Om Skulen

REISA STARTER I HARDANGER
Hardanger folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule på Lofthus i Ullensvang herad. Omkransa som vi er av høge fjell, vidde, fjord og bre så er plasseringa så nydelig som du kan få den i hjarta av Hardanger. Skulen er ein gammal og tradisjonsrik folkehøgskule på ein plass kor det vart starta folkehøgskuledrift allereide i andre halvdel av 1800-talet. Der kor skulen ligg no har det vore uavbrutt folkehøgskuledrift sidan 1917.

Om skulen


Skuletunet består av 5 bygningar, der den største er Hovudbygningen som heng saman med gymsalen. I Hovudbygningen er det internat med 16 elevrom i toppetasjen, klasserom i 1.etasje og matsal i underetasjen. Stor daglegstove med gymsal og handverksrom er knytta saman med denne bygningen. I kjellaren finn du eit lite treningsrom som også vert brukt til luftgeværskyting.

Rundt Hovudbygningen ligg dei to andre internata, rektorbustaden (kor stipendiatane bur) eit gamalt hus frå mellomalderen, hundetreningsrom og utebane for hundetrening i kun få skritts avstand til kvarandre. Omtrent like kort avstand er det til fotballbanen (kunstgras).

Hagen er stor med både plomme, morell – og epletre. God plass til aktivitetar og med vedfyrt badestamp.

Personalet består av dyktige fagfolk med lang fartstid i folkehøgskulen. Dyktige lærarar som er veldig opptatta av – og interessert i faget sitt, kokkar med fartstid både frå hotell-og restaurantdrift. Ein reinhaldar som kombinerer reinhaldet med jobb på kjøkenet, ein vaktmeister som hjelper deg med alt du treng hjelp til og ein kontorfullmektig som hjelper til i alle praktiske spørsmål.

Administrasjonen sørger for åtilrettelegga det heile slik at du kan få mest mogleg ut av skuleåret ditt på Hardanger folkehøgskule.

Hardanger Folkehøgskule er med på folkehøgskolenes bærekraftsatsing og støtter opp om måla i Bærekraftvedtaket.

Vi har satt i gang disse tiltakene: Måle matsvinn, måle og kutte strømforbruk, kutte CO2, sortering av søppel, grøne matdagar, redusere drivstofforbruket, dyrker egen frukt og vi reduserer bruken av eingongsbestikk og koppar for å minke bruk av plast og papir. I tillegg har elevane miljøprosjekt på timeplanen.

Skulen rapporterer egne klimagassutslipp ved å bruke en folkehøgskoletilpasset klima- og miljørapport hos Stiftelsen Miljøfyrtårn, utviklet i samarbeid med Vestlandsforsking. Målet er å redusere klimagassutslippene hvert år, slik at vi når målet om 40 % utslippskutt innen 2030.