SKULESLUTTUNDERSØKING - EVALUERING AV 2020/21

Denne undersøkinga gjer elevane på skulen kvart år. Det gir oss eit grunnlag for å sei noko om skulemiljøet, korleis vi treff elevane sine interesser og om vi når skulens mål.

Det er intreressant for oss å sjå kor vi rekrutterer elevar ifrå. Framleis kjem flesteparten av våre elevar frå VG3. Vi ser og at vi ligg stabilt i forhold til kva konkrete planar elevane har for livet etter folkehøgskulen. Vi ligg også på landsgjennomsnittet i fht kva elevane svarar når vi spør om året på fhs har hjulpe å finna ut kva dei skal neste skuleår, sjølv om ein del er usikre også etter at skuleåret er ferdig.
Ja-svara går opp våren 2021 i forhold til om året på Hardanger fhs har fått elevane til å endra meining om kva dei skal etter året på fhs.
Ei anna veldig hyggeleg tilbakemelding er at vi ser at elevane i større grad har fått høgare fagleg utvikling, større gleda ved å lære, høgare samfunnsengasjement og bedre samarbeidsevne etter skuleåret. På alle desse områda ligg vi over eller likt med landsgjennomsnittet. Eit viktig punkt for vår skule er å gi elevane glede av å lære. Der scorar vi høgt og godt over landsgjennomsnittet. Det er vi glad for og stolt over! Vi er også glad for å registrera at elevane vert meir og meir fornøgd med skuleåret. I år svarar elevane på Hardanger 5,2 på ein skala til 6. Det er 0,1 prosentpoeng under landsgjennomsnittet noko vi er kjempefornøgd med. Når det gjeld å anbefala andre å gå på Hardanger fhs svarar elevane 4,3 på eni skala til 5. Det er 0,1%-poeng OVER kva elevane på landsbasis svarar på spørsmålet "Vil du anbefale andre å gå et år på den folkehøgskolen som du selv har gått på dette året"
Les heile undersøkinga her:
Hardanger Folkehøgskule, Skolesluttundersøkelsen 2021.pptx