tilknytning til skisenteret finn ein preparerte langrennsløyper og eit flott terreng for fjellski og toppturar.  Med snø og terreng i alle variantar og effektive heisar ligg alt til rette for gode skiopplevingar!
Dersom du ikkje har mykje efaring med ski vil du kunne få det i enkle løyper/bakkar.  Dalen innbyr også til flotte turar på langrenn, anten vi går på topptur eller i løypene i bjørkeskogen. Klassisk og skøytetraseear. Utleige av slalomski/brett. Langrennski må du ha sjølv.

SEGLTUR MED STATSRAAD LEHMKUHL
I slutten av april drar vi med Statsraad Lehmkuhl til Orknøyene/Shetland. Vi seglar ut frå Bergen ein føremiddag og ankrar opp i Kirkwall eller Lerwick to døgn seinare. Vi har opplegg på land ein dag før vi set kursen tilbake mot Bergen. Dette er ei oppleving du ikkje kjem til å få seinare så du må gripa den no. Klatre i riggen, sove i hengekøyer, styre skuta i open sjø. Soloppgang, solnedgang, sang og sjøsprøyt!