Hardangerviddakryssing med ski og pulk.

IMG_2930

Hardangerviddakryssing med ski og pulk.

Det er tidleg torsdagsmorgon i slutten av februar. Anders (19) spenner på seg skia etter havregrautfrukosten og utvasken av Stordalsbu. Han og klassen har kome seg to dagar av garde på tur over Hardangervidda. Bak dei ligg mange timar med planlegging, framfor ligg vegen til målet, nemleg Kinsarvik. I heile vinter har klassen førebudd seg til denne turen med skitrening, telting i snø, snøholegraving og ein god porsjon orientering. Gruppa har med seg to pulkar, og telt til heile klassa, mat for 10 dagar, brensel og kokeutstyr. Bakerst i gruppa går pulkane, med kvar sin ”dyttar” i dei verste stigningane.

IMG_6458

Siri og Tine grev kantgrop.

 

Planen med å gå denne vegen vart einstemmig vedtatt tidleg i Januar. Kvifor? – ”Vi vil sjå mest mogleg av Hardangervidda, seier Karen og ser utover Stordalen.  Vi har granska kart, sjekka logistikkutfordringane, tørke mat og sjekka utstyret, no er vi klare. Og i gang. ”

 

Starten på tysdag var frå Rjukan Fjellstue, og ferda har så langt gått godt. Kun nokre små gnagsår og ein liten reparasjon på ein pulk er hindra som har stått i vegen.

IMG_0941 - Kopi

Espen og Daniel reparerar det knekte pulkdraget.

 

 

I dag har veret tetna litt til, men det er fortsatt grei sikt vestover mot Lågaros. Kvistinga har ikkje starta enda, så orienteringa må dei stå for sjølve.  Anders har sett seg ut eit oppfangspunkt nordvest frå hytta som ligg på kursen vidare denne februardagen. Lærar Per Jørgen sjekkar at hytta er i orden før han tar att døra, spenner på seg skia og plasserar seg bakerst i gruppa. Han er mest med som rådførar, for dette er elevanes prosjekt. Det er dei som har ansvaret for planlegging, gjennomføring og evaluering av turen.

 

I løpet av dei to første dagane har dei ikkje sett nokon andre skifararar på fjellet, berre ein oppsynsskuter på lang lei.

 

Skiføret er formidabelt. Skia glir godt på den harde snøflata med litt styresnø oppå. Det er rett og slett lite kraftanstrengende å ta seg fram denne dagen. Før den første timen har gått, så har dei tatt seg fram 4 kilometer. Anders tar ein kontrollert telemarksving rundt pulken og spør korleis det går med pulkdragarane. Smilet som møter han forteljer meir enn tusen ord: ”Vi har det veldig bra”, høyrer han bak rimete hår og skjegg.

 

Natta som kjem skal dei ligge i telt litt vest for Lågaros. Hytta er der som ein backup om veret skal slå seg vrangt eller noko ufortutsett skal dukke opp, men dei føler at dei har kontroll over situasjonen og er innstilt på å få opp teltet før mørkret kjem.

IMG_2884

Middagen serverast i teltet, og trøtte elevar inntar draumeland.

 

Til den tid må dei forsere to mil i relativt greit terreng, sjølv om dei neste kilometerane byr på litt stigning. Men dei er i form, og dei er motiverte til å klare sitt prosjekt. Starten har gått greit så no venter bare fortsettinga. Anders gir beskjed om at dei no skal gå vidare. ”Kinsarvik” roper han, mens han glir majestetisk bortover vidda…