LEDIG STILLING – LÆRAR COSPLAY

Hardanger Folkehøgskule er ein tradisjonsrik frilynt folkehøgskule på Lofthus.

Vi legg vekt på å skapa eit godt, trygt og inkluderande miljø som alle skal kunne trivast i.

Hardanger fhs er ein allmenndannande skule som skal gjera ein skilnad i ungdommens liv. Å skapa trivsel og læring for elevane er ein nøkkelfaktor for alle tilsette.

Skulens verdiar er;

Likebehandling

Samhold

Læring

Engasjement

Vårt grunnleggjande menneskesyn er at alle er likeverdige, uansett bakgrunn og sosial status

 

På skulen vektlegg vi bl.a;

Samarbeid, engasjement, læringsglede, fellesskap, likebehandling, samhold og utvikling.

Vi har eleven i sentrum og vektlegg erfaringslæring.  Undervisninga skal vera praktisk retta utfrå ein solid teoribase. Elevane skal utvikla seg både fagleg, sosialt og personleg ila året og læraren skal tilretteleggja for dette.

 

Vi har ledig 80 % stilling for skuleåret 2017/18, med moglegheit for forlenging på :

COSPLAY – JAPAN

Cosplay er eit linjetilbod som skal ivareta elevane si skapartrang og deira kreative evner innan søm og cosplay.

Elevane skal få opplæring i søm, worbla, EVA foam, FX sminke og parykkstyling, m.m. I tillegg skal dei laga kostymer som dei skal ha på seg på cons.

Dei skal kunne laga og tilpassa mønster til t.d. kjolar, korsett, toppar el.l.  Dei lærer grunnleggjande sy-teknikk slik at dei kan sy kjolar, bukser, jakker, etc.

Vi ser etter ein erfaren cosplayer som har:

  • Erfaring frå events og work-shops i cosplay
  • Erfaring i drama og performance
  • Gode søm-og/eller kunnskapar om dei materiala som ein brukar i cosplay
  • Eigen erfaring frå cons og konkurransar
  • Kjennskap til cosplaymiljø og cons
  • Kjennskap til manga og anime
  • Kunnskap om teknikkar du treng for å laga kostyme og ulike cosplay, t.d. worbla og EVA foam

 

Realkompetanse kan vega opp for manglande pedagogisk utdanning.

Du må rekna med ein del reisedøgn i jobben. Det er tillagt sosialpedagogisk arbeid med tilsynsplikt til stillinga.

Søknadsfrist 2.mai

Søknad med CV og referansar skal sendast til kontor@hardanger.fhs.no