Om Idrett

IDRETT – ACTION

TAR DU UTFORDRINGEN?
På Idrett-Action får du velgja ei blanding av allsidig idrett og ei rekke med action-aktivitetar. Som t.d.
  • tandem fallskjerm og paragliding
  • via ferrata-klatring
  • fjell-og innendørsklatring
  • rafting
  • strikkhopp
  • padling
  • toppturar
  • reising 
  • skikjøring
  • havkajakk og elvekajakk
  • trampett
  • alpint; Voss, Røldal, Hemsedal, Geilo
  • paintball
  • treningslære 
  • off-piste ski
  • strikkhopp 
  • langrenn/fjellski
Om hausten drar vi til Spania, og om våren får du ein interrailtur i Europa der vi bl.a. stoppar for å kjøre på ski og for å trene på stranda.
Du vil koma i betre form og oppleva stor variasjon i skulekvardagen, og lære om tema som t.d.  treningsledelse, eigentrening, teknikk og toppidrett. Kjør ei fjellside i puddersnø, sitt å dingla med beina på kanten av Trolltunga, ta din første salto på trampett, vinne en fotballkamp, og mykje meir. Du kjem ikke til å kjede deg!

Dette lærer du

Du vil få ei innføring i grunnleggande prinsipp for styrketrening og utholdenhetstrening, og lære å planlegge og gjennomføre eigentrening. Du vil lære om treningsinstruksjon og korleis gi konkrete tilbakemeldinger til dei du instruerer.Linja er ein god læringsarena om du ønsker å fortsette med studier innen idrett, fysiologi el.l. og vi legg stor vekt på allsidighet. Vi sett fokus på kva trening har å sei for helsa di på kort og lang sikt, og er innom ein del teori om kosthold, restitusjon, etc.
Du vil også utvikla dine relasjonelle ferdigheter i ulike lagspel som fotball og volleyball, og du lærer ein del grunnteknikk i flere ballidretter. Du får ein aktiv treningskvardag, opplevelsesrike turer, spennande utfordringer, men også dager med restitusjon og ro.
Du lærer ikkje minst å utøva nye aktivitetar som rafting, paragliding, fallskjermhopp, klatring, m.m.

Sjølvsagt har vi også styrke-og kondisjonstrening. Til det brukar vi gymsalen, idrettshallen eller det lokale treningssenteret Tunvoll med tredemøller, spinningrom, vekter, elipse/-romaskiner,etc. Vi spelar gjerne kampar mot andre folkehøgskular. Du vil lære om grunnleggjande prinsipp for styrketrening og uthaldenheitstrening, samt korleis planleggje og gjennomføre eigentrening i ein valgt idrett.
Reis og sjå nye plassar i tillegg! I Spania hoppar du tandem-fallskjerm, prøver windsurfing og surfing og spelar padeltennis. På vår interrailtur om våren kan vi stå på ski, prøve tandem paragliding og lære å reise miljøvennlig.På Voss prøver du juving eller rafting og vi får også en introduksjon til elvekajakk. Sjølvsagt skal vi ha litt klatring, både inne og ute. Og for ikkje å gløyma trening! Litt sterkare, litt sunnare og litt bedre kondisjon.

Dette opplever du

Vi skal utfordre deg til å prøve ting du aldri har gjort, enten det er å hoppe over ein bresprekk, kjøre pudder eller padle på fjorden! På Idrett-Action fokuserer vi på å ha stor variasjon i aktivitetene, og vi vil gi deg opplevelingar som du aldri gløymer! Du kan få hoppa Europas høgaste tandem fallskjermhopp i Spania, klatra Himmelstigen til Trolltunga, fly paraglider, rafta spennende stryk, hoppa strikkhopp, kjøra zipline, surfing og wakeboard. Om ikkje det er nok, skal vi også jakta pudder til skikjøring både i Norge og Alpene, klatre på fjell og på is, padle kajakk og kano, styre et hundespann, spela curling og paintball!
Når vi er på skulen har vi eigen kunstgressbane til disposisjon for fotball, slåball, frisbee, osv, og bruker eigen gymsal til andre ballspel og aktivitetar. Vi låner også ein større hall flere ganger for å spela handball og ha innendørsklatring, og du kan gå til det lokale treningsstudioet for å driva styrketrening og spinning.
Reis og sjå nye plassar i tillegg! I Spania hoppar du tandem-fallskjerm, prøver windsurfing og surfing og spelar padeltennis. På vår interrailtur om våren kan vi stå på ski, prøve tandem paragliding og lære å reise miljøvennlig. På Voss prøver du juving eller rafting og vi får også ein introduksjon til elvekajakk. Sjølvsagt skal vi ha litt klatring, både inne og ute. Og for ikkje å gløyma trening! Litt sterkare, litt sunnare og litt bedre kondisjon.

Men alt er ikkje berre hardtrening og ekstremsport, nokon gonger går vi berre ein tur i nærområdet og lagar mat rundt bålet, eller feirar det første snøfallet med snøballkrig! Vi vil skapa eit godt og trygt klassemiljø der alle blir inkludert.

Mål for linja

  • Å utvikle sjølvstendighet i planlegging og gjennomføring av trening
  • Gi innlæring i grunnteknikkar i mange ulike idretter
  • Gi ei innføring i treningsinstruksjon gjennom teori og praksis
  • Gi positive idrettsopplevingar og skapa samhold i klassen
  • Skikjøring
  • Padling
  • Klatring
  • Surfing 
  • Grunntrening
  • Kom i bedre form

Galleri

Lærer

Trond Olsen

Trond Olsen

Lærar Idrett - Action

Telefon: 474 14 271

Epost: trond.olsen@hardanger.fhs.no

Pris

Fra kr 127.000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Studietur: El Puerto St.Maria, Spania 
  • Studietur: Interrail i Europa til bl.a. Frankrike med både ski og strandliv
  • Songbok
  • Årbok
  • Internett
  • Vaskemaskin og tørketrommel
  • Vintertur til Hovden