FRILUFTSLIV - HARDANGER OG VIETNAM

Ynskjer du å utfordra deg sjølv og testa dine eigen grenser – åleine eller saman med andre? Har du interesse for og lyst til å vera aktiv ute i naturen? Vil du bli kjent med deg sjølv gjennom eit unikt fellesskap? Vil du vera aktiv – på lag med naturen? Vi er på kryss og tvers, høgt og lavt og leverer eit friluftsliv for alle, som alle kan trivast i. Vi brukar Hardanger sine unike moglegheiter med fjell, fjord, vidde og bre til å utforlda oss i. I tillegg drar vi på langtur til Mui Ne i Vietnam. Dette er eit fantastisk område som du kjem til å forelska deg i.

Om friluftsliv

Ynskjer du å utfordra deg sjølv og testa dine eigen grenser – åleine eller saman med andre? Har du interesse for og lyst til å vera aktiv ute i naturen? Ynskjer du å bruka naturen  som di leikegrind – sommar, haust, vinter og vår? Vi er på kryss og tvers, høgt og lavt og leverer eit friluftsliv for alle!

Vi brukar naturen i Hardanger med både fjord, fjell, vidde og bre til friluftsliv på barmark og på snø. Midt på vinteren drar vi til Vietnam og får kosa oss med gode sommartemperaturar, lange sandstrender, kiting, surfing, SUP, klatring, fjelltur og stisykling. Vi bur då i Mui Ne, som er eit fantastisk område som du kjem til å forelska deg i.

Her treng du ingen forkunnskapar for å søkje, men eit ynskje om å læra og å vera aktiv i naturen må du ha. Friluftslivlinja på Hardanger fhs er ei allsidig linja fullspekka med aktivitetar og opplevingar. Linja passar for alle- både dei med og utan erfaring. Med Lofthus som utgangspunkt har vi eit eldorado av spennande opplevingar å tilby.

Det er aldri ein kjedeleg dag på friluftslivlinja.
Likar du å være på tur i det fri? Kva med å bu i telt eit par dagar i strekk? Likar du å koma deg opp til dei toppane som gir deg den beste utsikten? Vil du inn i villmarka på fottur, kanotur, skitur, topptur, frikjøring, telt, snøhule og klatring? I tillegg til å få kurs i SUP, kiting på stranda/sjøen og i surfing.

På vår friluftslinje får du alt dette. Du lærer å ha det trivelig på tur. Du lærer naturkunnskap og dei turferdigheiter du treng for å ta deg fram, finne rett veg, trivast i telt og lage din eigen turmat i tillegg til å ha det gøy i lag med kompisar.
Vi samarbeider med; Voss rafting og klatrepark, Trolltunga Active, Hardangerfjord Active, Tyssedal viaferrata Source Kiteboarding i Mui Ne.

Denne linja passar for alle, anten du har vore mykje eller lite på tur. Det beste av alt er at all denne læringa og øvinga er morsom!
Våre viktigaste ord er ; Tryggleik, Friluftslglede, Vennskap! Vil du ha eit aktivt, lærerikt og spennande år? Søk da, vel!

Mål for linja

  • Du skal kunna læra sikker ferdsel, leirliv og friluftsaktiviteter i vatn, vassdrag, skog og høgfjell heile året.
  • Elevane skal etter endt skuleår kunne leggja opp sine eigne turar  i forhold til god turplanlegging, rett oppakning, leirlaging og bålfyring.
  • Du skal få innføring i kiting, surfing og SUP
  • Du skal lære å klatra. Ute og i klatrevegg
  • Du blir i stand til å bruka naturen som arena for rekreasjon og oppleving.
  • Du får prøva deg som gruppeleiar for klassen.
  • Du skal bli kjent med naturen i Hardanger
  • Du får kjennskap til lover, forskrifter og planar om forvaltning av naturen.

Dette lærer du

  • Du vil få testa deg sjølv i alle typar vær og temperaturar på fleirdagarstur.
  • Du lærer å legge opp ruta sjølv og vurdere og finne trygge vegval og leirplassar.
  • Du vil bli meir sjølvstendig i navigasjon med kart, kompass og GPS, slik at du kan ta deg fram i terrenget på ein sikker måte.
  • Du vil gjennom erfaring få læring i diverse overnattingsformer ute. F.eks telt, gapahuk, snøhole, iglo overnatting under open himmel og i hytter.
  • Padling
  • Stisykling
  • Kiting
  • Skikjøring
  • Du får prøve på matlaging ute på forskjellige måtar.
  • Klatring
  • Brevandring
  • Surfing og SUP
  • Du vil også lære ein del teori om sentrale emner innan tradisjonelt friluftsliv, turplanlegging, og om korleis ei gruppe fungerer.

Dette opplever du

Mykje turaktivitet!  På turane lærer du det du treng for å være på tur. Telt, gapahuk og hytter er gode arenaer for å bli en godt samansveisa klasse.

Kjenn gleda av å dra opp fjellauren i eit av dei gode fiskevatna vi passerer, meistringa av å orientere deg fram i dårleg ver til målet for dagen, spenninga av å meistre kanoen i stryka. Du vil glede deg over roen når du er aleine på solodøgn, samhaldet i klassen, skigleda når du glir ned ei fin skråning i kveldssola og du vil oppleva  stolthet over å ha bygd din eigen snøbolig for natta.

Du vil også få kjenne på ubehaget med å være våt og frysa, men også den vanvittige gleda av å krype inn i ein varm sovepose i teltet på kvelden. Det er i slike forhold vi lærer best, og kor vi kjenner på følelsen av korleis det er å måtte slå nødleir og grave seg ned til været løyer. Bli med på fottur, topptur, skitur-/køyring, klatring og padling.
Og ikkje minst; få opplevingar i Vietnam som du aldri vil få utanom på Hardanger Folkehøgskule
Eventyret ventar på deg!

Lærer

Mads Orheim Hansen

Mads Orheim Hansen

Lærar Friluftsliv

Pris

Fra kr 123.100,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Studietur: Statsraad Lehmkuhl til Orknøyene
  • Studietur: VIETNAM
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
  • Vintertur til Hovden

ÅRETS HØGDEPUNKT BLIR TUR TIL VIETNAM!

Her ser du eit utval av det vi har gjort og kan få til : BARMARKSFRILUFTSLIV PÅ HARDANGERVIDDA, TOPPTURAR OG SKITURAR OVER HARDANGERVIDDA, SURFING, SUP, KLATRING OG STISYKLING I VIETNAM. Vi bruker Hardangervidda som læringsplass. Nord-Europas største høgfjellsplatå gir oss varierte naturopplevingar og moglegheitar for å oppleve, erfare og lære fjellet å kjenne. Vi krysser den vestlige delen av Hardangervidda til fots med ein herleg avstikker til Hårteigen på turen heimatt mot Lofthus i september, kryssar Hardangervidda på ski i mars, padlar kajakk, klatrar og syklar.