Friluftslivets år, så langt.

Ein innhaldsrik og turaktiv periode er snart over for Friluftslivsklassa. Til helga starter haustferien og vi kan sjå attende på 9 telt overnattinger og ei natt under open himmel.

IMG_5148

 

Første linjeveke så var vi i lag med Resq-klassa opp på fjellet frå skulen. Lia her er seig, lang og bratt, men da du kjem opp så er du inne i Hardangervidda Nasjonalpark. Og for ei utsikt. Første natta så lag vi under open himmel i lia, laga suppe på bål, og fekk samla oss kring grytene. Så bar det til fjells, og der møtte vi haustveret. Vind. Regn. Kombinasjonen teltoppslåing for beginners og sterk vind er ikkje lett. Læraren vart vekt morgonen etterpå: « telte vårt er fucka!». Jaja. Knekt teltstang, øydelagd glidelås i døra, og ein altfor spiss stein på ei stormmatte som ga hol i duken. Gode råd var dyre i vindinfernoet, men vi braut leir og tok oss inn til ei hytta til ein snill stølseigar og fekk slått opp telt i le, samt at dei telta som hadde fått juling, fekk ligge inne. Jaja, det er ein erfaring det og. «Vi tok det sporty!». Elevane skulle fiske sin eigen middag ein dag, og takket vere nokon ildsjelar, så gjekk det i havn, men det var vel meir spanande å bli kjend med nye klassekameratar enn å fryse fingrane av seg på fiske.

Etter to netter der, ein topptur og brevskriving til oss sjølve, så kom vi attende til resten av skulen på fredagskveld. I solskinn.

 

Fiskesprettkasting i solnedgang.

Fiskesprettkasting i solnedgang.

 

Hedlo- Hårteigen- Trolltunga- Skjeggedal

 

Etter fellesturen til Hedlo, så gjekk vi i Friluftsklassa ein gedigen omveg attende til skulen. Under heile opphaldet på Hedlo, så blinka «den grå vegvisaren» også kalla Hårteigen, klart og tydleg i horisonten. Han er synleg frå det meste av Hardangervidda, men er ikkje lett å nå. Vi skulle dit. Vi kom oss ikkje dit. Kvifor? Enorme mengder med snø i den einaste renna som er rå å komma opp, samt sterk vind og 50 meters sikt. Avstemninga for å gå på plan B vart 6-2. Sterk vind var og fellesnevnar for denne turen, no kombinert med regn. Uansett: tøft ver gir meir læring om seg sjølv og sine rutinger og utstyr, så det var igrunn heilt greit. Vi gjekk i fire dagar etter Hedlo. For kvar dag, så var det eit telt som leia dagen. Det var mest orienteringa som var sentral, men også om å ta vare på gruppe med tempo, pausar og vegval.

Halvor, Lars og Marius rådfører seg om vegval.

Halvor, Lars og Marius rådfører seg om vegval.

Nokon dag var lettare enn andre, men diskusjonane i telta etter dagen ga ein del svar på forskjellige val i løpet av dagen. Orienteringa fungerte veldig bra, men det var eit terreng som var vanskeleg å leggje fornuftige vegval i. Det var fleire toppar og senkningar som ikkje syntast på våre høgdekvoter, men det er ein god erfaring det og. Fram kom vi.

 

"Det var så kaldt at blodet fraus til is"

«Det var så kaldt at blodet fraus til is»

Vi kom oss til Trolltunga, der 60 000 andre har vore før i år. Vi var dei første denne dagen i og med at vi låg 1 kilometer i frå ho i telt. Heile turen frå Hedlo til Trolltunga ga oss eit svar på at «ja, det ligg mykje snø i fjellet for tida». Det var til hinder, men også til hjelp, da ein skulle krysse dalar eller komma seg ned i terrenget. Trolltunga har jo vorte ein turistattraksjon for fullt dei siste åra. Vi var aleine klokka 9 om morgonen.

 

Hoppeklassebilde

Hoppeklassebilde

Ein titt utover kanten.

Ein titt utover kanten.

I og med at ein person datt ned der for bare nokre veker sidan, så tok vi det piano. Selfier og klassebileter vart tatt under ein lav sko, og erkjennelsa av at ein er liten i verda var teljande. For å sjå på fleire geologiske fenomen ligg det ein del jettegryter oppe i dagen kring Trolltunga etter at dei la elvane i rør. Ganske så fascinerande at stein og vatn kan lage slike formasjoner i berget. Da vi sala på oss sekkane og vende nasen mot Skjeggedal, så møtte vi personar. Nokon kom tidleg, andre var så vidt i gang da vi kom fram. Tendensen var klar: våre sekkar var enorme i forhald! Dei siste vi møtte var ei klasse frå Bømlo Folkehøgskule. Artig å møte einan og veksle nokre ord før turane fortsatte kvar for seg.

Takk for turen. Og fleire kjem!