Internat
På internatet er det eit yrande liv av folk som skal få setja preg på livet ditt dette året. Du får lære å omgås andre, ta hensyn og vi skal alle vera med på å skape ein hyggeleg heim for kvarandre. Internata er sosiale arenaer der det skjer mykje moro og mykje kos.
Sjølv om det er mest vanleg å bu på dobbeltrom på alle folkehøgskular, har skulen også nokre enkeltrom til disposisjon. Det går an å ha ta besøk som kan bu på eit av skulens gjesterom og betale kr 200 pr døgn.
Alle internata arrangerer internatmøte der ein kan ta opp utfordringar som oppstår og snakkar om det å bu saman. Du kan bu på skulen i frihelger, men i alle feriar er internatet stengt. Alle internata har internettillgang.













