LEDIG STILLING – LÆRAR INTERNASJONALT SOLIDARITETSARBEID

LÆRAR – INTERNASJONAL SOLIDARITET OG BACKPACKING

Hardanger Folkehøgskule er ein tradisjonsrik frilynt folkehøgskule på Lofthus.

Vi legg vekt på å skapa eit godt, trygt og inkluderande miljø som alle skal kunne trivast i.

Hardanger fhs er ein allmenndannande skule som skal gjera ein skilnad i ungdommens liv. Å skapa trivsel og læring for elevane er ein nøkkelfaktor for alle tilsette.

Skulens verdiar er;

Likebehandling

Samhold

Læring

Engasjement

Vårt grunnleggjande menneskesyn er at alle er likeverdige, uansett bakgrunn og sosial status

 

På skulen vektlegg vi bl.a;

Samarbeid, engasjement, læringsglede, fellesskap, likebehandling, samhold og utvikling.

Vi har eleven i sentrum og vektlegg erfaringslæring.  Undervisninga skal vera praktisk retta utfrå ein solid teoribase. Elevane skal utvikla seg både fagleg, sosialt og personleg ila året og læraren skal tilretteleggja for dette.

Vi har ledig 100 % stilling for skuleåret 2017/18, med moglegheit for forlenging på :

 

INTERNASJONAL SOLIDARITET OG BACKPACKING

Internasjonal solidaritet og backpacking er eit nytt linjetilbod frå skuleåret 2017/18. Globalt fokus, internasjonal politikk, demokratiutvikling, fattigdomsproblematikk, bistand og solidaritet vil vera sentrale tema.

Myanmar og Cuba er hovudreisemål for linja og vi ser etter ein person som har sentrale kunnskapar om minimum ein av desse destinasjonane. I tillegg må du har interesse for og kunnskap om internasjonal politikk, konfliktområde og konflikttema i vår tid.

 

Linjelærar har stor fridom til å utvikla og forma innhaldet på linja. Du må ha pågangsmot, arbeidsvilje, kunnskapar og reiselyst. Du må vera glad i å formidla dine kunnskapar til elevane og ha eit godt lag med ungdomar. Du har ansvaret for det fagleg og det sosialpedagogiske innhaldet på linja. Det er viktig å kunne byggja eit godt miljø.

Du må pårekna mange reisedøgn i dette arbeidet. Det er tillagt sosialpedagogisk arbeid med tilsynsplikt til stillinga.

 

Du har:

  • Reiseerfaring
  • Kunnskap om internasjonal politikk og kultur
  • Kjennskap til og kunnskap om Cuba og Latin-Amerika, og/eller Myanmar og Sørøst- Asia

 

Du

  • er ein inspirerande formidlar og glad i å reisa
  • er ein tydeleg og aktiv klasseleiar
  • har fokus på relasjonsbygging og gode miljø
  • likar å arbeida i team
  • er fleksibel i fht arbeidstid
  • snakkar spansk

 

Kvalifikasjonar:

  • lærarutdanning/godkjent undervisningskompetanse med pedagogikk
  • internasjonal politikk, samanliknande politikk
  • interkulturell forståing, samfunnsgeografi
  • sosialantropologi
  • vi legg stor vekt på at du er personleg eigna for jobben.

 

Oppstart 1.august 2017

Spørsmål om stillinga skal rettast til rektor Trond Instebø, tlf.  53671400 / 92038505. Søknad med CV og referansar skal sendast til kontor@hardanger.fhs.no

Søknadsfrist ; 2. mai 2017