PÅSKEFERIE 2021

PÅSKEFERIE 2021

På grunn av nedstenging av det sentrale østlandsområdet og andre deler av landet gjer Hardanger Folkehøgskule tiltak for påsken

Elevar som er heimehøyrande i "raude" område, i område som er nedstengt og/eller som har stort smittetrykk vil ha moglegheit til å ha påskeferien sin på skulen. Internata vil halda ope for sjølvhushald slik at dei som, av smittevernmessige grunnar, ikkje ynskjer å reisa heim kan vera på skulen i påskeferien. Vi meiner at dette er rett å gjera i den vanskelege situasjonen som har oppstått over heile østlandet og i andre deler av landet. Det gjer at elevane som er heimehøyrande i slike område kan føla seg trygge her i Hardanger i fht det smittetrykket som er heima.  Personalet på skulen vil halda oppsyn med skulen til ulike tidspunkt i påsken.