OPPDATERT OM SKULESTART 2020

Det blir skulestart som planlagt på Hardanger Folkehøgskule 16.august. Iinformasjon om ankomst er sendt som e-post til alle som skal starte denne hausten. Der går det fram at vi ynskjer ankomst og innsjekk mellom fredag 14.august og søndag 16. august.

Det blir skulestart som planlagt på Hardanger Folkehøgskule 16. august. Vi har sendt e-post med informasjon til alle som skal starte denne hausten. Vi har utarbeidd retningslinjer/handlingsplan som skal gjelda for alle elevar i forhold til oppstart og dei første 10 dagane av skuleåret (karantene), og dersom mistanke om smitte eller faktisk smitte oppstår (sjå lenka; skulestart 2021 rutiner korona covid19.docx). Vi er opptatt av at alle som kjem er friske og ikkje tar med seg smitte til skulen, og det same gjeld for personalet. Alle elevar som startar i august skal vera trygge på at dei blir godt ivaretatt i forhold til smittevern.  Dersom du er smitta eller veit at du har vore saman med nokon som er smitta må du utsetja oppstarten til du er sikker på at du ikkje (lenger) har symptom. 
Vi kjem til å leggja opp til at elevane i dei 10 første dagane skal halda seg mest mogleg på skulen, og ikkje blanda seg i lokalmiljøet. Ullensvang kommune er ein av dei kommunane i Norge som enno ikkje har nokon registrerte smittetilfeller. Vi kjem til å ha utsal av butikkvarer på skulen slik at ingen skal mangle noko. Vi oppmodar likevel alle om å ta med seg vaskepulver, shampoo og andre nødvendighetsartiklar for dei første to vekene når dei kjem til skulen.
Vi kjem til å ha fokus på smittevern og våre planar legg opp til det. Reinhaldet vert også skjerpa slik at ingen skal vera redd for å bli smitta på skulen.

Vi kjem til å setja av eigne rom/lokaler til elevar som viser teikn på smitte eller som blir smitta i løpet av skuleåret.  Vi følgjer sjølvsagt dei råda vi får frå FHI og helsemyndigheitene og vil tilpassa oss dei endringane som samfunnet ellers må tilpassa seg.  Vi følgjer med på utviklinga og ber deg som skal vera elev om å gjere det same. Alle på Hardanger fhs gledar seg til skulestart og til elevane skal koma.

Vær forsiktig så det ikkje skjer deg noko eller at du blir smitta før du skal koma til skulen.

Vi sjåast i august.