stocksnap_02g9ymwbaq
myanmar
kulepunkter-internasjonal
myanmar2

INTERNASJONAL SOLIDARITET

OG BACKPACKING

Vil du lære å forstå verden litt bedre? Då er dette linja for deg!

Vil du oppleve Myanmar og få Thailand på kjøpet?

Har du lyst til å reise til Cuba med ein innlagt stopp i Miami?

Kan du tenkje deg å planlegge di eige backpackreise i Øst-Europa?

Likar du å reise og sjå for å få ny innsikt i og kunnskap om kva som skjer/har skjedd? Er du opptatt av spørsmål om fordelinga av godene i verda, fattigdom og overflod. Vil du gjerne skjøna samanhengar og årsaker, t.d. i saker om ekstremisme og terror? Vil du i det heile tatt forstå verda litt betre?

Vi jobbar med konfliktforståing, årsaker til krig, internasjonal politikk og dykker ned i enkeltkonfliktar for å prøve å forstå det som foregår på ein betre måte. Vi gjennomfører utenrikspolitiske reiser og drar til områder som har vore herja av krig/konflikt for å sjå med eigne auge og snakka med vitner om det som har skjedd. Vi går inn i organisasjonar for å lære meir av deira arbeid og vi hentar inn/oppsøker gode forelesarar på fagfeltet.

Har du interesse for internasjonale og politiske spørsmål? Vil du skjøna meir av det som foregår utenriks? Kvifor blussar konfliktar opp mellom statar, folkegrupper, ulike nasjonalitetar, etc. Kva har historie, tradisjonar og kultur å sei for dette?

DETTE LÆRER DU;

Ved å opne opp og forstå vil du få mykje ny kunnskap om internasjonale, politiske spørsmål. Sidan vi brukar «sjå og forstå» – metoden vil det også gi deg ein unik innsikt og bakgrunn for dei spørsmåla/tema vi tar opp. Engasjement og forståing for internasjonale spørsmål er eit viktig signal utad til studieplassar og arbeidsgjevarar.

Du lærer blant anna politisk teori ( samanlikning av ulike politiske teorier ) og forstå politikk og dens innvirkning på alt rundt oss, og kva det kan føre til av gode og dårlege vilkår for folk og land. I dette er sjølvsagt internasjonal politikk eit sentralt tema. Kulturforståing er eit anna stort tema. Skal vi klare å forstå verda er det viktig at vi har god kunnskap om dei ulike kulturane som fins og korleis dei kjem til uttrykk og kva som skiller kulturar frå kvarandre og derfor er grobunn for konfliktar. På same måte er det med religionar. Vi set oss godt inn i radikalisering og terrorisme. Kva gir grobunn for terrosisme og kva typar terrorisme fins. Du får og lære om konfliktsaker knytta til bruk av eller mangel på naturressursar. Vi går også inn på fiendebilete i verda i dag, på fattigdomsproblemet som årsak til konfiktar og på kva problem som er knytta til minioritetsproblematikk.

MÅL FOR LINJA
  • Gi opplysning og kunnskap om verda vi lever i
  • Auke forståinga for konfliktar og bli meir bevisste på dei konfliktane som oppstår/pågå
  • Skapa engasjement
  • Få nye perspektiv
  • Åpne opp for verden
DETTE LÆRER DU OM
  • Terrorisme
  • Ekstremisme
  • Religionskonfliktar
  • Kulturforskjellar
  • Solidaritetsarbeid
  • Bistand
  • Fattigdomsproblematikken
  • Politikk
  • Fredsarbeid
  • Landinformasjon
DETTE OPPLEVER DU

Ei fagleg oppdatering på interesseområdet. Du opplever spennande og interessante forelesarar, besøk i område som har vore herja av krig eller konflikt. Du kan også få oppleva å dra til område som framleis er i konflikt med den spenninga som er knytta til det. Du vil få oppleva storpolitikk når vi besøker organisasjonar eller politiske parti.

I tillegg til alt det du opplever i forhold til forelesningar, gruppearbeid og rollespel i sjølve faget vil du oppleva:

  • Myanmar og Thailand
  • Cuba og USA
  • Øst-Europa
  • Tidsvitner som vil fortelja om sine opplevingar
  • Besøk hos organisasjonar
  • Sjå og høyra spor etter nylege konfliktar
  • Besøk i område med pågåande konflikt
  • Studiereiser/Backpacking ( Utenrikspolitiske reiser )

EG VIL SØKJE PÅ DENNE LINJA

cuba2
stocksnap_knc1ct9fwq
cuba1

Bli med på spennande reiser!

Opplevingane ventar på deg! 

Aktuelle reisemål for studietur er førebels:

Thailand ( Bangkok og landsbygda )

Myanmar

USA ( Miami – det eksilkubanske miljøet )

Cuba

Øst-Europa

DSC_0167~3
Lurar du på noko om linja?

Ta gjerne kontakt med skulen:

Trond Instebø
92038505
trond.insteboe@hardanger.fhs.no