Førekspedisjon.

I veke 9 så skal klassa krysse Hardangervidda på ski. For å sjekke at planane låg innom det realistiske og at utsyret fungerte, så tok vi oss ein førekspedisjon til fjells.

Det var meininga vi skulle i veg førre veke, men da stoppa uveret oss. Så vi måtte snu på planane og heller reise denne veka. Det var eit greit bytte, sjølv om vi godt kunne tenkt oss litt meir ver med tanke på læringa. For det som møtte oss gjennom tri dagar var minimalt med vind, skyfri himmel og gå-kun-i-ulltrøya-dagar.

Ingrid tar en real matkvil.

Ingrid tar en real matkvil.

Vi starta på måndagen frå Skulevikstølen der Anders, Audun og Vegard tok oss innover Kjeldedalen, avbrutt med ein kvil med spektakulær skikjøyring. Den sto Tord for.

Anders følgjer skeptisk med.

Anders følgjer skeptisk med.

Sto han?

Sto han?

Eirik fortalte om stor fisk. Eller var det kor fint han tykte det var?

Eirik fortalte om stor fisk. Eller var det kor fint han tykte det var?

Det er noko magisk da sola går ned og den klare himmelen blir raud i vest og det blir abre blåare og blåare dess høgre du ser. Midt under dette slo vi opp telta våre og kokte maten vår. For dei aller mest ivrige så vart det ein aldri så liten måneskinnstur på natta.

Snart framme ved teltplassen.

Snart framme ved teltplassen.

Audun og Vegard beundrar måneljoset på natta.

Audun og Vegard beundrar måneljoset på natta.

På tur vestover mot Finnsbergvatnet.

På tur vestover mot Finnsbergvatnet.

Vi fann vatn. Det var til glede i varmen, sjølv om Erlend gjekk gjennom og fekk eit fotbad. Pass på i utosen er rådet han ga  .

Vi fann vatn. Det var til glede i varmen, sjølv om Erlend gjekk gjennom og fekk eit fotbad. Pass på i utosen er rådet han ga . Lengst vest i Finnsbergvatnet. 

Sumtangen på Finnsbergvatnet er ein historisk interessant odde. Her har det skjedd reinsfangst i usannsynlig stor grad, men vi såg ikkje restene av dei store beinhaugene. Men vi kvilte beina våre her med sekken som ryggstøtte og med blikket vendt mot sola. Uten levegg! Altså vi var skikkelig heldige med veret på denne turen. Litt kaldt om nettene, men heller ikkje verre enn ein kan forvente på denne tida av året. Dagen ferd gjekk nedover heile dalen frå Finnsbergvatnet og vi tok sørover til Fisketjønnuten i håp om å finne ein snøholeskavl. Vilde, Ingrid og Sigrid hadde kontrollen dagen igjennom. Skavlen fann vi ikkje, og snøen var heller ikkje særleg til å grave i. Veka før så gjekk vi rundt på is i Isdalen (J), og vi forventa å møte dette føret no også. Det som møtte oss var det same harde islaget, men oppå så låg det nokon centimeter med laussnø. Det var eit skiføre som ikkje likna grisen. Det glei godt, det satt godt og skia gjekk rett fram. Meir kan ein ikkje ynskje seg, sjølv om det hadde vore ekstremt hardt å grave i, så det vart ei ny natt i telt.

Teltleiren i månoppgang.

Teltleiren i månoppgang.

Morgonstund ved Fisketjørnuten.

Morgonstund ved Fisketjørnuten.

Erlend pakker teltet til pulkfrakt. Enkelt og greit.

Erlend og Marius pakker teltet til pulkfrakt. Enkelt og greit.

Det er noko herleg med å vere ute i fjellet fleire dagar på rad utan å forhalde seg til andre menneske. Ein får med seg mykje meir av naturen om ein oppheld seg samanhengane i han over tid. Sola som står opp på teltduken, månen som lyser gjennom teltduken på natta, temepratursvingningane frå morgon til dag, lydane, roa, fellesskapen og ein sjølv.
For å øve seg meir på Viddaturen, så fekk Eirik, Erlend, Marius og Tord i oppgåve å leie mesteparten av dagen utan lærar eller stipendiat. Dei måtte hente minibussen, mens gruppa gjekk til Krossdalen. Litt utfordring er det å orientere i vinterfjellet,  men det gjekk om seg. Korleis det gjekk? Dei kom fram til bilen 4 timar etter sist møte og hadde ikkje sakna lærar eller stipendiat.

Det siste læraren såg av gruppa før han såg at dei ved i Krossdalen. KJekk ungdom!

Det siste læraren såg av gruppa før han såg at dei ved i Krossdalen. Kjekk ungdom!

Takk for turen. Slike turar veks ikkje på tre.