Hardanger Folkehøgskole

Hardanger folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule på Lofthus i Ullensvang herad. Omkransa som vi er av høge fjell, vidde, fjord og bre så er plasseringa så nydelig som du kan få den i hjarta av Hardanger. Skulen er ein gammal og tradisjonsrik folkehøgskule på ein plass kor det vart starta folkehøgskuledrift allereide i andre halvdel av 1800-talet. Der kor skulen ligg no har det vore uavbrutt folkehøgskuledrift sidan 1917.

Husk at du kan søke allerede nå!

Hardanger Folkehøyskole 2019-2020

Send søknad

COSPLAY - JAPAN

Likar du cosplay? På denne linja får du sjansen til å lage egne kostymer og du får jobbe frå ide til ferdig produkt. Du får lære å sy, lage armor og props til kostymer. Du får leve og jobbe saman med andre med felles interesse. Vi reiser til ulike cons i inn og utland. På klassens Facebookside kan du lesa om turar, kurs og arrangement som Cosplayklassen har deltatt på.

Søk nåMer om linjen

FRILUFTSLIV - GO GREEN

INTERESSERT I FRILUFTSLIV OG MILJØVERN? Vi jobbar med å ta vare på naturen og sikra berekraftig utvikling. Har du lyst til å bruka naturen til FRILUFTSLIV, rekreasjon, naturopplevingar, dyrking og hausting er dette linja for deg. Bruk av friluftsliv og naturen for forståing av miljøutfordringer i samfunnet. Ta aktive miljøvalg. Det er viktig å ta vare på naturen og kunne nytta dei ressursar som fins der. Vi vil spre kunnskap om samspelet mellom menneska, natur og miljø. Vi driv lett friluftsliv på ein måte som ikkje set varige spor i naturen slik at vårt miljøavtrykk blir så lite som mogleg. Vi brukar naturen til å gi oss opplevingar, og vi skal bruka den på ein hensiktsmessig måte. Vi besøkjer verdsarvstaden Nærøyfjorden og bur på på garden Dyrdal. Vi brukar varierte metodar og arbeider praktisk med klima- og miljøspørsmål. Klimastreik er ok!

Søk nåMer om linjen

HUNDELIV

Dette er den einaste hundelinja i sitt slag i Norge. Her kan hundeeigarar ta med seg hunden sin til skulen, trena den og tilbringe mykje tid med den i løpet av folkehøgskuleåret. Dette passar perfekt for deg som ynskjer å vera aktiv med hunden din. Du treng ikkje ha ambisjonar om å konkurrera med hunden din, men det passar for deg som vil det også. Du vil lære om hundar både i teoretisk og praktisk undervisning. Teoriundervisningen vil støtta seg til oppdatert forskning. Vi brukar belønningsbasert trening i alle sammenhenger.

Søk nåMer om linjen

IDRETT - ACTION

På Idrett-Action får du en blanding av allsidig idrett og en rekke action-aktiviteter som tandem fallskjerm og paragliding, via ferrata, rafting, strikkhopp og skikjøring. Du vil komme i bedre form og oppleve stor variasjon i skolehverdagen, og lære om tema som f.eks treningsledelse, egentrening, teknikk og toppidrett. Kjør en fjellside i puddersnø,sitt å dingle med beina på kanten av Trolltunga, ta din første salto på trampett, vinn en fotballkamp, og mye mer. Du kommer ikke til å kjede deg!

Søk nåMer om linjen

FRILUFTSLIV M/BACKPACKING I VIETNAM

Dette er ei friluftslinja som passar for alle som likar å vera i aktivitet ute. Du treng ikkje å vera supersprek for å klara dei aktivitetane eller turane vi legg opp til, men kun i normal form. Det viktigaste er at du vil og er motivert. Vi gjer det beste naturen og friluftsliv har å by på i Norge og vi drar til Vietnam. -Fotturar med fiske i fjellvann -Klatring -Fjelltur med telt -Fjordfiske -Alpint, off-piste.

Søk nåMer om linjen

AFRIKA.BISTAND.SAFARI

Linja passar for alle. Spesielt om du er interessert i reising, opplevingar, andre land og kulturar. Har du eventyrlyst, er nysgjerrig på korleis vi kan gjera ein forskjell vil dette vera midt i blinken for deg. Vi jobbar på prosjektet "Sjef i eget liv" i Uganda, Kenya og Tanzania der vi bidrar på eit livsmestringskurs for ungdom som har gått glipp av skulegang på grunn av fattigdom. Målet for prosjektet er å gjera ungdomane stolte og sjølvstendige slik at dei etterkvart kan få seg jobb og tena sine eigne pengar. Vi er også innom eit fotballprosjekt i Dar Es Salaam før vi tar ferge til Zanzibar kor vi avsluttar turen. Du får lære bort og får lært nye spel og leikar. Vi drar på safari undervegs. Det vil også vera mogleg å gå på bushwalk med lokale masaiar i Maasai Mara i Tanzania. Du får testa ulike buformer, frå hotell til glamping og enkle jordhytter. Vi besøker naturparkar, ser på dyreliv og får opplevingar utenom det vanlege. Vi er på reise i fire veker. Øst-Afrika, 3 land på 4 veker..

Søk nåMer om linjen

INTERNASJONAL SOLIDARITET OG BACKPACKING

Vil du oppleve Myanmar og få Thailand på kjøpet? Har du lyst til å reise til Cuba? Kan du tenkje deg å planlegge di eige backpackreise i Øst-Europa? Likar du å reise og sjå for å få ny innsikt i og kunnskap om kva som skjer/har skjedd? Er du opptatt av spørsmål om fordelinga av godene i verda, fattigdom og overflod. Vil du gjerne skjøna samanhengar og årsaker, t.d. i saker om ekstremisme og terror? Vil du i det heile tatt forstå verda litt betre?

Søk nåMer om linjen