Kven passar linja for?

Linja passar for alle. Spesielt om du er interessert i reising, opplevingar, andre land og kulturar. Har du eventyrlyst, er nysgjerrig på korleis vi kan gjera ein forskjell vil dette vera midt i blinken for deg. Vi jobbar på prosjektet "Sjef i eget liv" i Uganda, Kenya og Tanzania der vi bidrar på eit livsmestringskurs for ungdom som har gått glipp av skulegang på grunn av fattigdom. Målet for prosjektet er å gjera ungdomane stolte og sjølvstendige slik at dei etterkvart kan få seg jobb og tena sine eigne pengar. Vi er også innom eit fotballprosjekt i Dar Es Salaam før vi tar ferge til Zanzibar kor vi avsluttar turen. Du får lære bort og får lært nye spel og leikar. 
Vi drar på safari undervegs. Det vil også vera mogleg å gå på bushwalk med lokale masaiar i Maasai Mara i Tanzania.  Du får testa ulike buformer, frå hotell til glamping og enkle jordhytter.  Vi besøker naturparkar, ser på dyreliv og får opplevingar utenom det vanlege. Vi er på reise i fire veker. Øst-Afrika, 3 land på 4 veker.

Våre forventninger til deg

Vi forventar at du har god interesse for dei emna som det blir undervist i, og at du er interessert i nye land, kultur og bistandsarbeid og at du klarar å vera på reise i ein månad. 

Dette lærer du


  • Dette er tema som vi tar opp i undervisninga: 
  • Bistandsarbeid heime og på reise
  • 4 vekers reise i Øst-Afrika
  • Fattigdomsbekjempelse
  • Vi "underviser"/hjelper barn i engelsk 
  • Organiserer og lærer bort leikar frå Norge
  • Innsamlingsaksjonar
  • Fattigdomsbekjempelse
  • Globalt fokus
  • Barnehagebesøk i Afrika
  • "Foredrag" etter reisa
  • Prosjektbesøk i tre land
  • Fotballprosjekt i Dar Es Saalam
  • Treffe utvekslingsstudentar fra Norge og til Norge
  • Strandliv på Zanzibar
  • Besøk heime hos familiar
  • Reise og opplevingar gjennom tre land
  • Afrikansk historie og politisk utvikling
  • Afrikansk mat, sang og dans
  • Reise og opplevingar i Afrika
  • Samarbeid med Strømmestiftlesen
  • Bidra på frivilligsentralen
  • Safari i nasjonalpark Maasai Mara
  • Gjennomføra pedagogikk for de rike-prosjekt
  • Landkunnskap
  • Reiseførebuing
  • Kultur-og kommunikasjon
  • Globale spørsmål
  • Kulturmøter
  • Ville dyr
  • Korleis bruka ville planter i maten i Tanzania

 

Dette opplever du

  • Tre land på fire veker
  • Uganda, Kenya, Tanzania
  • Kampala og Dar Es Saalam
  • Store kontrastar
  • Safari
  • Bushwalk 
  • Maasai Mari
  • Serengeti
  • Victoriasjøen
  • Ville dyr på nært hald
  • Bistandsprosjekt
  • Glamping (telt med dusj og do)
  • Bu i Masaihytter Airb&b
  • Å sjå nye land
  • Besøke prosjekt
  • Besøk i private heimar
  • Naturreservat 
  • Å lære bort leikar du kan
  • Være engelsk-"lærar"
  • Zanzibar
  • Krittkvite strender
  • Storbyar
  • Kjøre gjennom 3 land i Afrika


Mål for linja

Mål for linja; 
  • Kunnskap om den verda vi lever i
  • Økt forståing for ulike livsvilkår og situasjonar
  • Vite korleis bistand virkar
  • Skape engasjement for å endre liv
  • Få nye perspektiv
  • Åpne opp for verden
  • Kritisk tenking 
  • Innsikt i Øst-Afrika, geografi, tradisjon, kultur
  • Få landkunnskap om Uganda, Tanzania og Kenya

Galleri

 

Vaksiner

Du må sjølv sørga for å få tatt dei vaksinene som du treng for reisa. Dette kjem i tillegg til skulepengane. Du kan ta vaksinen hos din fastlege før skuleåret startar eller i ein skuleferie.
Sjekk informasjon om vaksiner hos din fastlege eller på helsestasjonen. 

Lærar

Det vil bli tilsatt ny linjelærar ila våren 2020. 

Pris

Det er dyrt å være på reise så lenge som fire veker. I tillegg kostar det for rom og mat og andre utflukter som du skal på med skulen.

Fra kr 136.600,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Fellestur med Statsraad Lehmkuhl til Orknøyene
  • Studietur: Øst-Afrika
  • Internett
  • Vaskemaskin
  • Sangbok
  • Årbok 
  • Vintertur til Hovden