«Vestkysten eller døden!», evt Sørfjorden med litt mindre konsekvensar.

Eit av årets høgdepunkt på Friluftsliv Arctic er å planlegge og sjølv gjennomføre ein vekestur i høgfjellet vinterstid. Årets klasse enda opp med at dei ville krysse heile høgfjellsplatået frå aust til vest, med Nansen i bakhovudet: ”Vestkysten eller døden”. Oppgåva var enkel, men krevjande: Planlegg ein vekes tur og gjennomfør han. Læraren er med, men turen skal de sjølve leie og navigere. Dess mindre han er synleg i beslutningar, dess betre, men kjem inn om nødvendig.

Etter jul har innhaldet på linja vore å førebu seg til denne turen med det som høgfjellet kan by på denne tida av året. Så med den bagasjen på plass, pluss våre eigne sekkar og nokre pulkar sto vi plutseleg på Steinsbøle og skulle gå heimatt til Sørfjorden.

IMG_0012

Klassa er klar for oppstart frå Uppnesberget. Tusen hjertelig takk til Johnny, Ann Kristin, Linn KJersti og Ingrid for skyss, hyttelån og mat . God start på turen.

 

Ingrid kjem frå Tinn og hadde satt heile familein på hovudet for å organisere skyss til fjells. Så da vi kom til Steinsbøle på tysdagsettermiddag, så sto dei klare til å frakte oss opp på fjellet. Og ikkje nok med det, på kvelden fekk vi forskyne meg servert mat også. Og kake. Glykogenlagra var i allefall fulle før starten dagen etter.

Jentene hadde kjøpt seg tissetrakter før turen. Uvisst om kor vellukka kjøpet var. Latteren satt i allefall laust.

Jentene hadde kjøpt seg tissetrakter før turen. Uvisst om kor vellukka kjøpet var. Latteren satt i allefall laust.

Morgonrutinar ved Viuvatnet.

Det å bevege seg frå aust til vest på Hardangervidda er veldig interessant. Fjellet endrar seg mykje mellom startstaden og sluttpunktet, noko som er kjærkoment da ein skal vere mange dagar på tur. Første leiren vi sette opp var i austkanten på Viuvatnet, der slo vi opp teltet under eit noko blekt nordlys, etter ein grei dagsmarsj vestover frå Mår. -12 grader sto det på termometeret klokka 6, da den fyrste brennaren byrja på koking. Morgonen var kald, men er det kaldt er det ofte fint, og dei morgonkveke fekk med seg soloppgangen, før skyene la seg framfor. I vestkanten på Viuvatnet kom vi inn på vintermerkinga til Lågaros, som var dagens mål. Vi kom fram i grei tid, slik at det vart tid til både lesing og brettspel før vi la oss.

 

Ferda frå Lågaros til Sandhaug går gjennom Sentralvidda. Her er det slut på dei meir markerte høgdedraga på austvidda og det er som om fjellet tar ei pause før han kjem til den kuperte vestvidda. Og her gjekk vi. Med sola framme store deler av dagen.

Audun, Tord, Vegard og Marius ute i finveret.

Audun, Tord, Vegard og Marius ute i finveret.

Vi hadde høyrt nyss om reinsflokkar kring Bjornesfjorden, men sjølv om vi såg både 5 og 6 kilometer, så såg vi ingen rein. Dagsettappa var lang, men dagens leiarar som var Vilde, Tor Sigurd, Vegard og Eirik, geleida oss fram før mørket senka seg. Sandhaug er ei lita ubetjent hytte utanom opningstidene på den betjente og med ei gruppe blir det fort fullt. Men han blir også fort varm. Og vatn fekk vi for på den betjente hytta var Jan og Brita der for helga for å ha litt førarbeid til påsken. Så etter middagen så kom Jan inn med restar etter ein lasagnemiddag til oss. Noko som gjprde at utedassen måtte få eit besøk seinare på kvelden etter altfor fulle magar.
Skal ein gå i mange dagar og ikkje har kjempestramt program er det godt med kviledagar. Vi nytta vår til å sage bokstavar og lese.

Jess, det er oss.

Jess, det er oss.

Så byrja antakeleg dei vi kjente heime å få litt klumpar i halsen. Langtidsvarselet ba ikkje på vind, men det hadde skjedd noko på dei siste dagane. No kom det vind. Austleg gudskjelov, men sterk vind er ikkj lett uansett kvar han kjem i frå. Vi byrja dagen frå Sandhaug utkvilte og klare. I ettertid så er vi glade for at ruta vart kvista dagen før. Utover dagen auka vinden på, vi hadde han i ryggen, så vestover Nordmannslågen gjekk det ganske fort med oss. Vi nådde Viersla nokon timar etter at dei siste frå Expedition Amundsen hadde gått forbi, og tok lunsjpause da det såg ut som om det skulle sprikke opp. Men da lunsjpausa var over så auka vinden på og snøveret starta.

Sikta vart mindre og vinden auka.

Sikta vart mindre og vinden auka.

Vi vart blåst vidare vestover og sikta vart avgrensa til 60 meter. Vi såg to kvister framfor oss og sleit med å halde oss på beina. Da tok Ingrid, Audun, Erlend og Tord tak og vi vart forlikt om at den litt bratte nedkjøyringa i denne sikta og vinden ba på utfordringar.

Rådsmøte om korleis ferda vidare skulle skje.

Rådsmøte om korleis ferda vidare skulle skje.

Vinden hadde også laga steinharde sastruiger som var vanskeleg å skjøyre på, og vanskelege å sjå. Så skiene vart lagt på pulkene, slik at vi kunne nytte stavene til å halde oss på beina. Det gjekk ikkje så fort framover, men vi var samla og vi hadde kontroll. Så sjølv om mørkret seig på litt om litt så såg vi Hadlaskard som ein ullen dott, 200 meter framfor oss i ein ljos augneblink. Ovnane vart hardtrødd med ved, og snøsmeltinga starta mens vinden ula gjennom det som var av sprikkar i den gamlge tømmerbygningen. Det var jammen greit å komma seg inn.

Planen var å fortsette dagen etter, men vinden var den same sjølv om sola stakk fram. Elevane tok eit rådsmøte og fann ut at dei ikkje var modne til å leie ei grupppe på tur i eit slikt ver, så det vart bestemt å ta ein verfast dag. Ein veldig vaksen og forståeleg beslutning. Nokon lura seg ut for å kjenne noko på vinden, mens lærar Per Jørgen og Vegard misslyktes for tredje gang i vinter med å sette opp ein iglo.

Vegard, den mest ivrige snøsagaren frå Tysnes er å testar vinden utpå ettermiddagen. Vegard, den mest ivrige snøsagaren frå Tysnes, er ute og testar vinden utpå ettermiddagen.

I løpet av ein lang kviledag, så ville gruppa prøve seg på å gå to dagsmarsjar på ein dag. Kan vi komma oss til Kinsarvik på ein dag, om vi held den opprinnelege planen? Etter ein diskusjon med lærar om kva ein måtte ta høgde for, så var det tidleg start dagen etter. 04.50 sto grauten på bordet! Klokka 7 var vi på skia og klokka 8,15 vart dei første elgane observert i Langedalen. OM det var 6 eller 8 forskjellige vi såg veit vi ikkje, men det var artig å sjå andre som hadde tatt turen til fjells for å oppleve ein solfylt og ”vindstille” dag.

Her ser du to individar av arten. Om du ser nøye riktignok. Men dei er der, både mor og barn i sola.

Her ser du to individar av arten. Om du ser nøye riktignok. Men dei er der, både mor og barn i sola.

Skiføret bar preg av at det hadde vore mykje vind dei siste to døgna. Laussnø fanst ikkje, det låg at sastruiger som peika mot vindretningen som hadde vore. Vi kom på ordentleg inn på Vestvidda no, og fjella reisa seg litt høgare, dalane vart litt djupare og orienteringa vart litt meir interessant. Da vi på ettermiddagen bikka oss nedover mot Lonavatnet og Stavalivatnet så vart det mange fall.

Kulekjøyring ned mot Stavali. Riktnok i veldig fint ver.

Kulekjøyring ned mot Stavali. Riktnok i veldig fint ver.

Nokon meir spektakulere enn andre. Og tida jobba litt i mot oss. Kunne vi komma oss til Vierdalen innan kokka 16, slik at vi kunne finne oss ein sikker veg ned, før mørket kom? Så sa Sigrid nokon ord som fekk folket til å tenkje litt: ”Skal vi virkelig gå ned til Kinsarvik nå? Om vi kommer oss forbi Vierdalen sikkert, etter at Per Jørgen har sjekka skredfaren, for så å gå ned Reinsbrekkene med hodelykt og komme tilbake til skolen klokka 24, er det verdt det? Vi kan få en like fin dag som i dag i morgen, og da er bedre å vente” Gruppa samstemte og vi tok den siste natta på Stavali.
klokka 17.10 var vi nede att i Kinsarvik dagen etter. Da hadde vi bukt lang tid på å komme oss til Vierdalen, men etter det hadde alt gått på skinner. Skiene vart plassert på sekkane, og pulkane vart styrt av tau for å halde seg BAK pulkdragaren. Sjølv om det ikkje er så langt frå Stavali til Husedalen, så er det absolutt den tyngste delen av turen. Og etter å ha gått på beina i tri timar i vekslande snøføre, så såg vi det blinka i ein kjent Ford nedi vegen. Sjølv om Vilde foreslo på den siste pausa å gå oppatt, så fortsette vi dei siste hundremeterane.

Ekspedisjonsfølget på tur ned Reinsbrekkene og vidare mot Kinsarvik.

Ekspedisjonsfølget på tur ned Reinsbrekkene og vidare mot Kinsarvik.

Kanskje med tanken om at vi faktisk hadde kryssa Nord-Europas stsøte høgfjellsplatå? Kanskje med tanken på at dette har eg planlegt og gjennomført med mine turkameratar, utan at han læraren har brydd seg om altfor mykje på turen? Kanskje med tanken om at eg meistra dei forhalda vi møtte? Kanskje med tanken på at vi har samarbeid godt for å få dette til? Kanskje med tanken om at det var ein krevjande tur, men fy fader det var verdt det?

Vi kom i mål om ein gjeng betre turkameratar enn vi starta med. Og da må vel turen vere vellukka?

Ein svett, sliten og glad gjeng, fotograrfert av vår kjære sjåfør og vaktmeistar, Jarle.

Ein svett, sliten og glad gjeng, fotograrfert av vår kjære sjåfør og vaktmeistar, Jarle.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Print Friendly, PDF & Email

Førekspedisjon.

I veke 9 så skal klassa krysse Hardangervidda på ski. For å sjekke at planane låg innom det realistiske og at utsyret fungerte, så tok vi oss ein førekspedisjon til fjells.

Det var meininga vi skulle i veg førre veke, men da stoppa uveret oss. Så vi måtte snu på planane og heller reise denne veka. Det var eit greit bytte, sjølv om vi godt kunne tenkt oss litt meir ver med tanke på læringa. For det som møtte oss gjennom tri dagar var minimalt med vind, skyfri himmel og gå-kun-i-ulltrøya-dagar.

Ingrid tar en real matkvil.

Ingrid tar en real matkvil.

Vi starta på måndagen frå Skulevikstølen der Anders, Audun og Vegard tok oss innover Kjeldedalen, avbrutt med ein kvil med spektakulær skikjøyring. Den sto Tord for.

Anders følgjer skeptisk med.

Anders følgjer skeptisk med.

Sto han?

Sto han?

Eirik fortalte om stor fisk. Eller var det kor fint han tykte det var?

Eirik fortalte om stor fisk. Eller var det kor fint han tykte det var?

Det er noko magisk da sola går ned og den klare himmelen blir raud i vest og det blir abre blåare og blåare dess høgre du ser. Midt under dette slo vi opp telta våre og kokte maten vår. For dei aller mest ivrige så vart det ein aldri så liten måneskinnstur på natta.

Snart framme ved teltplassen.

Snart framme ved teltplassen.

Audun og Vegard beundrar måneljoset på natta.

Audun og Vegard beundrar måneljoset på natta.

På tur vestover mot Finnsbergvatnet.

På tur vestover mot Finnsbergvatnet.

Vi fann vatn. Det var til glede i varmen, sjølv om Erlend gjekk gjennom og fekk eit fotbad. Pass på i utosen er rådet han ga  .

Vi fann vatn. Det var til glede i varmen, sjølv om Erlend gjekk gjennom og fekk eit fotbad. Pass på i utosen er rådet han ga . Lengst vest i Finnsbergvatnet. 

Sumtangen på Finnsbergvatnet er ein historisk interessant odde. Her har det skjedd reinsfangst i usannsynlig stor grad, men vi såg ikkje restene av dei store beinhaugene. Men vi kvilte beina våre her med sekken som ryggstøtte og med blikket vendt mot sola. Uten levegg! Altså vi var skikkelig heldige med veret på denne turen. Litt kaldt om nettene, men heller ikkje verre enn ein kan forvente på denne tida av året. Dagen ferd gjekk nedover heile dalen frå Finnsbergvatnet og vi tok sørover til Fisketjønnuten i håp om å finne ein snøholeskavl. Vilde, Ingrid og Sigrid hadde kontrollen dagen igjennom. Skavlen fann vi ikkje, og snøen var heller ikkje særleg til å grave i. Veka før så gjekk vi rundt på is i Isdalen (J), og vi forventa å møte dette føret no også. Det som møtte oss var det same harde islaget, men oppå så låg det nokon centimeter med laussnø. Det var eit skiføre som ikkje likna grisen. Det glei godt, det satt godt og skia gjekk rett fram. Meir kan ein ikkje ynskje seg, sjølv om det hadde vore ekstremt hardt å grave i, så det vart ei ny natt i telt.

Teltleiren i månoppgang.

Teltleiren i månoppgang.

Morgonstund ved Fisketjørnuten.

Morgonstund ved Fisketjørnuten.

Erlend pakker teltet til pulkfrakt. Enkelt og greit.

Erlend og Marius pakker teltet til pulkfrakt. Enkelt og greit.

Det er noko herleg med å vere ute i fjellet fleire dagar på rad utan å forhalde seg til andre menneske. Ein får med seg mykje meir av naturen om ein oppheld seg samanhengane i han over tid. Sola som står opp på teltduken, månen som lyser gjennom teltduken på natta, temepratursvingningane frå morgon til dag, lydane, roa, fellesskapen og ein sjølv.
For å øve seg meir på Viddaturen, så fekk Eirik, Erlend, Marius og Tord i oppgåve å leie mesteparten av dagen utan lærar eller stipendiat. Dei måtte hente minibussen, mens gruppa gjekk til Krossdalen. Litt utfordring er det å orientere i vinterfjellet,  men det gjekk om seg. Korleis det gjekk? Dei kom fram til bilen 4 timar etter sist møte og hadde ikkje sakna lærar eller stipendiat.

Det siste læraren såg av gruppa før han såg at dei ved i Krossdalen. KJekk ungdom!

Det siste læraren såg av gruppa før han såg at dei ved i Krossdalen. Kjekk ungdom!

Takk for turen. Slike turar veks ikkje på tre.

Print Friendly, PDF & Email

Årets langtur på Vintervidda!

Vi har kommi heimatt frå vår vekes lange tur på Hardangervidda. Med start frå Finse i ruskete ver, så enda vi tilslutt på skulen, etter nokon endringar i planane…

 

Treningsperioda til denne turen starta for fullt etter jul, med ei veke med skuletid til planleggjing før vinterferien. Denne turen er nemleg eit prosjekt som elevane planlegg og gjennomførar. Årets rammer var start frå Finse 1.mars og ei veke på tur. Vi kom att i gårkveld med raude naser, ski med grønn smurning og lyst på anna enn turbrød.

Starten frå Finse var som sagt frisk. 15 m/s møtte oss på stasjonen, og dei tri kilometrane til Larsbu var rett og slett vindfulle. Etter tacomiddag på tysdag, så starta sjølve turen i litt mindre vind på onsdagen. Dagens leiarar fekk oss over til den kvisteløypa som gjekk mot Kjeldebu og natta hadde vi i telt ved Midnutvatnet, omlag midt i mellom Finse og Kjeldebu. Vi fann overvatn slik at vi sparte ein del tid og brensel på å sleppe å smelte snø. Nok snø var det og, slik at vi kunne grave oss ei kokegrop til å stå i ved matlaginga.

Inngangsdøra på Larsbu føyk igjen i løpet av natta.

Inngangsdøra på Larsbu føyk igjen i løpet av natta.

Kjeldebu låg fin i enden på bakken ved neste dags forflyttning. Det var og godt å komma seg inn for å drive litt reprasjonar på både primus og på pulksele. Takket vere reprasjonssetet så fungerte begge to godt etterpå. Pumpa på primusen fiksa vi ved å skjere til ein bit av lærreima på den eine skistaven til å passe i pumpa. Vi tykkte vi sjølve var flinke.

IMG_6450

Gjennom dogg ser vi Marius som reparerer pumpe.

Utpå fredagen så kom vi til i vegen og der måtte desverre Anders og Simen takka for seg for denne turen. Kjipt, men slik er det nokon vender. Det er ofte det beste å gjøre ting sikkert nok, enn å følgje lysta til å fortsette. Vi andre fortsette mot Sandhaug, med ei teltovernatting i Bjoreidalen. Laurdagsmorgon starta som ein tjukk graut, men om ein såg hardt nok mot aust, så såg ein konturane av noko som kunne bli ei sol i løpet av dagen. Og ho kom, sola. Ein knalldag vart det! Etter frokost og oppvask, så fauk vi i scotterspora til Sandhaug med ein god lunsjpause i ulltrøye og solbriller. Enda godt å sjå at veret ikkje treng å vere stiv kuling og snøver heile turen.

Halvor i oppvasken!

Halvor i oppvasken!

Kaldt, men tørt.

Kaldt, men tørt.

Sundagen var nytta som kviledag på hytta. Nokon prøvde fisken på Nordmannslågen, nokon spelte tri vender amerikaner inne på hytta og nokon las ferdig alle blada som var der. Det blei ingen fisk på dei som satt inne, forsåvidt ikkje på dei få som prøvde seg ute heller. På turen såg vi ikkje så veldig mange skifolk, men på kvelden kom det inn ein gjeng på tri som var på veg vidare sørover.

IMG_6544

Her speles kortspelet BOBLE. De skulle ha vori der….

Desverre så måtte vi endre planane litt neste dag, da ein Even besvima under turen mot Hadlaskard. Med bistand frå medisinsk hald, så ordna saken seg tilslutt, men mykje av dagen hadde gått, slik at vi fann ut at vi ville komme oss attende frå der vi kom.  Turen attende siste dagen vart ein lang tur, men med tidleg start og dei same scootersporene som på turen inn, så gjekk dei 26 kilometrane ganske radig.

IMG_6502

Ei klasse på tur. Eller delar av ei klasse. I bakgrunnen både Hardangerjøkulen og Hallingskarvet.

Vi passerte teltleiren frå før på turen og fekk sjå att rypa hadde skjult seg i kokegropa og nyta muren som utkikkspunkt i mellom tida. Kanskje han speida etter dei 300 reinsdyra som passerte i nærleiken dagen før?

Rypespor på leveggen. Gangstarar i bakgrunnen.

Rypespor på leveggen. Gangstarar i bakgrunnen.

No har vi fått dusja av oss den verste møkka og evaluert turen på skulen. No ventar påske og etter det: Svalbard. Med mange erfaringar og god lærdom etter denne turen så er det nødt til å bli grisebra.

Takk for turen.

 

 

Print Friendly, PDF & Email

Frisq til fjells – den første teltovernattinga i vinterfjellet.

Måndagsmorgon reiste Frisq (Friluftsliv og Resq) til fjells for å bli betre kjent med fjellet. Haukeliseter vart utgangspunktet da vinden herja med rv 7. På Haukeliseter møtte vi ein gamal kjenning av oss som var med som ekstra mannskap, Elisabeth Nilsson. Vi dela klassene kvar for seg. Resq fekk erfaring med å flytte seg på ski i fjellet, mens Friluftsliv fekk ei god utfordring med å navigere i tildels svært dårleg sikt. Sjølv om Rasmus vart geleida ut for ei skavl, så må vi seie at dette gjekk bra!

 

IMG_6112    IMG_6102

 

Så bar det til fjells for å få erfaringa med å overnatte i telt, vinterstid. Klassene gjekk kvar sine vegar, og kom opp omlag samstundes til leirområdet. Er det raskast å gå den kortaste vegen? Lærarenga dei fleste ein god latter da skie hans knakk da klassene møtte kvarandre. Takk for reprasjonssett med skruer og skrutrekker. Gode tips å ha med seg til seinare. Leiren vart sett opp med levegger, kjøkkengroper og utedass. Ein liten landsby på fjellet med 6 telt og 20 par ski stikkande opp kring teltveggane. Eller 19 ½ for å vere heilt ærlege.

 

IMG_6091

 

Prosessen vidare gjekk mot snøprofiler, tårnbygging og ein skulpturkonkurranse som Halvor og Marie vann med sin giraff. Temaet var nemleg «dyrene i Afrika». Kva gjør ein for å få det komfortabelt i teltet på vinteren? God utstyrskontroll, ein god latter, stearinljos, varm middag, aktivitet som gir varme før ein legg seg, kanskje ei varmeflaske og tørt skift. Og natta vart kald. Omlag 10 minusgradar er friskt, men ikkje uvanleg. Det positive er at ein kan vakne opp til ein fantastisk morgon med blå himmel og sol på toppene i eit jomfruleg område. Det er ingen verst start på dagen!

 

IMG_6093

 

Takk for turen.

Print Friendly, PDF & Email

EIN TENKT SITUASJON FOR RESQ-LINJA.

Telefonen piper. Det er sein kveld og eg skulle eigentleg vore i seng for lenge sidan, men vi hadde det så gøy og tida gjekk for fort.

 

Fleire telefonar piper like etterpå . Det er hos klassekameratane mine og eg skjønar at det er alarm.

 

Ei ny natt blir øydelagt fordi nokon treng hjelp der ute i mørket. Kan det vera nokon som har gått seg bort, kanskje er det ras over vegen eller i verste fall bilulukke. Tankane om «worst case scenario» går igjennom hovudet i det eg tar trappa i to sprang, hentar den gule beredskapssekken som heng klar på klasserommet, hiver klærne og Røde Kors-vesten på meg i ein fei og kjem meg til avtalt møteplass.

 

Det har vore fleire hendingar i år og handlingsmønsteret er kjent. Det er litt rutine, men samtidig stig pulsen og adrenalinkicket er i ferd med å slå inn. Dette er spennande! Ein veit aldri kva ein møter der ute.

 

131003_Etneelven_Lyssoylen

 

Endeleg framme og korpsleiaren informerer om at ein person er meldt sakna i Kinsarvik etter å ha vore på fjelltur i to dagar. Han skulle ha vore tilbake kl. 14.00 i dag. Vi samarbeider med politiet og Airlift fortel han. Vår oppgåve blir å gå langs elva og gjere søk langs stien på begge sider. Det er dessverre ikkje så lenge sidan vi gjorde akkurat det same på akkurat same plassen. Det er eit utsett område og eit vanskeleg søkeområde, særleg i mørket.

 

Alarmar har blitt ein vanleg ting for oss på Resq-linja. Sist gong viste seg at personen hadde søkt ly for uværet og mørkret og kome seg inn i ei hytte for kvelden, utan moglegheit for å kunne gi beskjed heim. No virkar situasjonen reell og vi jobbar saman som det gode teamet vi er. Helikopterert heng på nattehimmelen og lyser opp fossen lenger oppe.

 

130505_Storkurshelg Bømoen

 

Etter ein time grovsøk får vi melding over sambandet at det er gjort funn av lag 2 oppe i fjellsida. Personen er funnen og alle andre lag blir kalt inn til CO der vi bli informert om at dette berre var ein øvelse, og personen som vart funnen var berre ein markør frå nabokorpset. Heldigvis!  Det verste er å finna omkomne.

Takk og pris for øvingar. Det må til for at vi skal vera klare å vera gode nok når det virkelig gjeld. Og du veit aldri når det blir. Kanskje allereide i morgon. Vi er i alle fall klare om vi må ut.

Print Friendly, PDF & Email

Resq og Friluftsliv som øybuarar.

 

IMG_5820Korleis var det å leve på eit fyr og klare seg av det havet gav til mat? I linjeveka prøvde Resq og Friluftsliv dette. I Noreg finst mange folkehøgskular og for oss som er i denne «familien» så gir det oss mange nye vener. Risøy Folkehøyskole er ein ny ven for oss. Vi fekk sove over to netter der i linjeveka, før og etter vi bodde på Lyngør Fyr. God mat, gode senger, lån av båt og herleg service. Takk skal de ha!

Vi hadde med oss Elisabeth Nilsson som kajakkinstruktør denne veka. Ho syte for at elevane fekk grunnkurs i havkajakk. Alle elevane fekk to heile dager i kajakk på sørlandskysten i noko vekslande ver og vind.

IMG_5704

 

Kajakk var ein ny farkost for dei fleste, det same kan ein kanskje seie om litt vind og bølger. Sjølv om første dagen kanskje var litt kilen, så vart dei fleste god ven med kajakken.

 

 

Det var utført kameratredning og eigenredning, for skal ein ferdast til havs må ein kunne redde seg sjølv og sine kameratar. I og med at vi var nybegynnarar så var det og ein del teknikk som skulle på plass før ein kunne ta seg fram effektivt. Sjølv om det var kaldt å bade i oktobersjøen, så var mange smil på plass.

 

IMG_5711 IMG_5700

IMG_5756

 

 

 

 

 

Råvarane til maten sto vi for sjølve. Det var satt ut krabbeteiner og garn som gav oss fisk og krabber, og det vart sanka strangsneglar og strandrekar. Fisken gjekk i fiskesuppe, krabbane vart kokt, sneglane grilla og strandrekene vart woka. Det er ikkje rart folket busette seg ved kysten. Kveldane vart nytta rundt det store spisebordet der erfaringar frå dagen vart dela over tallerkenen.

IMG_5731 IMG_5774 IMG_5733

 

Takk til Oslofjordens Friluftsråd og Aust Agder Turistforening for overnatting på Lyngør Fyr.

Print Friendly, PDF & Email

Hardangerviddakryssing med ski og pulk.

IMG_2930

Hardangerviddakryssing med ski og pulk.

Det er tidleg torsdagsmorgon i slutten av februar. Anders (19) spenner på seg skia etter havregrautfrukosten og utvasken av Stordalsbu. Han og klassen har kome seg to dagar av garde på tur over Hardangervidda. Bak dei ligg mange timar med planlegging, framfor ligg vegen til målet, nemleg Kinsarvik. I heile vinter har klassen førebudd seg til denne turen med skitrening, telting i snø, snøholegraving og ein god porsjon orientering. Gruppa har med seg to pulkar, og telt til heile klassa, mat for 10 dagar, brensel og kokeutstyr. Bakerst i gruppa går pulkane, med kvar sin ”dyttar” i dei verste stigningane.

IMG_6458

Siri og Tine grev kantgrop.

 

Planen med å gå denne vegen vart einstemmig vedtatt tidleg i Januar. Kvifor? – ”Vi vil sjå mest mogleg av Hardangervidda, seier Karen og ser utover Stordalen.  Vi har granska kart, sjekka logistikkutfordringane, tørke mat og sjekka utstyret, no er vi klare. Og i gang. ”

 

Starten på tysdag var frå Rjukan Fjellstue, og ferda har så langt gått godt. Kun nokre små gnagsår og ein liten reparasjon på ein pulk er hindra som har stått i vegen.

IMG_0941 - Kopi

Espen og Daniel reparerar det knekte pulkdraget.

 

 

I dag har veret tetna litt til, men det er fortsatt grei sikt vestover mot Lågaros. Kvistinga har ikkje starta enda, så orienteringa må dei stå for sjølve.  Anders har sett seg ut eit oppfangspunkt nordvest frå hytta som ligg på kursen vidare denne februardagen. Lærar Per Jørgen sjekkar at hytta er i orden før han tar att døra, spenner på seg skia og plasserar seg bakerst i gruppa. Han er mest med som rådførar, for dette er elevanes prosjekt. Det er dei som har ansvaret for planlegging, gjennomføring og evaluering av turen.

 

I løpet av dei to første dagane har dei ikkje sett nokon andre skifararar på fjellet, berre ein oppsynsskuter på lang lei.

 

Skiføret er formidabelt. Skia glir godt på den harde snøflata med litt styresnø oppå. Det er rett og slett lite kraftanstrengende å ta seg fram denne dagen. Før den første timen har gått, så har dei tatt seg fram 4 kilometer. Anders tar ein kontrollert telemarksving rundt pulken og spør korleis det går med pulkdragarane. Smilet som møter han forteljer meir enn tusen ord: ”Vi har det veldig bra”, høyrer han bak rimete hår og skjegg.

 

Natta som kjem skal dei ligge i telt litt vest for Lågaros. Hytta er der som ein backup om veret skal slå seg vrangt eller noko ufortutsett skal dukke opp, men dei føler at dei har kontroll over situasjonen og er innstilt på å få opp teltet før mørkret kjem.

IMG_2884

Middagen serverast i teltet, og trøtte elevar inntar draumeland.

 

Til den tid må dei forsere to mil i relativt greit terreng, sjølv om dei neste kilometerane byr på litt stigning. Men dei er i form, og dei er motiverte til å klare sitt prosjekt. Starten har gått greit så no venter bare fortsettinga. Anders gir beskjed om at dei no skal gå vidare. ”Kinsarvik” roper han, mens han glir majestetisk bortover vidda…

Print Friendly, PDF & Email

Friluftsliv på tur med Flatåsen skole til Hovden.

 

 

Fra søndag 11.oktober til onsdag 14.oktober var friluftsliv valgfag ved Fatåsen skole i Trondheim på besøk hos oss her i Hardanger. Mandag var de med Idrett Allround på en tur langs dronningstien. Ikke akkurat noen ”walk in the park”, men de greide det på aller beste måte. På tirsdag til onsdag ble de med oss i friluftsliv klassen på en tur til Hovden med overnatting under åpen himmel! Dette var første gangen mange av elevene fra Flatåsen hadde sovet ute, og når kvikksølvet begynner å bli blått kan det være en utfordring for de fleste.

Dagen startet med en fin liten tur opp til overnattingsplassen. Der begynte vi med alt fra sanking av ved til leirslagning og dograving.

Oppsetting av gapahuk. teamwork.

Oppsetting av gapahuk. teamwork.

Etter lunsj ble det litt førstehjelp det våre egne elever var instruktører og senere fikk Flatåsen vise hva de hadde lært.

Hvem ble sheriff i runde nummer 8?

Hvem ble sheriff i runde nummer 8?

Etter litt videre drifting av leir ble det middag. Menyen var kylling, ris og wok, turmat trenger ikke å være kjedelig! Etter noen leker ble det gjennomført nattorientering hvor kompasskunnskapen ble testet. Dette var noe de klarte med glans, og runden ble nok altfor enkel. Så ble det tid for bålkos! Grilling av marshmallows og atige historier rundt bålet, mens øksene hørtes ut som hakkespetter rundt oss.

Dessert må en ha, også på tur.

Dessert må en ha, også på tur.

Gode historier deles.

Gode historier deles.

Da bålet begynte å roe seg og alle hadde funnet seg en soveplass for natten begynte ting å roe seg ned. Det var imponerende å høre dagen ette,r hvor mange av de som hadde blitt kalde som faktisk tok tak i ting å fikk på seg varme klær eller flyttet seg til et bål. Det er ikke lett å gå ut av den småkalde soveposen midt på natta og ut i den enda kjøligere nattelufta for å faktisk gjøre noe med problemet.

Gransenga er god i høstnatta.

Gransenga er god i høstnatta.

Neste morgen ble det servert ostesmørbrød stekt på bålpanne. Her ble erfaringer om natta delt og varme tilbakeført til kalde kropper. Så var tiden kommet for å gå hjem igjen. Leiren ble revet, utstyr pakka og sekken tatt på. Fra alle oss på friluftsliv vill jeg takke Flatåsen og lærer og tidligere elev Eirik Lyngvær for att dere tok turen helt til oss i Hardanger, og gav oss muligheten til å prøve oss som veiledere på tur! Mange nye erfaringer ble gjort og vi er alle en opplevelse rikere.

Frokost!!!!

Frokost!!!!

 

Print Friendly, PDF & Email

Friluftslivets år, så langt.

Ein innhaldsrik og turaktiv periode er snart over for Friluftslivsklassa. Til helga starter haustferien og vi kan sjå attende på 9 telt overnattinger og ei natt under open himmel.

IMG_5148

 

Første linjeveke så var vi i lag med Resq-klassa opp på fjellet frå skulen. Lia her er seig, lang og bratt, men da du kjem opp så er du inne i Hardangervidda Nasjonalpark. Og for ei utsikt. Første natta så lag vi under open himmel i lia, laga suppe på bål, og fekk samla oss kring grytene. Så bar det til fjells, og der møtte vi haustveret. Vind. Regn. Kombinasjonen teltoppslåing for beginners og sterk vind er ikkje lett. Læraren vart vekt morgonen etterpå: « telte vårt er fucka!». Jaja. Knekt teltstang, øydelagd glidelås i døra, og ein altfor spiss stein på ei stormmatte som ga hol i duken. Gode råd var dyre i vindinfernoet, men vi braut leir og tok oss inn til ei hytta til ein snill stølseigar og fekk slått opp telt i le, samt at dei telta som hadde fått juling, fekk ligge inne. Jaja, det er ein erfaring det og. «Vi tok det sporty!». Elevane skulle fiske sin eigen middag ein dag, og takket vere nokon ildsjelar, så gjekk det i havn, men det var vel meir spanande å bli kjend med nye klassekameratar enn å fryse fingrane av seg på fiske.

Etter to netter der, ein topptur og brevskriving til oss sjølve, så kom vi attende til resten av skulen på fredagskveld. I solskinn.

 

Fiskesprettkasting i solnedgang.

Fiskesprettkasting i solnedgang.

 

Hedlo- Hårteigen- Trolltunga- Skjeggedal

 

Etter fellesturen til Hedlo, så gjekk vi i Friluftsklassa ein gedigen omveg attende til skulen. Under heile opphaldet på Hedlo, så blinka «den grå vegvisaren» også kalla Hårteigen, klart og tydleg i horisonten. Han er synleg frå det meste av Hardangervidda, men er ikkje lett å nå. Vi skulle dit. Vi kom oss ikkje dit. Kvifor? Enorme mengder med snø i den einaste renna som er rå å komma opp, samt sterk vind og 50 meters sikt. Avstemninga for å gå på plan B vart 6-2. Sterk vind var og fellesnevnar for denne turen, no kombinert med regn. Uansett: tøft ver gir meir læring om seg sjølv og sine rutinger og utstyr, så det var igrunn heilt greit. Vi gjekk i fire dagar etter Hedlo. For kvar dag, så var det eit telt som leia dagen. Det var mest orienteringa som var sentral, men også om å ta vare på gruppe med tempo, pausar og vegval.

Halvor, Lars og Marius rådfører seg om vegval.

Halvor, Lars og Marius rådfører seg om vegval.

Nokon dag var lettare enn andre, men diskusjonane i telta etter dagen ga ein del svar på forskjellige val i løpet av dagen. Orienteringa fungerte veldig bra, men det var eit terreng som var vanskeleg å leggje fornuftige vegval i. Det var fleire toppar og senkningar som ikkje syntast på våre høgdekvoter, men det er ein god erfaring det og. Fram kom vi.

 

"Det var så kaldt at blodet fraus til is"

«Det var så kaldt at blodet fraus til is»

Vi kom oss til Trolltunga, der 60 000 andre har vore før i år. Vi var dei første denne dagen i og med at vi låg 1 kilometer i frå ho i telt. Heile turen frå Hedlo til Trolltunga ga oss eit svar på at «ja, det ligg mykje snø i fjellet for tida». Det var til hinder, men også til hjelp, da ein skulle krysse dalar eller komma seg ned i terrenget. Trolltunga har jo vorte ein turistattraksjon for fullt dei siste åra. Vi var aleine klokka 9 om morgonen.

 

Hoppeklassebilde

Hoppeklassebilde

Ein titt utover kanten.

Ein titt utover kanten.

I og med at ein person datt ned der for bare nokre veker sidan, så tok vi det piano. Selfier og klassebileter vart tatt under ein lav sko, og erkjennelsa av at ein er liten i verda var teljande. For å sjå på fleire geologiske fenomen ligg det ein del jettegryter oppe i dagen kring Trolltunga etter at dei la elvane i rør. Ganske så fascinerande at stein og vatn kan lage slike formasjoner i berget. Da vi sala på oss sekkane og vende nasen mot Skjeggedal, så møtte vi personar. Nokon kom tidleg, andre var så vidt i gang da vi kom fram. Tendensen var klar: våre sekkar var enorme i forhald! Dei siste vi møtte var ei klasse frå Bømlo Folkehøgskule. Artig å møte einan og veksle nokre ord før turane fortsatte kvar for seg.

Takk for turen. Og fleire kjem!

 

 

 

 

 

Print Friendly, PDF & Email