Hardanger Folkehøyskole

Hardanger folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule på Lofthus i Ullensvang herad. Omkransa som vi er av høge fjell, vidde, fjord og bre så er plasseringa så nydelig som du kan få den i hjarta av Hardanger. Skulen er ein gammal og tradisjonsrik folkehøgskule på ein plass kor det vart starta folkehøgskuledrift allereide i andre halvdel av 1800-talet. Der kor skulen ligg no har det vore uavbrutt folkehøgskuledrift sidan 1917.

Husk at du kan søke allerede nå!

Hardanger Folkehøyskole 2018-2019

Send søknad

COSPLAY - JAPAN

Likar du cosplay? På denne linja får du sjansen til å lage egne kostymer og du får jobbe frå ide til ferdig produkt. Du får lære å sy, lage armor og props til kostymer. Du får leve og jobbe saman med andre med felles interesse. Vi reiser til ulike cons i inn og utland. På klassens Facebooksidekan du lesa om turar, kurs og arrangement som Cosplayklassen har deltatt på.

Søk nåMer om linjen

Jakt - Med storvilt i sikte

Jaktlinja drar på jakt der det er noe å jakte på. Vi jakter villrein, elg, hjort, rådyr, sel, villsvin, bever og også gaupe – om kvote og sporforhold klaffer. Innimellom blir det også noe jakt på hare og rev, samt mårfangst. Linja har hatt et imponerende jaktutbytte og vi har felt både villrein, elg og villsvin hvert år, og hjort har vi også fått de siste årene, men den er vanskelig å få i bratte vestlandslier.

Søk nåMer om linjen

HUNDELIV

Dette er den einaste hundelinja i sitt slag i Norge. Her kan hundeeigarar ta med seg hunden sin til skulen, trena den og tilbringe mykje tid med den i løpet av folkehøgskuleåret. Dette passar perfekt for deg som ynskjer å vera aktiv med hunden din. Du treng ikkje ha ambisjonar om å konkurrera med hunden din, men det passar for deg som vil det også. Du vil lære om hundar både i teoretisk og praktisk undervisning. Teoriundervisningen vil støtta seg til oppdatert forskning. Vi brukar belønningsbasert trening i alle sammenhenger.

Søk nåMer om linjen

IDRETT - ACTION

På Idrett-Action får du en blanding av allsidig idrett og en rekke action-aktiviteter som tandem fallskjerm og paragliding, via ferrata, rafting, strikkhopp og skikjøring. Du vil komme i bedre form og oppleve stor variasjon i skolehverdagen, og lære om tema som f.eks treningsledelse, egentrening, teknikk og toppidrett. Kjør en fjellside i puddersnø,sitt å dingle med beina på kanten av Trolltunga, ta din første salto på trampett, vinn en fotballkamp, og mye mer. Du kommer ikke til å kjede deg!

Søk nåMer om linjen

FRILUFTSLIV

Ynskjer du å utfordra deg sjølv og testa dine eigen grenser – åleine eller saman med andre? har du interesse for og lyst til å vera aktiv ute i naturen? Ynskjer du å bruka Noreg som di leikegrind – sommar, haust, vinter og vår? Vil du bli kjent med deg sjølv gjennom eit unikt fellesskap? Vil du vera aktiv – på lag med naturen? Vi er på kryss og tvers, høgt og lavt og leverer eit friluftsliv for alle! Vi drar til Svalbard for å fordjupa oss i vinterfriluftsliv og få kjenna litt på det arktiske klimaet. Dette er eit fantastisk område som du kjem til å forelska deg i. Vi har også ein tur til Vietnam kor vi får gjort sommarfriluftsliv ( frivillig tur ). Her får du vandra i fantastisk natur, skog og fjell, padla blant klipper og drive stisykling på plassar du kanskje ikkje besøker igjen nokon gong.

Søk nåMer om linjen

INTERNASJONAL SOLIDARITET OG BACKPACKING

Vil du oppleve Myanmar og få Thailand på kjøpet? Har du lyst til å reise til Cuba? Kan du tenkje deg å planlegge di eige backpackreise i Øst-Europa? Likar du å reise og sjå for å få ny innsikt i og kunnskap om kva som skjer/har skjedd? Er du opptatt av spørsmål om fordelinga av godene i verda, fattigdom og overflod. Vil du gjerne skjøna samanhengar og årsaker, t.d. i saker om ekstremisme og terror? Vil du i det heile tatt forstå verda litt betre?

Søk nåMer om linjen