Frisq til fjells – den første teltovernattinga i vinterfjellet.

Måndagsmorgon reiste Frisq (Friluftsliv og Resq) til fjells for å bli betre kjent med fjellet. Haukeliseter vart utgangspunktet da vinden herja med rv 7. På Haukeliseter møtte vi ein gamal kjenning av oss som var med som ekstra mannskap, Elisabeth Nilsson. Vi dela klassene kvar for seg. Resq fekk erfaring med å flytte seg på ski i fjellet, mens Friluftsliv fekk ei god utfordring med å navigere i tildels svært dårleg sikt. Sjølv om Rasmus vart geleida ut for ei skavl, så må vi seie at dette gjekk bra!

 

IMG_6112    IMG_6102

 

Så bar det til fjells for å få erfaringa med å overnatte i telt, vinterstid. Klassene gjekk kvar sine vegar, og kom opp omlag samstundes til leirområdet. Er det raskast å gå den kortaste vegen? Lærarenga dei fleste ein god latter da skie hans knakk da klassene møtte kvarandre. Takk for reprasjonssett med skruer og skrutrekker. Gode tips å ha med seg til seinare. Leiren vart sett opp med levegger, kjøkkengroper og utedass. Ein liten landsby på fjellet med 6 telt og 20 par ski stikkande opp kring teltveggane. Eller 19 ½ for å vere heilt ærlege.

 

IMG_6091

 

Prosessen vidare gjekk mot snøprofiler, tårnbygging og ein skulpturkonkurranse som Halvor og Marie vann med sin giraff. Temaet var nemleg «dyrene i Afrika». Kva gjør ein for å få det komfortabelt i teltet på vinteren? God utstyrskontroll, ein god latter, stearinljos, varm middag, aktivitet som gir varme før ein legg seg, kanskje ei varmeflaske og tørt skift. Og natta vart kald. Omlag 10 minusgradar er friskt, men ikkje uvanleg. Det positive er at ein kan vakne opp til ein fantastisk morgon med blå himmel og sol på toppene i eit jomfruleg område. Det er ingen verst start på dagen!

 

IMG_6093

 

Takk for turen.