EIN TENKT SITUASJON FOR RESQ-LINJA.

Telefonen piper. Det er sein kveld og eg skulle eigentleg vore i seng for lenge sidan, men vi hadde det så gøy og tida gjekk for fort.

 

Fleire telefonar piper like etterpå . Det er hos klassekameratane mine og eg skjønar at det er alarm.

 

Ei ny natt blir øydelagt fordi nokon treng hjelp der ute i mørket. Kan det vera nokon som har gått seg bort, kanskje er det ras over vegen eller i verste fall bilulukke. Tankane om «worst case scenario» går igjennom hovudet i det eg tar trappa i to sprang, hentar den gule beredskapssekken som heng klar på klasserommet, hiver klærne og Røde Kors-vesten på meg i ein fei og kjem meg til avtalt møteplass.

 

Det har vore fleire hendingar i år og handlingsmønsteret er kjent. Det er litt rutine, men samtidig stig pulsen og adrenalinkicket er i ferd med å slå inn. Dette er spennande! Ein veit aldri kva ein møter der ute.

 

131003_Etneelven_Lyssoylen

 

Endeleg framme og korpsleiaren informerer om at ein person er meldt sakna i Kinsarvik etter å ha vore på fjelltur i to dagar. Han skulle ha vore tilbake kl. 14.00 i dag. Vi samarbeider med politiet og Airlift fortel han. Vår oppgåve blir å gå langs elva og gjere søk langs stien på begge sider. Det er dessverre ikkje så lenge sidan vi gjorde akkurat det same på akkurat same plassen. Det er eit utsett område og eit vanskeleg søkeområde, særleg i mørket.

 

Alarmar har blitt ein vanleg ting for oss på Resq-linja. Sist gong viste seg at personen hadde søkt ly for uværet og mørkret og kome seg inn i ei hytte for kvelden, utan moglegheit for å kunne gi beskjed heim. No virkar situasjonen reell og vi jobbar saman som det gode teamet vi er. Helikopterert heng på nattehimmelen og lyser opp fossen lenger oppe.

 

130505_Storkurshelg Bømoen

 

Etter ein time grovsøk får vi melding over sambandet at det er gjort funn av lag 2 oppe i fjellsida. Personen er funnen og alle andre lag blir kalt inn til CO der vi bli informert om at dette berre var ein øvelse, og personen som vart funnen var berre ein markør frå nabokorpset. Heldigvis!  Det verste er å finna omkomne.

Takk og pris for øvingar. Det må til for at vi skal vera klare å vera gode nok når det virkelig gjeld. Og du veit aldri når det blir. Kanskje allereide i morgon. Vi er i alle fall klare om vi må ut.