IMG_0053
hundeslede
kulepkt-fril-og-redn
i-13

FRILUFTSLIV 

Å svinge seg nedover ei fjellside etter å ha slitt seg opp for egen maskin er den ultimate skifølelsen. Å stå på toppen og berre nyte utsikten etter dagevis med planlegging og timevis med trasking er den beste fjellfølelsen. Å vakne opp i teltet ein morgon samtidig som sola står opp er den beste fridomsfølelsen. Å sitje roleg i ein kajakk medan naturen glir forbi er følelsen av fred. Å synke ned ved bålet mens kaffien kokar gir den gode følelsen av lykke.  Dette, og meire til er friluftsliv- og redning på Hardanger Folkehøgskule.

Likar du å være på tur i det fri? Å vera aktiv i naturen? Likar du å oppleve å ha det litt kummerlig? Bu i telt eit par dagar i strekk? Likar du å koma deg opp til dei toppane som gir deg den beste utsikten? Inn i villmarka på fottur, kanotur, skitur, topptur, frikjøring, telt, snøhule,  klatring, kiting, hundekjøring, opplevingar og mykje meir! Rett og slett backpacking i norsk natur!

 

Bratt moro! Likar du rett og slett opplevinga av rekreasjon og avkopling i naturen, og vil i tillegg lære andre ting som ikkje kan lærast og erfarast bak ein skulepult? På vår friluftslinje får du dette. Du lærer å ha det trivelig på tur. Du lærer naturkunnskap og dei turferdigheiter du treng for å ta deg fram, finne rett veg, trivast i telt og lage din eigen turmat.

Samarbeid med; Voss rafting og klatrepark, Trolltunga Active, Hardangerfjord Active, Tyssedal viaferrata,

Denne linja passar for alle, anten du har vore mykje eller lite på tur. Motivasjon for å vera aktiv og for å læra er det viktigste. Friluftslivet set ingen begrensingar, bortsett fra sikker ferdsel og naturvennlig utøving. Det beste av alt er at all denne læringa og øvinga er morsom!

Våre viktigaste ord er ; Tryggleik, Friluftslglede, Vennskap! Vil du ha eit aktivt, lærerikt og spennande år? Søk da, vel!

Bli med oss på tur!
På Hardangervidda, i Jotunheimen til Svalbard!

MÅL FOR LINJA
  • Du skal kunna læra sikker ferdsel, leirliv og friluftsaktiviteter i vatn, vassdrag, skog og høgfjell heile året.
  • Elevane skal etter endt skuleår kunne leggja opp sine eigne turar  i forhold til god turplanlegging, rett oppakning, leirlaging og bålfyring.
  • Du blir i stand til å bruka naturen som arena for rekreasjon og oppleving.
  • Du får prøva deg som gruppeleiar for klassen.
  • Du får kjennskap til lover, forskrifter og planar om forvaltning av naturen.
DETTE LÆRER DU
  • Du vil få testa deg sjølv i alle typar vær og temperaturar på fleirdagarstur.
  • Du lærer å legge opp ruta sjølv og vurdere og finne trygge vegval og leirplassar.
  • Du vil bli meir sjølvstendig i navigasjon med kart, kompass og GPS, slik at du kan ta deg fram i terrenget på ein sikker måte.
  • Du vil gjennom erfaring få læring i diverse overnattingsformer ute. F.eks telt, gapahuk, snøhole, iglo overnatting under open himmel.
  • Padling
  • Kiting
  • Du får prøve på matlaging ute på forskjellige måtar.
  • Du lærer om, og utfører sporløs ferdsel på tur.
  • Brevandring
  • Du vil også lære ein del teori om sentrale emner innan tradisjonelt friluftsliv, turplanlegging, og om korleis ei gruppe fungerer.
DETTE OPPLEVER DU

Mykje turaktivitet!  På turane lærer du det du treng for å være på tur. Telt, gapahuk og hytter er gode arenaer for å bli en godt samansveisa klasse.

Kjenn gleda av å dra opp fjellauren i eit av dei gode fiskevatna vi passerer, meistringa av å orientere deg fram i dårleg ver til målet for dagen, spenninga av å meistre kanoen i stryka. Du vil glede deg over roen når du er aleine på solodøgn, samhaldet i klassen, skigleda når du glir ned ei fin skråning i kveldssola og du vil oppleva  stolthet over å ha bygd din eigen snøbolig for natta.

Du vil også få kjenne på ubehaget med å være våt og frysa, men også den vanvittige gleda av å krype inn i ein varm sovepose i teltet på kvelden. Det er i slike forhold vi lærer best, og kor vi kjenner på følelsen av korleis det er å måtte slå nødleir og grave seg ned til været løyer. Bli med på fottur, topptur, skitur-/køyring, klatring og padling.

EG VIL SØKJE PÅ DENNE LINJA

Morgonstund ved Fisketjørnuten.
friluftsliv6
Tora og Marte

Årets høgdepunkt blir tur til Svalbard !


Barmarksfriluftsliv på Hardangervidda

Vi bruker Hardangervidda som læringsplass. Nord-Europas største høgfjellsplatå gir oss varierte naturopplevingar og moglegheitar for å oppleve, erfare og lære fjellet å kjenne. Vi krysser den vestlige delen av Hardangervidda til fots med ein herleg avstikker til Hårteigen på turen heimatt mot Lofthus i septemver, og vi kryssar Hardangervidda på ski i mars.

PRAKTISK INFORMASJON

Før skulestart vil du motta utstyrsliste frå skulen der du får vite alt du treng å ta med deg.

Du får låna dette beredskapsutstyret av skulen;

  • Beredskapssekk, ca. 50 l
  • Fjellduk
  • Hodelykt
  • Kartmappe
  • Telt og primus
  • Søkestang
  • Snøspade
  • Fotposar
  • Markerings-/refleksvest
personalrund7_2x
Lurar du på noko om linja?

Ta gjerne kontakt med linjelærer:

Per Jørgen Høye
992 32 597
per_hoye@hotmail.com