Cosplay på con!

tina og kris

 

Det er spesielt å gå på eit con og føle at det cosplayet du har laga sjølv gjer at du blir gjenkjent som ein annan karakter. Følelsen av å mestre og få «cred» for det du har laga. Du blir godtatt for den du er, sjølv om du ikkje har verdens beste cosplay. Det er stort å bli heia på om du går catwalken, men endå større å få vite at ein er god nok uansett.

 

Å delta på eit con betyr å ha fellesskap med andre og å vera ein del av noko. Å vera elev i ei cosplayklasse gjer at du heile tida får oppleve å ha same interesse som dei rundt deg. I klassa vil du ha nokon som bryr seg og støttar deg. Dette er veldig motiverande og du får rom til å utfolde deg kreativt på mange måtar. Når du lagar eit cosplay lærer du å finne smarte løysingar og du får brukt fantasi og oppfinnsomhet for å få eit godt resultat. Du kan cosplaye kjente karakterar eller skape din eigen favorittkarakter.

Kristin

Martha 1