OPPTAK 2017

Den 15.februar er første opptaket av elevar til hardanger Folkehøgskule over. Då er svarfristen ute for dei som fekk tilbod 1.februar ute. 

Vi lurar på korleis det har gått, og spurte rektor om det.

 

Kelly Chan sitt bilete.

Korleis har det gått med opptaket dei første 14 dagane av opptaksperioden?

  • Det har gått strålande! Halvparten av alle skuleplassane er allereide opptatt og ei linje er så godt som fylt opp allerede.

Er dette raskt samanlikna med andre år?

  • Ja, det er det forsåvidt. Vi har nok ikkje lagt så høgt pr.15.februar dei siste 10 åra, så dette lovar svært godt for opptaket.

Hundelinja er nesten fylt opp seier du. Korleis går det med dei andre?

  • Dei rekrutterer meir normalt. det vil sei at dei er frå 1/3 til 1/2-fulle. Litt variasjon frå linja til linja. men med denne responsen så vil skuleplassane forsvinna fort.

Kva betyr det?

  • Det betyr at dersom nokon vurderer å søkje så bør dei bestemma seg fort. Eg anbefalar alle som spør om å søkje fort slik at dei kan sikra seg ein plass på det den linja dei vil. Det blir for dumt å bli sein, for vi tar inn elevar etterkvart som søknadane kjem inn.

Kva skjer når ei linje er full? Er alt håp ute då?

  • Det blir oppretta ventelister på alle linjer, for det kan skje endringar utover våren og sommaren. Særleg ser vi det i dei periodane som opptaket til millitæret og høgskulane foregår. Vi tilrår difor alle å følgja med på www.folkehogskole.no på dei enkelte linjevalga for der vil det stå om det er ledige plassar eller evt.ventelista, men det er berre å søkje sjølv om det står venteliste på nettet. Er du kvalifisert blir du plassert på ventelista i den rekkefølgen søknaden kom inn.