Spørsmål om smittevern og folkehøgskule høsten 2021

Vi får spørsmål om det er trygt å gå søke folkehøgskule fra høsten av. Det er det, det treng du ikkje lure på

Det er vanskelege tider med Korona og valg av skule/studier for neste skuleår. Folkehøgskule er kanskje det tryggaste alternativet for hausten. Det er i allefall det mest sosiale alternativet for neste skuleår, og noko heilt anna enn det å sitja på studenthybelen og ha forelesning og gruppearbeid på teams eller zoom. Det er ikkje vanskeleg å forstå. Vi på Hardanger Folkehøgskule har lyst til å hjelpe til i denne situasjonen med å fortelja at dersom du vel Hardanger folkehøgskule skal du vera trygg på at vi tar smittevern på alvor. Vi vil ikkje setja våre elevar i situasjonar der det er fare for å bli smitta. Vi har god dialog med lokale smittevernmyndigheter, og dei får alltid våre smittevernplanar til uttale og godkjenning.
Vi vil også understreka at våre utanlandsturar kjem ikkje til å bli gjennomført dersom det er fare eller mot smittefaglege råd. Vi har gode alternativ innenlands. I år reiser t.d. to klassar til Svalbard som eit alternativ. Dersom du som elev har betalt inn pengar til ein studietur som ikkje blir gjennomført, og der alternativ er umogleg, vil du få tilbakebetalt det du har tilgode.
Du må gjerne skriva/ringa og snakka med oss om dette. Om det faglege innhaldet, om smittevern, om utenlandsturar og moglege alternativ.
Vi står klar til å hjelpa deg med valget ditt. Hugs dette er det mest sosiale skuleåret/studieåret du vil kunne få neste skuleår.
Velkomen!
Helsing Trond Instebø, rektor