Lofthus i Hardanger

Lofthus ligg mellom to større sentrum, Odda og Voss. Like ved folkehøgskulen ligg ein stor kunstgrasbane der det lokale fotballaget, Harding, spelar heimekampane sine. I klubbhuset ved sida av banen er det ein innandørs miniatyrskytebane. Ti minutts køyring frå Lofthus ligg Kinsarvik idrettshall. Den største arbeidsplassen på Lofthus er Hotel Ullensvang, der dei tilbyr bowling, squash, svømmeanlegg, solarium og tennishall.

I lia opp frå Lofthus går ein av dei gamle ferdslevegane over fjellet. Når du kjem opp på kanten er du på Hardangervidda, eit av dei flottaste høgfjellsområda i landet. Her opnar det seg fantastiske turområde med toppar, fiskevatn, jaktterreng og enorme vidder innover fjellet. Den mest kjente turen er Dronningstien som går over fjellet ifrå Lofthus til Kinsarvik.