BISTAND AFRIKA - ZAMBIA

Bli med til Zambia. Vi jobbar på prosjekt i Lusaka og på landsbygda i Zambia. Bistand i praksis. Innsamlingsaksjonar. Vi besøker bistandsorganisasjonar. Tur til Victoria Falls og Mosi Oa National Park

Om Bistand Afrika - Zambia

Dette er linja for deg som ønsker å forstå meir om utviklingspolitikk og korleis  ein praktisk jobbar med utviklingsspørsmål i land i Sør. Skulen samarbeider med bistandsorganisasjonen FORUT- Solidarititetsaksjon for utvikling. Vi er opptatt av at våre elevar skal forstå kva vår  hjelp og bistand kan bidra til av utvikling for andre. 

I løpet av året vil du få høve til å delta/observere/besøke deira arbeid i Norge og i Zambia.
I Zambia vil vi fokusere på korleis t.d. rus kan være ei fattigdomsfella og eit hinder for utvikling, både for den enkelte og for nasjonen. Vi vil besøke FORUTs partnerorganisasjon SHARPZ. Du vil lære om korleis sivilsamfunnsorganisasjoner jobber opp mot statlige myndigheiter og kva rolle dei tradisjonelle maktstrukturene, gjennom lokale høvdinger, kan bidra til for å setja politikk ut i live.

Vi prøver å forstå den utviklingspolitiske debatten og korleis FN`s  ærekraftsmål kan bidra til global utvikling. Vi lager aksjonar, markeringar og innsamlingar til formål som vi ønsker å bidra til. Ein del av undervisinga kan foregå saman med linja ISB ( Internasjonal Solidaritet og Backpacking ). 

Turen er obligatorisk.
Prisen er inkludert i linjepris
Varighet: 20 døgn

Kven passar linja for?

Linja passar for alle. Spesielt om du er interessert i reising, andre land og kulturar, hjelpearbeid og bistand. Det er ein fordel om du har vore ute og reist før og veit litt om kva som kan møta deg, men det er ikkje eit krav. Har du eventyrlyst, er nyskjerrig på korleis vi kan gjera ein forskjell vil dette vera midt i blinken for deg.
Kan du tenkje deg å vera med på ei reise i Afrika i etterkant av prosjektet? Vi besøker naturparkar, ser på dyreliv og får opplevingar utenom det vanlege.

Våre forventninger til deg

Vi forventar at du har god interesse for dei emna som det blir undervist i, og at du er interessert i bistandsarbeid og kan visa engasjement i forhold til det. Vi forventar at du har god interesse for dei emna som det blir undervist i, og at du er interessert i bistandsarbeid og kan visa engasjement i forhold til det. 

Dette lærer du


  • Dette er tema som vi tar opp i undervisninga: 
  • Bistandsarbeid
  • Innsamlingsaksjonar
  • Fattigdomsbekjempelse
  • Globalt fokus
  • Afrikansk historie og politisk utvikling
  • Afrikansk mat, sang og dans
  • Sosialt entreprenørskap
  • Bistand i praksis
  • Reise og opplevingar i Afrika
  • Lett friluftsliv i Norge
  • Samarbeid med bistandsorganisasjoner, bl.a. FORUT
  • Besøk i nasjonalpark i Zambia
  • Opplev Victoria Falls
 

Sosialt entreprenørskap

Vi jobbar også med sosialt entreprenørskap.
Det vil sei at vi/du tar tak i et bestemt samfunnsproblem og forsøker å etablera ei ny løysing. Ein sosial entreprenør vert driven av det å skapa sosiale resultat, og er opptatt av å organisera aktiviteten rundt løysinga si på ein måte som gir løysinga bærekraft på lang sikt.

Her heima har vi eit solid tenestetilbod frå velferdsstaten, men også den har sine begrensingar. Det eine er å halde tritt med marknaden, raskt nok og nyskapande. Her kan sosiale entreprenører visa vei der dei tar tak i uløyste behov. Her ligg det spanande moglegheiter for deg som elev og for klassen som gruppa. Det er viktig er at vi kan koma opp med løysingar på utfordringar som lenge har blitt forsøkt løyst. Korleis sikrar vi jobb til menneske som ikkje er heilt A4?  Sosialt entreprenørskap er på sitt beste når den ser ressursar der andre ser problem.

For oss er det derfor viktig å be samfunnet vera opptatt av løysingane, målet vi vil nå og dei sosiale resultata aktørane kan vise til, framfor organiseringa. Stadig fleire av dagens studentar verda rundt ynsker å bruka sine tradisjonelle utdannelsar på utradisjonelle måtar, og kombinera sin fagkompetanse med eit sterkt sosialt engasjement. Mange nye forretningsmodellar både med og uten profitt vil sjå dagens lys i  jakta på meining og ein mindre urettferdig verden

Jeff Skoll, som gjennom Skoll Stiftelsen har støttet sosiale entreprenører verden rundt siden 1999 var ein av iverksetterne bak eBay og er også ein av dei første internasjonalt som tok steget frå den reine forretningsorienteringa til å støtta forretningsdrift med sosialt formål.

I nabobygda til skulen skal kommunen i gang med eit større opplegg knytta til å få fleire arbeidsledige ut i jobb gjennom sosialt entreprenørskap. 

BLI MED PÅ BISTANDSARBEID OG FATTIGDOMSBEKJEMPELSE!

Bistandsarbeid Innsamlingsaksjonar Fattigdomsbekjempelse Sosialt entreprenørskap Globalt fokus Afrikansk historie Afrikansk mat, sang og dans Bistand i praksis Reise og opplevingar Lett friluftsliv i Norge Samarbeid med bistandsorganisasjonen FORUT Besøk i nasjonalpark i Zambia Opplev Victoria Falls Historie Fattigdomsproblematikk Bistandslære/politikk Bistand i praksis Afrikansk kultur Zambesike tradisjonar Enkelt friluftsliv i Norge