skulen1
skulen2
skulen3
IMG_4969

OM SKULEN

Reisa starter i Hardanger

Hardanger folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule på Lofthus i Ullensvang herad. Omkransa som vi er av høge fjell, vidde, fjord og bre så er  plasseringa så nydelig som du kan få den i hjarta av Hardanger.

Skulen er ein gammal og tradisjonsrik folkehøgskule på ein plass kor det vart starta folkehøgskuledrift allereide i andre halvdel av 1800-talet. Der kor skulen ligg no har det vore uavbrutt folkehøgskuledrift sidan 1917.

Skuletunet består av 5 bygningar, der den største er Hovudbygningen som heng saman med gymsalen. I Hovudbygningen er det internat med 16 elevrom i toppetasjen, klasserom i 1.etasje og matsal i underetasjen. Stor daglegstove med gymsal og handverksrom er knytta saman med denne bygningen. I kjellaren finn du eit lite treningsrom som også vert brukt til luftgeværskyting.

Rundt Hovudbygningen ligg dei to andre internata, rektorbustaden (kor stipendiatane bur) eit gamalt hus frå mellomalderen, stall og ridebane i kun få skritts avstand til kvarandre. Omtrent like kort avstand er det til fotballbanen (kunstgras).

Hagen er stor med både plomme, morell – og epletre. God plass til aktivitetar og med vedfyrt badestamp.

Personalet består av dyktige fagfolk med lang fartstid i folkehøgskulen. Dyktige lærarar som er veldig opptatta av – og interessert i faget sitt, kokkar med fartstid både frå hotell-og restaurantdrift. Ein reinhaldar som kombinerer reinhaldet med jobb på kjøkenet, ein vaktmeister som hjelper deg med alt du treng hjelp til og ein kontorfullmektig som hjelper til i alle praktiske spørsmål.

Administrasjonen sørger for å  tilrettelegga det heile slik at du kan få mest mogleg ut av skuleåret ditt på Hardanger folkehøgskule.

Hardanger folkehøgskule er ein open og inkluderande skule som set eleven i sentrum. Vi har god erfaring i å skapa godt miljø på skulen, og legg vekt på at alle skal føla seg inkludert og trygg.

kontaktrund4_2x
Lurar du på noko om skulen?

Ta gjerne kontakt med skulen:

Trond Instebø
920 38 505
trond.insteboe@hardanger.fhs.no