REISA STARTER I HARDANGER
Hardanger folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule på Lofthus i Ullensvang herad. Omkransa som vi er av høge fjell, vidde, fjord og bre så er plasseringa så nydelig som du kan få den i hjarta av Hardanger. Skulen er ein gammal og tradisjonsrik folkehøgskule på ein plass kor det vart starta folkehøgskuledrift allereide i andre halvdel av 1800-talet. Der kor skulen ligg no har det vore uavbrutt folkehøgskuledrift sidan 1917.

FAQ - Ofte stilte spørsmål

Du får svar på søknaden etter 1.februar. Dersom du søker etter den datoen vil du få svar seinast etter eit par dagar dersom søknaden er komplett.

Kor lang er skuledagen?

Den startar 08.30 og varar til 14.15/14.45 på kvardagar. Laurdagar startar den 09.00 og varar til 13.00. Dersom du er på tur er det ingen fast start eller slutt på dagen.

Kor mange timar er obligatorisk undervisning?

På timeplanen har du 29 timar undervisning pr.veka i normalveker. Dersom du er på tur har du langt fleire timar pr.dag og veka.

Kva er morgonsamling?

Alle dagar startar med ei morgonsamling for alle elevar og lærarar. Der vil ein lærar/stipendiat eller ein elev ha morgonsamlinga. Dei snakkar om noko dei er opptatt av, har opplevd, les eit dikt/forteljing etc. Der blir også gitt viktige beskjedar. Morgonsamling vert avslutta med ein song.

Er det innetider?

Nei. Vi praktiserer ikkje innetider, men det skal vera normal nattero frå kl. 23.00 alle dagar.

Er det laurdagsundervisning?

Ja. Det er obligatorisk undervisning dei fleste laurdagane i skuleåret. Det varierer mellom linjetid, seminar og aktivitetar.

Korleis er maten?

Det er god mat på Hardanger folkehøgskule. Alle får tilrettelagt mat i fht matallergiar eller vegetar/veganske tilbod.

Må elevane vaske?

Ja. Elevane må vaske sine eigne rom og fellesrom på internatet. I tillegg vaskar elevane matsal og fellesstova etter tur

Kan vi ha besøk?

Ja. Alle kan få ha besøk så sant vi har ledige rom til å ta imot besøk. Det kostar kr. 200.- pr. natt for den som er på besøk. Då får den alle måltid og eget rom med dyne, pute og sengetøy.

Korleis er det med fråvær?

Det blir ført fråvær når du er borte. Dersom du har legeattest for fråvær eller kroniske plager kan fråvær relatert til det søkjast sletta. Du får dessutan fri dersom du må i gravfred, sesjon, eksamen, etc.

Kva er tilsynsvakt?

Det er ein lærar som er på jobb om ettermiddag, kveld og natt. Den skal alltid vera tilgjengeleg for elevane anten i fellesareala eller på telefon 45612379. Tilsynsvakta slår av lys og låser alle dører før natta.

Er det treningsrom på skulen?

Vi har nokre apparat i tilknytning til gymsalen, men har god avtale med Tunvoll Trimstove som er berre 1 km unna skulen. Der har dei tipp, topp treningsutstyr.

Kor langt er det til næraste butikk?

Bunnpris ligg ca. 1 km unna skulen. Der er det post og apotekutsalg også.

Er det lov å gå på puben?

På laurdagar når det ikkje er obligatorisk arrangement om kvelden (elevkveld, konsert, kosekveld, prosjekt) har du lov å gå på puben. Spør på skulen om reglar knytt til dette.

Er det lov å drikke alkohol på skulen?

Nei. Det er ikkje lov å drikke alkohol på skulens område. 

Kan eg ta med bil?

Vi har god parkeringsplass på tunet.

Er det kino i nærheten?

Krossvoll kino ligg mindre enn 1 km frå skulen. Dei viser film kvar søndag.

Er skulen stengt i frihelgene?

Skulen er åpen med normal drift også i frihelgene.

Når får eg vita kven eg skal dele rom med?

Vi tar opp elevar så lenge vi har ledig plass så romfordelinga vil ikkje vera klar før du kjem til skulen. Vi plasserer alltid elevar som vi trur passar saman på rom saman. Dersom du har lyst til å dela rom med ein spesiell person kan du gi oss beskjed om det i god tid.

Er skulen universelt utforma?

Nei, dessverre. Det er mange trapper og avsatsar her både på internata og i skulebygningen. 

Kan eg få enkeltrom?

Alle våre rom har to senger og er egentlig dobbeltrom. Dei som går på hundelinja får enkeltrom sidan dei har hunden på rommet. Enkelte elevar får einerom dersom dei har spesiell grunn til å få det. Vi har kun få enkeltrom tilgjengeleg.

Kan eg bytta rom i løpet av skuleåret?

Ja. Dersom det er mogleg vil du kunne det.

Kan eg oppbevara alkohol på rommet mitt?

Nei. Det er ikkje lov å oppbevara alkohol på skulens område

Kor store er romma?

Ca. 12 m2. Romma har to senger, skap, kommode, stol og vask. På eit internat er det dusj og toalett på alle romma.

Kor mange deler eg bad med?

På eit internat deler du kun med romkameraten. På dei to andre internata deler du med hhv maks 7 og 8.

Kva må eg ha med når eg kjem til skulen?

Du får tilsendt ei utstyrliste frå kontoret og ei frå linjelæraren din i god tid før skulestart.

Kan eg henge opp ting på veggen?

Dersom du brukar Bluetec så kan du det.

Er det mykje støy på internatet?

Elevane lagar interne reglar i tillegg til at skulen har reglar for nattero som skal forhindra støy.

Er det TV på internatet?

Skulen har ei felles TV-stova.

Er det vaskemaskin på internatet?

To internat deler vaskekjellar i eit bygg, mens det siste internatet har eigen vaskekjellar.

Korleis er uteområdet?

Rundt bygningane er det asfaltert. Vi har i tillegg ein stor og flott hage med grillhytte, badestamp, epletrær, hengekøyer med plass til sport og spill.