SKULESTART 2022

SKULESTART 2022

Velkomen til skulestart 21. august 2022

Skuleåret tek til sundag 21.august. Skulen ligg på Lofthus i Ullensvang kommune, 30 km nord for kommunesenteret Odda og 10 km sør for Kinsarvik i Sørfjorden. Når de kjem til Lofthus og Ullensvang kyrkje, er det skilta til skulen.
Dersom du ynskjer å sjekka inn på skulen laurdag 20. august er det moglegheiter for det. Ta kontakt med oss for å gjera avtale om innsjekk laurdag.

Søndag 21.august er programmet som følgjer: 
10.00 – 12.00 Innsjekk
12.00 – 13.00 Måltid
13.30 Offisiell opning av skuleåret for elevar, foreldre/føresette og tilsette

14. 30 Kaffi og kaker for alle
19.00 Måltid for elevane
20.30 Sosial samling og informasjon

Vi ber om at du melder ifrå på e-post til kontor@hardanger.fhs.no eller telefon 53 67 14 00 i god tid før 10.august om kor mange de kjem til opninga. Dette fordi vi treng å vita talet i forhold til servering.

Treng reisefylgjet ditt overnattingsplass så kan de kontakta følgjande overnattingstader:
Ullensvang Gjesteheim, Hotel Ullensvang, Lofthus Camping eller Kinsarvik Camping. 

 
Velkomen til Hardanger Folkehøgskule og til eit skuleår som vi ser fram til med stor glede!