internat1
internat2
internat3
internat4

INTERNAT

Litt om det å bu på skulen

Skulen har tre internat som alle ligg nær knytta til klasserom, matsal og daglegstove. Eit av internata har dusj og toalett på kvart rom, medan dei to andre internata har dusj og toalett på gangen der du delar med andre elevar.

Å bu på internat er nesten som å bu i eit stort kollektiv der du har ditt eige rom saman med ein annan elev. Der skal du kunne sove trygt og godt og kvile ut. Noko av det mest spennande med å starte på folkehøgskule er å få «tildelt» ein romkamerat eller romveninne. Dette er mest sannsynleg eit menneske du ikkje har sett før men det tek garantert ikkje lang tid før de er godt kjent.

På internatet er det eit yrande liv av folk som skal få setja preg på livet ditt dette året. Du får lære å omgås andre, ta hensyn og vi skal alle vera med på å skape ein hyggeleg heim for kvarandre.  Internata er sosiale arenaer der det skjer mykje moro og mykje kos.

Sjølv om det er mest vanleg å bu på dobbeltrom på alle folkehøgskular, har skulen  også nokre enkeltrom til disposisjon. Det går an å ha ta besøk som kan bu på eit av skulens gjesterom og betale kr 200 pr døgn.

Alle internata arrangerer internatmøte der ein kan ta opp utfordringar som oppstår og snakkar om det å bu saman. Du kan bu på skulen i frihelger, men i alle feriar er internatet stengt. Alle internata har internettillgang.

På internatet er det eit yrande liv av folk som skal få setja preg på livet ditt dette året.

kontaktrund4_2x
Lurar du på noko om skulen?

Ta gjerne kontakt med skulen:

Trond Instebø
920 38 505
trond.insteboe@hardanger.fhs.no