FELLESTURAR MED HEILE SKULEN

Kvart år har vi fleire godbitar

Vi drar på mange turar gjennom skuleåret. Dei fleste i regi av linja, men enkelte turar er for heile skulen samla. Fellesturane er med å skapa og vedlikehalda deg gode miljøet på skulen.

HAUSTTUR TIL VØRINGSFOSSEN, DAGSTUR
hedlo1
hedlo2
f (14)
hedlo4

Den første fellesturen går til Eidfjord og området rundt Vøringsfossen.  Vi kan går turar i den fantastiske naturen som er rundt fossen, eller berre nyta utsikten frå platået.

Den neste går opp lia frå skulen der vi kan telta, setja opp gapahukar eller sova under open himmel. Herifrå er det også mogleg å nå Dronningstien og fossen Rjukande med ein utsikt som gir deg sug i magen.

MYRKDALEN /HOVDEN- VINTERTUR

liseth1
myrkdalen5

Mot slutten av vinteren, men likevel medan det enno er rikelig med snø i fjellet, flyttar vi oss til Myrkdalen i Voss kommune. Dette ligg ved foten av Vikafjellet, vegen som går mellom Voss og Vik i Sogn. Eit fantastisk skieldorado med mange heisar og nedfartar i alle vanskegradar. Eventuelt drar vi til Hovden i Setesdalen. Uansett så tar vi inn på ei fjellstove og blir i 3 dagar for slalom, skigåing, aking og anna moro i vinterfjellet. På denne tida har sola begynt å ta godt – så du skal ikkje sjå bort ifra at du kan få den ultimate påskestemningen i bakken/løypene.

Enkelte år har dette tilbodet blitt gitt som eit valfritt tilbod, og ikkje vore på årsplanen.

I tilknytning til skisenteret finn ein preparerte langrennsløyper og eit flott terreng for fjellski og toppturar.  Med snø og terreng i alle variantar og effektive heisar ligg alt til rette for gode skiopplevingar!

Dersom du ikkje har mykje efaring med ski vil du kunne få det i enkle løyper/bakkar.  Dalen innbyr også til flotte turar på langrenn, anten vi går på topptur eller i løypene i bjørkeskogen. Klassisk og skøytetraseear. Utleige av slalomski/brett. Langrennski må du ha sjølv.

ROMA, TOSCANA, PISA OG CINQUE TERRE – VÅRTUR – 5 DAGER
roma3
roma5

Det er mange grunnar til å reise til Roma, så årets avslutningstur blir fullpakket med spanande opplevingar. Vi besøker kjente turistattraksjoner, gjennomfører skattejakt i Roma, tar buss gjennom Toscana til Det skeive tårnet i Pisa og i tillegg drar vi inn i Unesco-området Cinque Terre. Her er det fleire hundre år gamle landsbyar som klamrar seg fast til fjellsida med idylliske bygningar, trange smug, og vakker italiensk natur. Gled deg til ei unik reise.

kontaktrund4_2x
Lurar du på noko om fellestruar?

Ta gjerne kontakt med skulen:

Trond Instebø
920 38 505
trond.insteboe@hardanger.fhs.no