Alaska.

Kven har ikkje høyrt om villmarka i Alaska og tenkt at dit skal eg? Vi stakk dit vi, og det rett etter skulestart.

klasse

 

Brakstart! Snaue to veker på skula og der satt vi i flysetet mot Anchorage. Under oss skimta vi isfjell,  Grønlandsisen og snart hundrevis av elvar der nede innerst i Alaska. Desse 10 dagane vart ein fin måte å bli kjend i klassa. Vi satt samanpressa i ein minibuss, bodde oppå kvarandre i telt og rafta saman i båtene. Det var rett og slett ein fin måte å bli godt kjende på, vart vi forlikt om. Vi hadde kanskje forventa oss litt meir villmark og litt meir det tradisjonelle friluftslivet, men det var jo interessant å sjå korleis det går føre seg andre plassar. Uansett så fekk vi prøve ein del som vi absolutt skal gjøre meir. Spesielt kanopadling i elv, det var eit av turens høgdepunkt!

 

img_0316

 

Første delen av turen besto av forflytting i minibuss gjennom eit fantastisk landskap. Tinder som var snødekte, med gult lauv i liene og klar haustluft. I Denali fekk vi prøve rafting i brekaldt vatn i elva Wenoah. Ingen tippa og takk og lov for det, men det var noko spesielt å sjå dei djupe elvedalane med porøst berg frå vassflata. Leirlivet var kanskje det andre møtet som fekk oss til å forstå at det er verkeleg forskjelleg i det norsk-skandinaviske ordet, friluftsliv og det engelske omgrepet outdoor living. For ved Otto Lake vart telta våre plassert i noko som kunne likne sandkasser for å vise camparane kvar telta skulle stå. Maten var gjort ved sidan av minibussen i eit særdeles utvida feltkjøken. Maten var god han, og vår guide Grizz, var ein framifrå kokk.

 

amerikansk-camping

 

 

img_0434

 

 

Det første møtet som gjorde at vi stussa litt på villmarkskontakten var at alle våre ”hikes” gjekk på tilrettelagde grusstiar i terrenget. Guiden skjønte etter ei stund at det ikkje var dette vi hadde sett for oss, noko som gjorde at han endra litt på opplegget, slik at vi fekk rusle litt sjølve i den verklege villmarka nokon timar. Og det er som på jaktfilm: høge slanke granar, uendelege landskap og noko særdeles tett undervegetasjon. Sjølv om det var ein ganske tørr dag, så var turfølget godt bløte. Men gud bedre, så herleg å gå i storskogen i Alaska da! Det er ikkje sikkert det hadde gått folk der på månadsvis, og der var vi 12 naive folk, som ikkje trudde vi skulle støte på bjørn. Noko vi heller ikkje gjorde. Før dagen etter!

 

img_0231

 

Da vart vi sendt på ein sigtseehingtur innover Denali National Park. Noko lat tilnørming til naturen, men la gå vi ville jo sjå bjørn og moose. 8 timar seinare kom vi attende. Undervegs hadde dette hendt: vi såg ein bjørn ganske tidleg. Han eller ho, ikkje så lett å sjå på 200 meter, gjekk og åt blåbær i solhellinga stille og roleg. Vi fekk opplyst om at grizlybjørnen ikkje blir så stor her i innlandet, da han ikkje har tilgang på laks som langs kysten. Derfor et han blåbær. Nokon hundretusen blåbær om dagen. Dei gjør det for at det er ganske enegikrevjande og ta ein elg, samstundes som ein må passe på byttet sitt slik at ingen andre kjem og tar det i frå dei. Derfor et dei blåbær, og da ganskje mange. Ferda vår gjekk innover landskap og geografi som manglar samanlikning i Noreg, med tanke på å vere urørt. Her fanst bare vegen, og ikkje noko anna menneskeleg infrastruktur. Turens høgdepunkt var utan tvil dette: Plutsleg sto ein bjørn i vegen framfor bussen. Sjåføren stoppa, og bjørnen gjekk sakte mot bussen. Vi heldt pusten og kamera. Bjørnen gjekk på sidan av bussen, og labba sakte inni skogen for å eta meir bær. Det var tydeleg at denne karen ikkje tykte denne bussen med pensjonistar og 12 ”ungdommar” var nokon trussel. Uansett, eit majestetisk møte med eit majestetisk dyr. Seinare på turen fekk vi sjå noko som gjorde at læraren fekk skjelva. På 400 meter så syntest eit sett med elggevir. På 400 meter! Det vi no satt og såg på gjennom ymse zooming på kameraene våre, var ein elg som ein bare kan draume om å sjå. Han var så stor at kua ved sidan av var ein jerv i følge dei kraftig bygde pensjonistane bak oss. 8 timar seinare var vi attende i leiren.

 

camp

 

 

Turen gjekk vidare frå Denali til Wrangel St. Elias National Park. Ein nasjonalpark som er like stor som, hald deg fast, SVEITS! Det er forhald «over there» som er så store at dei bare må opplevast. Før vi kom dit, så tok vi Denali Highway, som etter norsk standard var ein grusveg av dårleg kvalitet. Omlag slik kvalitet som gjør at lokalavisane skriv om og det står oppstilt 5 sure folk, der dei held opp restane av eit dekk som har punktert på grunn av vegen. Altså slik kvalitet var det på denne vegen, og vi rekna ut at vår eminente guide bomma på 2 av desse hola på denne 3 timars bussturen. Uansett, så fekk vi padla kano ved McLaren River Lodge. Og det må bare seiast: det var noko av det finaste med heile reisa. Vi var kjøyrt opp elva på motorbåt, og var sluppe av på nokon miles frå ein isbre, som elva kom frå. Du kan bare tenkje deg å padle nedover ei rennende elv i solskinnet mens toppane rundt er dekka av snø.

I Wrangel St.Elias gjekk vi på bre og vi vitja McCarthy, ein by som vistnok har hatt eit program om seg på National Geographic. Breturen var fin og kald. Root Glacier har eit av verdas høgste brefall. Noko vi såvidt ana langt borte frå der vi gjekk på bretunga og labba att og fram.

 

img_0507

 

bre

 

Kveldane på turen var prega av leirbål, campingstolar, god mat, teltliv og mykje latter. Vi kan kanskje sende Griz nokon tankar, for det var ein del leven kring oss av pur glede.

Turen vart avslutta med nokon nye dagar i Anchorage og 8 timers forsinking på flyet attende frå Reykjavik. Ja, la gå! Vi takker for turen, og ser at dette har vore med å forme folkehøgskuleåret vårt. Vi gler oss til turar vidare!

Per Jørgen.

 

Print Friendly, PDF & Email

Med kano frå Ljørdalen til snøen i Sverige.

Ja, du las riktig. Etter ein fantastisk kanotur i Alaska før i haust, så var klassa særs villige til å padle meir kano i elv før året var over. Så ferda gjekk tvers over landet til Trysil for å tyne barmarksfriluftslivet til det siste, samt å få kontakt med storskogen.

jaimg_0358

 

Ljøra er for det meste ei roleg elv, som slynger seg fint gjennom gran –og furuskogen så langt aust i Sør-Norge som ein kjem. Oktober og kanopadling er jo ikkje ein kombinasjon ein høyrer om, men det kan eg seie med ein gang: det er å tilrå. I allefall om eit så flott ver som vi fekk gleda av. Det å padle elv byr jo på litt andre og meir utfordringar, enn å padle på flatt vatn. Så dagane vart lagt opp til forflyttning, men vi brukte tida til å trene teknikk og ikkje minst til å synfare stryk for å velje den beste måten å komma seg gjennom på. Det låg også mykje god læring i å synfare, padle og så sjå på stryket frå nedstrømssida, for å bygge opp forståinga av korleis elva oppførar seg. Vi øvde på å gå inn og ut av bakevjer i starten, for å komma oss til ein sikker stad etter at vi hadde passert stryket.

 

img_0017

 

img_0476

 

Det var ikkje bare padlinga som var i fokus på denne turen. Vi nytta også god tid til leirslaging, matlaging og til å lære mykje anna nytt. Ljørdalen og Ljøra har ein fløterhistorie som er verdt å vite noko om, når ein padlar der. Så vi levde også litt som tømmerhuggarar og fløtarar, der vi åt flæskmunk, felte tre og sov framfor nyingen. Samstundes som vi nytta nokre netter i Ljørkojene langs elva og på Støa Kanal. På Støa Kanal fekk vi også høyre litt om historia frå 150 år sida, der tømmeret vart frakta frå Ljøra over til Trysilelva for å komma til sagbruk sørover i Sverige. Dagsljoset er ikkje det lengste på denne tida av året, slik at kveldane vart nytta til å kose oss med maten. Vi laga elgsteik i kokegrop, pizza i sjusteinsovn, wok i panne og kokte kriminelt mykje kaffe. Eit av høgdepunkta var nok elgsteika med potetmos frå botten av og tyttebærsyltetøy. Da var det stemning kring tyrivarmen i ljørkoja!

 

img_0398ja

 

img_0636

 

Det å følje ei elv over så mange dagar, gjør at ein kjem inn i ein rytme som bare er behagleg. Takk åt tri knalldagar med solskinn for det.

Vi lærte også knuter, laga fakkel, laga kolstifter og vi fekk fyre bål under mange forhald. Både med tørrgran og tyri. Da vi vakna opp på tysdagsmorgon, så låg det 10 cm med nysnø på bakken. Det føltes likvel riktig å padle seg over svenskegrensa, tross det kvite teppet som innhylla landskapet.

Spesiell stor takk til Nils Harald Høye for kanoutlån og henting og transport for oss. Takk til Anne Grete og Geir Stubsveen for lån av kano og hengar. Takk til Harald Drange for lån av kano. Hadde det ikkje vore for dykk så hadde vi ikkje kunne ha gjort denne turen. Takk til Bestemor Gunnvor og, for å ha sett nordeuropeisk rekord i vaffelsteiking.

Takk for turen!

 

jaimg_0011

Print Friendly, PDF & Email

VEGSTENGING MELLOM ODDA OG LOFTHUS

Statens vegvesen og Contexo har kome fram til at dei ikkje greier å opna riksveg 13 på laurdag, slik planen eigentleg var.
Slik såg det ut etter at ei stor salve vart fyrt av den 17. oktober.

– Vi diskuterer fram og tilbake om når vi kan greia og opna vegen, og har så langt ikkje konkludert, men vi kjem med ein dato om eit par dagar, seier byggjeleiar Terje Nesse i Statens vegvesen.

Han legg ikkje skjul på at det vil gå fleire veker til før vegen kan opna. Omfanget på sikringa som må til er stort.

Verre enn venta
Når entreprenøren Contexo har fyrt av salver på toppen av den høge fjellskjeringa, kjend som «osten», har det dukka opp nye sprekkar og lause parti nedover.

– Det er for farleg å gå inn og sikra skjeringa frå nedsida, det er både utrygt for arbeidsfolka våre og ville ikkje blitt trygt nok til å setja trafikk på, forklarar Nesse.

I byrjinga var høgaste punkt på skjeringa på kring 36 meter. No står det att 24 meter frå toppen og ned til vegbanen.

– No er planen å sprengja seg ned 12 meter til, for så å gå i gang med å sikra den 12 meter høge skjeringa som står att, seier Nesse.

I perioden med heilt stengt veg, har ein ikkje jobba på nedsida av skjeringa i det heile. For det sørlege delen av fjellpartiet fekk ein ikkje vekk nok med den store salva som vart fyrt av 17. oktober. Ein har difor sprengt i fleire etappar her, med mindre salver.

Ifølgje Nesse er mesteparten av massane frå «osten» tatt ut med gravemaskin og transportert til sjøtippen entreprenøren har laga seg til med. Men noko, det lengst ute på kanten, er skubba utfor og rett på fjorden. Årsaka er at det ikkje har vore trygt å kvitta seg med massane på anna vis.

Print Friendly, PDF & Email

Gode råd fra tidligere elever 11.

Det siste innlegget med gode råd og minner fra fjorårselevene kommer sent, men fortsatt godt!

 

Andreas, jakt:

  • Råd: Ver med på så mykje som mogeleg.
  • Valgfag: Tips og triks i naturen
  • Beste minnet: Seglturen

 

aeshetland-26

 

aeshetland-13

 

Thomas, resq:

  • Minner: første uka på Hardangervidda og vinterkurs på Finse.
  • Beste valgfag: case – man slapper av og diskuterer.

 

r-15

 

Tor Sigurd, jakt:

  • Godt råd: Grip alle muligheter du får.
  • Beste valgfag: Tips og triks i naturen. Du kommer deg ut i naturen og koser deg.
  • Beste minne: Villsvinjakta i Sverige.

 

j-12

 

Marius, stipendiat friluftsliv/resq:

  • Knivlaging valgfag er det jeg ikte best fordi da kan man lage noe nyttig som varer lenge.
  • Råd 1: dra deg opp om morran! Ingen betaler 100-120 000 for å sove om morran.
  • Råd 2: Bruk foajeen, sløyden og gymsalen. Sitte på rommet kan man gjøre de neste 60 åra, folkehøgskolen er ferdig før du får tenkt deg om.

 

i-6

 

afdag-13

 

Harald, stipendiat jakt:

  • Nyt hver dag!
  • Vær deg selv!
  • Si takk for maten til kokkene, for da blir de så glade!

 

aeshetland-28

 

dav

 

Erlend, jakt:

Gode råd:

  • By på deg selv!
  • Delta i sosiale begivenheter!
  • Vær deg selv 100%!

Valgfag:

  • Tips og triks
  • Volleyball
  • Menneske og natur

Beste minne:

  • Hedlo

 

i

Print Friendly, PDF & Email

Gode råd fra tidligere elever 10.

Vi er ferdig med den første uken i skoleåret 16/17. Selv om det bare har gått en uke virker det som vi har kjent hverandre mye lenger! Det har vært en uke fylt med nye venner og masse latter. Vi gleder oss til fortsettelsen, og tar i mot noen flere gode råd fra fjorårets elever på veien.

 

Øystein, jakt:

  • Valgfag menneske og natur.
  • Knivlaging
  • Seglturen

 

æshetland (23)

 

Halvor, friluftsliv:

  • Godt råd: Prøv å ver flink til å sosialisere seg. Ikkje låse seg inne på rommet. Finn på noko aktivt saman med andre.
  • Beste valgfag var hest. Hadde aldri ridd før, og syntes det var moro og lærerikt.
  • Beste minnet frå skuleåret er frikøyring på Svalbard.

 

13169921_1100832073308072_1129466726_o

 

 

Marie, friluftsliv:

Tips:

  • Ta med slippers/crocs.
  • Ikke vær mye på rommet.
  • De beste minnene skaper du med vennene dine utenfor skoletiden. Forslag: Gå til Nosi, sov ute, bål på stranda.

 

internat1

 

Anne Sofie, hesteliv:

  • Det beste valfaget var presisjon. Jeg fikk frisket opp i gamle interesser og utfordret meg selv.
  • Hedlo!! Den første fellesturen. Definitivt et av de beste minnene. Turen i seg selv var topp og det fikk virkelig satt fart på vennskapene.
  • Marokko er også et av de beste minnene. Kjempebra tur med mange nye opplevelser.

 

bhedlo (16)

 

h (14)

 

Lars, friluftsliv:

Godt råd: Når dere er på tur – nyt hvert minutt av den turen.

Det beste minnet: Foreldrefesten var fantastisk gøy! Hovedturen til Svalbard var et minne for livet!

 

 

f (16)

 

Tiril, hesteliv:

  • Snakk med folk. Inkluder deg selv. Snakk med så mange som
    mulig.
  • Beste valgfag: tips og triks i naturen. Nyttig turinformasjon og kunnskap.
  • Minner: Statsråd Lehmkuhl. Hestene. Alle man blir kjent med.

 

h (12)

 
h (8)

 

 

Print Friendly, PDF & Email

Gode råd fra tidligere elever 9.

Kullet 15/16 har skrevet ned gode råd, valgfag-anbefalinger og noen av de beste minnene sine fra året, så de kan hjelpe neste års kull med å forberede seg og kanskje få noen ekstra sommerfugler i magen i løpet av sommerferien. Her kommer niende av elleve innlegg som blir lagt ut i løpet av sommerferien.

 

Lena, stipendiat idrett:

  • Det beste valgfaget i år har vært klatring, fordi man møter nye utfordringer på forskjellige nivå og har det gøy samtidig, og er aktiv.
  • Mitt sterkeste minne fra skoleåret er fallskjermhoppet, og alle som skal gjøre det kan bare glede seg!
  • Rådet mitt til neste års elever er å nyte hver dag, tiden går altfor fort!

 

bhedlo (2)

 

f (14)

 

Julie, jakt:

  • Vær sosial og nysgjerrig!
  • Beste valgfag: Boklesing, var så avslappende og godt.
  • Beste minne: Shetlandsturen.

 

æshetland (1)

 

æshetland (2)

 

Johanne, hesteliv:

Et godt råd: Vær åpen for å bli kjent med nye mennesker.

Beste valgfag: Hund, fordi det er noe som interesserer meg og veldig morsomt med hundekjøring og andre aktiviteter.

Beste minne: Marokkotur med klassen.

 

h (10)

 

h (19)

Print Friendly, PDF & Email

Gode råd fra tidligere elever 8.

Kullet 15/16 har skrevet ned gode råd, valgfag-anbefalinger og noen av de beste minnene sine fra året, så de kan hjelpe neste års kull med å forberede seg og kanskje få noen ekstra sommerfugler i magen i løpet av sommerferien. Her kommer åttende av elleve innlegg som blir lagt ut i løpet av sommerferien.

 

Synne, idrett:

  • Godt råd: Ta med varme klær!
  • Beste valgfag: Klatring, fordi man får utfordret seg selv.
  • Beste minne: fallskjermhopp.

 

mye klær  12467943_10153711859636760_1089145583_n (1)   13150062_10154044812081760_770097876_n

 

i (5)

 

Victoria, resq:

  • Husk at ditt fhs-år blir det DU gjør det til!
  • Valgfagene gitar, hund og volleyball er best!
  • For all del, betal skolen det du skal når du skal! Ikke kjekt med gjeld.

 

r (6)

 

idrett bilder

 

Rasmus, friluftsliv:

  • Kos deg!
  • Beste valgfag: Fysisk, pga konkurranser og andre morsomme aktiviteter.
  • Beste minnet er første overnatting i telt.

 

12193848_1637575746519651_2194793933066947008_n

 

æshetland (14)

Print Friendly, PDF & Email

Gode råd fra tidligere elever 7.

Kullet 15/16 har skrevet ned gode råd, valgfag-anbefalinger og noen av de beste minnene sine fra året, så de kan hjelpe neste års kull med å forberede seg og kanskje få noen ekstra sommerfugler i magen i løpet av sommerferien. Her kommer sjuende av elleve innlegg som blir lagt ut i løpet av sommerferien.

 

Roy, idrett:

  • Beste valgfag: idrett.
  • Beste minne: Fallskjermhopp

 

10981695_10152734111407921_8761101161940959367_n

 

Steffen, jakt:

  • Beste valgfag: tips og triks i naturen. Lærte masse, men koste meg enda mer!
  • Beste minnet jeg har er fra villreinjakta, det var en fantastisk opplevelse og kommer ikke til å glemme det med det første.
  • Mitt beste råd: Nyt skoleåret til det fulle!

 

Reinjakt3

 

Reinjakt4

 

Anne Lise, hesteliv:

  • Beste valgfag: Knivlaging, kjekt å kunne lage ein eigen kniv som pappa kunne blitt stolt av!
  • Godt råd: Vær utadvendt, sosial og nygjerrig. Husk å utnytt siste tida med hestane veldig godt!
  • Beste minne: Kulturprosjekt og Shetlandsturen!

 

1402330_10152904072527921_6956113464716487878_o

 

11200948_10152904067152921_7538532463500578569_o

Print Friendly, PDF & Email

Gode råd fra tidligere elever 6.

Kullet 15/16 har skrevet ned gode råd, valgfag-anbefalinger og noen av de beste minnene sine fra året, så de kan hjelpe neste års kull med å forberede seg og kanskje få noen ekstra sommerfugler i magen i løpet av sommerferien. Her kommer sjette av elleve innlegg som blir lagt ut i løpet av sommerferien.

 

Sindre, idrett:

  • Godt råd: Gjem vaskepulveret deres!
  • Beste valgfag: Skyting, pga det var en ny erfaring for meg.
  • Beste minne: Fallskjermhopp i Spania.

 

Magnus i lufta

 

skyting

 

Karoline, hesteliv:

  • Godt råd: Ta godt vare på deg selv og de rundt deg!
  • Beste valgfag: Presisjon og ballidrett.
  • Beste minne er å bo på internat med unge mennesker som bor vegg i vegg + Marokko-turen.

 

10535711_917636624972419_5109487090063328402_o

 

12841336_917645161638232_8375947317669630831_o

 

Lars, jakt:

  • Beste valgfag: tips og triks.
  • Beste minne: Elgjakta.
  • Råd: Ver sosial, ikkje sit på rommet.

jakt6

 

 

Print Friendly, PDF & Email

Gode råd fra tidligere elever 5.

Kullet 15/16 har skrevet ned gode råd, valgfag-anbefalinger og noen av de beste minnene sine fra året, så de kan hjelpe neste års kull med å forberede seg og kanskje få noen ekstra sommerfugler i magen i løpet av sommerferien. Her kommer femte av elleve innlegg som blir lagt ut i løpet av sommerferien.

 

Karianne, stipendiat hesteliv:

  • Godt råd: bruk tiden godt og nyt hver dag av skoleåret.
  • Minne: kløvtur en uke på Hardangervidda, med hester i kombinasjon med første fellestur med skolen.
  • Beste valgfag: Presisjon. Da jeg og to andre stipendiater fikk planlegge og gjennomføre vår egen time med elevene. Ellers var det valgfaget noe annerledes enn det jeg vanligvis gjør.

 

1553275_10153231995737921_1392539987885819038_o

 

11225376_10153231994887921_4005431021397653369_o

 

Lars, resq:

  • Bli gode venner med kokkene, det får du mye igjen for.
  • Betal skolen det de skal ha. Jæ#%&# leit med gjeld.

 

10482563_10152772665852921_2126364423703378012_n

 

Sigrid, idrett:

  • Godt råd: Ta med flip-flopper til å ha i dusjen.
  • Beste valgfag: Hest, det var gøy å få være i stallen og få ri, og det gjorde ingenting om det regnet litt.
  • Beste minne: Linjetur til Spania med idrettsklassen.

 

11224238_10153628972997921_5528737779205998640_o

 

12983377_10153628973997921_269885098393980736_o

 

12998299_10153628973117921_8737766526980938527_o

 

 

Print Friendly, PDF & Email