VENNEHELG

11069694_10152865082677921_1747791326275534142_o

Hardanger Folkehøgskule arrangerer vennehelg helga 13.-15. januar. Elevane får lov til å invitera vennene sine på besøk på skulen si rekning. Besøket får informasjon om skulen, god mat og underhaldning og vi arrangerer morosame leikar og konkurransar.

For oss er det spennande å møta dei næraste vennane til elevane samtidig som vi trur at det er interessant for andre å koma til oss for å sjå kva folkehøgskule virkelig er. Vi klarar ikkje å visa alt, men nokre smakebitar vil vi kunne gi.

Dette ser vi fram til og håpar at det vil bli ein like stor suksess som det har vore før.

Print Friendly, PDF & Email

ELEVSTEMNET 2016

home1

Hardanger Folkehøgskule innbyr tidlegare elevar til elevstemne 2016 den 11.-13. november.

Dette er eit treff for fjorårskullet og alle andre kull frå og med 2005/06. Vi håpar at så mange kull som mogleg vil setja av helga for å besøkja sin gamle folkehøgskule.

Pris;

  • Overnatting klasserom inkl.kveldsmat fredag t.o.m. frukost søndag; 650.-
  • Kun festmiddag lørdag ( ikkje overnatting eller andre måltid ) 300.-

Påmeldinga blir registrert når elevstemnet er betalt. Kontonr;  3450 05 03418 

Frist: 4.november!

 

PS! Ta med liggeunderlag og sovepose!

 

NB! Skulens reglar gjeld under heile arrangementet.

 

PROGRAM ; 

Start laurdag 12.nov kl. 12.00
Innhald:
* 12.00 og 12.30 Lunsj; graut som seg hør og bør
* 14.00 Linjetreff for hest, friluftsliv, resq, idrett, cosplay og jakt.
– Elevar på hest møtes på biblioteket
– Idrett på klasserommet oppe i H-bygget
– Friluftsliv og resq i foajeen
– Cosplay i tekstilsalen
– Jakt på sløydsalen
* 15.00 Mimretreff i Jåstadstova m/bilete frå fjoråret m/info om den nye hundelinja og norsklinja.
* 18.15 Festmiddag m/talar bl.a. av elevrådsleiar 2015/16 og 2016/17
* 20.30 Underhaldning og musikalske innslag frå scenen
NB! Kvar linja frå kullet 15/16 forventes å bidra med minst ett innslag!
* 21.30 Kaffi og kaker

______
*10.00 Frukost søndag

Dersom nokon ynskjer å koma fredag så vert det klargjort for det. Det må avtalast i kvart enkelt tilfelle pga klargjering og mat (kveldsmat fredag og frukost laurdag). Gi beskjed ved påmelding.

Under elevstemnet skal det ikkje vera berusa personar på skulen/tunet. Det skal heller ikkje drikkast alkohol på skulen/tunet! Respektèr dette!

  • ALLE KULL MÅ STILLA MED UNDERHALDNINGSINNSLAG!

VELKOMEN TIL EIT HYGGELEG GJENSYNSTREFF!

 

Print Friendly, PDF & Email