lofthus

LOFTHUS I HARDANGER

VELKOMMEN TIL FRUKTBYGDA

Lofthus er ei lita vakker bygd ved Sørfjorden i Hardanger. Lofthus sentrum har butikk, kiosk, frisør, kino, treningsstudio, pub, lege, tannlege og den berømte «kirken på tangen» frå Tidemann og Gude sitt maleri «Brudeferden i Hardanger».Lofthus er ei av dei viktigaste fruktbygdene i landet og mange dyrkar eple, pærer, plommer og moreller. Her finn vi det største fruktlageret i Norge og eit nasjonalt senter for forskning på frukt og bær.

fruktbygda

Den største arbeidsplassen på Lofthus er Hotel Ullensvang, der dei tilbyr bowling, squash, svømmeanlegg, solarium og tennishall. Like ved folkehøgskulen ligg ein stor kunstgrasbane der det lokale fotballaget, Harding, spelar heimekampane sine. I klubbhuset ved sida av banen er det ein innandørs miniatyrskytebane. Ti minutts køyring frå Lofthus ligg Kinsarvik idrettshall. Lofthus ligg mellom to større sentrum, Odda og Voss.

tilhardangervidda

I lia opp frå Lofthus går ein av dei gamle ferdslevegane over fjellet. Når du kjem opp på kanten er du på Hardangervidda, eit av dei flottaste høgfjellsområda i landet. Her opnar det seg fantastiske turområde med toppar, fiskevatn, jaktterreng og enorme vidder innover fjellet. Den mest kjente turen er Dronningstien som går over fjellet ifrå Lofthsu til Kinsarvik.

kontaktrund4_2x
Lurar du på noko om skulen?

Ta gjerne kontakt med skulen:

Trond Instebø
920 38 505
trond.insteboe@hardanger.fhs.no