SISTE OM KORONA OG SKULESTART

SISTE OM KORONA OG SKULESTART

Korona herjar framleis i Norge og verden forøvrig. Vi ber om at du leser deg opp på det vi skriv her for å vera oppdatert før skulestart.



Informasjonsskriv til elevar som skal starta på Hardanger Folkehøgskule i aug. 2021
Om Covid-19
Alle som er friske og som ikkje har symptom på korona er velkomen til skulestart 22.august.
Dersom du har korona eller har symptom på korona ber vi om at du vert heime til du kan visa ein negativ test. Deretter kan du sjekka inn på skulen.
Vi vil unngå å få smitte inn på skulen. Det har vi stor merksemd på, særleg dei første dagane. Difor vert de delt inn i mindre grupper i forhold til måltid, informasjon og oppstartsaktivitet fram til fredag 27.august. Vi ber om at de sjølv tar ansvar for å ikkje ha mykje nærkontakt utanfor klassen din dei første dagane. 
Dersom du ikkje er vaksinert vil skulen hjelpa deg med å ta kontakt med lokalt helsevesen slik at du kan gjera det i Ullensvang kommune.
Foreldre som køyrer elevar til skulen kan hjelpa elevane inn på skulen med bagasje, men må passe på at det ikkje vert trengsel og samanstimlingar på rom og i korridorar. Det er mogleg å opphalde seg utandørs på skuletunet. 
Skulen har sett av eigne rom til bruk for elevar som blir sjuke eller som får symptom på korona. Elevane sjølv kontaktar koronatelefonen dersom dei ynskjer ein test. Telefonnummeret er: 94134126
Vi oppmodar alle om å ta med seg alt dei treng for den første veka. Vaskepulver, toalettsaker og evt.andre ting du vanlegvis treng frå butikken. 
Det vert ikkje mogleg å ta imot besøk på skulen/internatet i 1.semester av skuleåret. Vi kan gjera eit unntak i slutten av november dersom situasjonen tilseier det slik at vi kan arrangere ei foreldrehelg, men utover det er det ikkje mogleg for elevane å ta imot besøk på skulen/internatet.
På same måte ber vi om at elevar unngår å søkje permisjon utan at det er heilt nødvendig. 
Vi håpar på ein smittefri oppstart og eit trygt og godt skuleår ellers.
Beste helsing
Trond Instebø, rektor