SKULESTART 2021

SKULESTART 2021

Velkomen til skulestart 22.august 2021

Skuleåret tek til sundag 22.august. Skulen ligg på Lofthus i Ullensvang kommune, 30 km nord for kommunesenteret Odda og 10 km sør for Kinsarvik i Sørfjorden. Når de kjem til Lofthus og Ullensvang kyrkje, er det skilta til skulen.
De står fritt til å koma til skulen frå og med laurdag 21.august kl.14.00 og til og med søndag 22.august kl. 14.00. Vi ynskjer at det blir spreiing i innsjekkinga og at ikkje alle kjem på søndagen med den trengselen det vil medføra. Det vil bli servert enkle måltid til dei elevane som kjem i løpet av helga. Informasjon om dette vil de få ved ankomst.
Søndag 22.august er programmet som følgjer: 
10.00 – 14.00 Innsjekk
14.00 – 15.00 Måltid
17.00 Offisiell opning av skuleåret, kun for elevar og tilsette
19.00 Måltid
20.30 Sosial samling og informasjon

På grunn av situasjonen rundt Covid-19 er vi nøydd til å gjera oppstarten noko annleis i år enn tidlegare år. Vi ber om at kun eleven sjølv og personar i eleven sin husstand blir med til skulen for innsjekk, og vi ber også om at de avgrensar talet mest mogleg.
Du må melda ifrå på telefon 53 67 14 00 i god tid før 20.august om kva dag og tidspunkt du kjem. Dette for at vi skal kunna gjera innsjekk og mottak så godt og smittetrygt som mogleg.
Opningsseremonien vert i år kun for elevar og tilsette på grunn av restriksjonar knytta til Covid-19, men vi vil senda den live på skulen si Facebook-sida. For å sjå dette må du klikke deg inn og like sida.
Treng reisefylgjet ditt overnattingsplass så kan de kontakta følgjande overnattingstader:
Ullensvang Gjesteheim, Hotel Ullensvang, Lofthus Camping, Kinsarvik Camping eller Kinsarvik Hotel.
Velkomen til Hardanger Folkehøgskule og til eit skuleår som vi ser fram til med stor glede!