Knivemner er henta.

I dag vart emner til knivlaging henta frå skogen, sjå facebook for bileter av sjølve rikulene. Etter ein tur med hunden etter hjorten i gårmorgon, så fann eg ei bjørk som var full av rikuler. Så i dag fekk eg hjelp av ein kollega til å hente dei ned. Så no ligg dei på skulen klar for at nye elevar skal få nytte sine kreative ferdigheitar til å lage ein god brukskniv. Vi tilbyr knivlaging valfag, samt at nokon av klassene gjør det i linjetida. Gle dykk!

Print Friendly, PDF & Email

KERAMIKKURS

Kurset går over 2 helger (laurdag og sundag):

1.
helg: 7.-8.
mars: DREIING 10 timar

2.
helg: 11
– 12. april: GLASSERING AV FERDIGLAGA
PRODUKT

MODELLERING ETTER MODELL 10 timar

Undervisningstid: 9-15 kvar dag.

På ettermiddag og kveld står verkstad til
fri diposisjon.

Kurspris: kr. 12oo ( ved 10 deltakarar)

Inkl. materialkostnader+modell.

Overnatting og mat: kr. 800 (kr. 200 pr. døgn)

Påmelding innan 1. mars til kontor@hardanger.fhs.no eller 53671400

Print Friendly, PDF & Email

OPPTAKSSTART!

 

opptak

I morgon ( 1.februar ) er opptaksstart og Hardanger Folkehøgskule startar med å sende ut opptaksbrev til dei som har søkt.
Vil du sikre deg plass hos oss? Søk no!

Print Friendly, PDF & Email

UTDANNINGSMESSE

utdanning

Etter folkehøgskuleåret skal elevane vidare, anten inn i studielivet, i millitæret eller ut i arbeidslivet. Uansett kva ein skal er det greit å ha ei oversikt over alternativa. Derfor drar vi med alle elevane til Bergen på Utdanningsmessa «Ta Utdanning» Vi er tilstades på messa måndag 26.januar, og håpar at elevane våre opplever dette som nyttig i forhold til dei valga dei står framfor. Vi kombinerer det nyttige med det sosiale og spiser pizza saman før vi returnerer med fellesskyss til skulen.

Print Friendly, PDF & Email