LEDIG STILLING – LÆRAR COSPLAY

Hardanger Folkehøgskule er ein tradisjonsrik frilynt folkehøgskule på Lofthus.

Vi legg vekt på å skapa eit godt, trygt og inkluderande miljø som alle skal kunne trivast i.

Hardanger fhs er ein allmenndannande skule som skal gjera ein skilnad i ungdommens liv. Å skapa trivsel og læring for elevane er ein nøkkelfaktor for alle tilsette.

Skulens verdiar er;

Likebehandling

Samhold

Læring

Engasjement

Vårt grunnleggjande menneskesyn er at alle er likeverdige, uansett bakgrunn og sosial status

 

På skulen vektlegg vi bl.a;

Samarbeid, engasjement, læringsglede, fellesskap, likebehandling, samhold og utvikling.

Vi har eleven i sentrum og vektlegg erfaringslæring.  Undervisninga skal vera praktisk retta utfrå ein solid teoribase. Elevane skal utvikla seg både fagleg, sosialt og personleg ila året og læraren skal tilretteleggja for dette.

 

Vi har ledig 80 % stilling for skuleåret 2017/18, med moglegheit for forlenging på :

COSPLAY – JAPAN

Cosplay er eit linjetilbod som skal ivareta elevane si skapartrang og deira kreative evner innan søm og cosplay.

Elevane skal få opplæring i søm, worbla, EVA foam, FX sminke og parykkstyling, m.m. I tillegg skal dei laga kostymer som dei skal ha på seg på cons.

Dei skal kunne laga og tilpassa mønster til t.d. kjolar, korsett, toppar el.l.  Dei lærer grunnleggjande sy-teknikk slik at dei kan sy kjolar, bukser, jakker, etc.

Vi ser etter ein erfaren cosplayer som har:

  • Erfaring frå events og work-shops i cosplay
  • Erfaring i drama og performance
  • Gode søm-og/eller kunnskapar om dei materiala som ein brukar i cosplay
  • Eigen erfaring frå cons og konkurransar
  • Kjennskap til cosplaymiljø og cons
  • Kjennskap til manga og anime
  • Kunnskap om teknikkar du treng for å laga kostyme og ulike cosplay, t.d. worbla og EVA foam

 

Realkompetanse kan vega opp for manglande pedagogisk utdanning.

Du må rekna med ein del reisedøgn i jobben. Det er tillagt sosialpedagogisk arbeid med tilsynsplikt til stillinga.

Søknadsfrist 2.mai

Søknad med CV og referansar skal sendast til kontor@hardanger.fhs.no

Print Friendly, PDF & Email

OPEN SØKNADSFRIST – LØPENDE OPPTAK

 

IMG_0046

Du kan når som helst senda søknad til Hardanger Folkehøgskule!

Vi har ingen søknadsfrist, og tar opp elevar etterkvart som søknadane kjem inn, under føresetnad at vi har plass og at søknaden din er fullstendig.

Trykk på SØK NO knappen på framsida og du er igang.

Print Friendly, PDF & Email

Hundelinjen tilbragte linjeuken i Bergen. Akvariet og Fjellanger var allerede på planen, men Elizabeth hadde også ordnet et opplegg hos Stend videregående skole. Der fikk vi prøve å trene med kaniner, rotter og degus. Vi lærte også hvordan de trener hunder til spesialsøk, og vi fikk prøve det ut med en av våre hunder.

Image

Renate trener en degus med targetstick.

 

Image-1

Vi brukte håndtarget til burtrening med kaninene.

 

Neste dag tok vi turen til Akvariet i Bergen for å se og lære om hvordan sjøløvene og selene blir trent. De hadde et lite show etterfulgt av at vi fikk snakke med en av hovedtrenerne. Han fortalte om hvordan de bruker belønningsbasert trening etter samme prinsipper som vi trener hundene våre.

Image-5

Pingvinene på Akvariet i Bergen.

 

Image-9

Akvariet har mye interessant å by på.

 

De siste tre dagene tilbragte vi på Fjellanger Hundesenter, der søk var i fokus. To av instruktørene der fortalte om forskningsprosjekt hvor de trener opp hunder til å søke etter kreft og rust. Praksis delen bestod for det meste av å trene våre hunder til å markere på det de skulle finne. Siste dagen avsluttet vi med agility, noe som alle synes er gøy.

 

Image-2

Fellesdekk med flinke hunder.

 

Image-4

Cera og Henriette trener på markering.

 

Image-6

Tid for agility.

 

Image-8

Her kartlegges det hvilken belønning Darius synes er best.

Kveldene bestod av felles middag på Egon og hyttene hvor vi koste oss med spill og sosialt samhold.

 

Print Friendly, PDF & Email

KERAMIKKURS

Med Per Nornes, 3.-5. mars 2017
Pris 3.000.- inkl materiell.
Påmelding snarast til Hardanger Folkehøgskule, 53671400

Print Friendly, PDF & Email

OPPTAK 2017

Den 15.februar er første opptaket av elevar til hardanger Folkehøgskule over. Då er svarfristen ute for dei som fekk tilbod 1.februar ute. 

Vi lurar på korleis det har gått, og spurte rektor om det.

 

Kelly Chan sitt bilete.

Korleis har det gått med opptaket dei første 14 dagane av opptaksperioden?

  • Det har gått strålande! Halvparten av alle skuleplassane er allereide opptatt og ei linje er så godt som fylt opp allerede.

Er dette raskt samanlikna med andre år?

  • Ja, det er det forsåvidt. Vi har nok ikkje lagt så høgt pr.15.februar dei siste 10 åra, så dette lovar svært godt for opptaket.

Hundelinja er nesten fylt opp seier du. Korleis går det med dei andre?

  • Dei rekrutterer meir normalt. det vil sei at dei er frå 1/3 til 1/2-fulle. Litt variasjon frå linja til linja. men med denne responsen så vil skuleplassane forsvinna fort.

Kva betyr det?

  • Det betyr at dersom nokon vurderer å søkje så bør dei bestemma seg fort. Eg anbefalar alle som spør om å søkje fort slik at dei kan sikra seg ein plass på det den linja dei vil. Det blir for dumt å bli sein, for vi tar inn elevar etterkvart som søknadane kjem inn.

Kva skjer når ei linje er full? Er alt håp ute då?

  • Det blir oppretta ventelister på alle linjer, for det kan skje endringar utover våren og sommaren. Særleg ser vi det i dei periodane som opptaket til millitæret og høgskulane foregår. Vi tilrår difor alle å følgja med på www.folkehogskole.no på dei enkelte linjevalga for der vil det stå om det er ledige plassar eller evt.ventelista, men det er berre å søkje sjølv om det står venteliste på nettet. Er du kvalifisert blir du plassert på ventelista i den rekkefølgen søknaden kom inn.

 

Print Friendly, PDF & Email

Snøholetur

Frå måndag til tysdag så låg heile friluftsliv i snøhole. For dei fleste for første gang. Først så fann vi ein 4 meter høg skavl, fann snødjubda og starta på å grave. To grupper grov tradisjonell snøhole, mens to grupper laga seg kantgrop.

 

IMG_0086

Kantgropgrøfter under utgraving.

IMG_0103

Kangropgrøfta er ferdig, og takblokkene er utsaga og ligg og herdast i vinden.

IMG_0111

For å tette taket best mogleg, så kasta vi snø på taket for at ljoset skulle bli borte. Uansett eit vakkert motiv.

IMG_0125

Tetting av inngang til snøhola kan gjøras på mange vis. Her er det eit realt lagarbeid som redda varmelåsen og nattesømnen.

IMG_0131

Blide karar ved frokosten i kantgropa.

IMG_0154

Skileik! Eirik på hoppet. Neste hopp tok han frontflip, men det fekk ikkje fotografen med seg.

IMG_0164

Anders med lågt tyngdepunkt og konsentrert blikk.

IMG_0170

Døl med god lårmusklatur.

IMG_0190

Så kom skodda.

 

Overnatting i snøen er litt teknisk, men har ein gjort det ein gang, så er det litt som å sykle. Det er jo stas å vakne opp første natta i eigetlaga hus. Nokon endringar til neste gang, og nokon justeringar, så har lærdommen gjort snøhola til eit fint soverom.

Den beste turen, er den neste turen. God tur.

Print Friendly, PDF & Email

Høgfjellet i kok

I allefall sluten på siste dagen…..

Før jul var ein roleg turperiode fram mot jul, men er vi no inne i ein periode med mykje turverksemd. I mars skal vi på skikkeleg langtur på Vidda, så no må grunnlaget leggjast!  Denne veka gjekk turen til Kjeldebu.

 

måndaag

 

finlys

 

 

tuppekos

 

 

Vi starta frå Krossdalen med eit ynskje om at termometeret på bilen ikkje stemte. Så fort vi gjekk ut av bilen, så kjende vi kram snø under beina. +3 stemte. Farken. Forhalda kan vi ikkje gjøre noko med, så da var det å gjøre det best for oss sjølve. Fokuset på denne turen var turrutinar og orientering. Så dei dagane hadde var sin gjeng til å leie og orientere. Det ga oss ein del utfordringar for å navigere i eit landskap med mangel på ein del haldepunkt som bekkar, myrar, stiar og vatn, gjør det til ei utfordring som krev sin elev! Måndagen ga oss mildt ver, kladdar på skia og litt dårleg feste. Og vi kom fram til hytta ein halvtime før det mørkna heilt.

 

spøker

 

Da ein kjem fram til ei hytte, så er det ein del rutinar som skal gjørast: lufte ut hytta ( her var det -25 gradar førre veke, så det var kaldare inne enn ute), hente ved, tømme aske, fyre i ovn, skrive seg i protokollen, tine snø og finne senga. Middagen vart ein matorgie og etter kveldssamlinga så bar det i seng.
Tysdag møtte oss med litt meir vind, men det klarna opp veldig utover dagen og ga oss sol!  Og i sola hadde vi tårnkonkurranse, blindegåing, og litt skikjøyring.

tårn

 

Fast for alle store pausar er at vi sett opp levegg. For å bygge ein god vegg, treng ein ein konstruksjon som er solid. Da treng ein blokkar, og dei finn ein ikkje nødvendigvis på overflata. Så det gjeld om å lete etter dei. Derfor hadde vi ein tårnbyggekonkurranse etter lunsjen, for å øve på snøkjennskap. For å finne ut korleis det er å orientere i dårleg sikt, så gjekk vi i blinde mot ein stav. Det var ein del aha-opplevingar på isen.

 

blindinger

 

Vi fekk og teste brennarane våre, før vi gjekk inn att i hytta for å eta oss forderve andre dagen på rad. Onsdagen var det utvask og oppstart retning Krossdalen, men langs ei anna rute. Vinden hadde auka på ein del, og med snø i lufta vart sikta lita utover dagen. Leiargruppa tok seg god tid, og fann fram til det GPSpunktet dei hadde laga før vi reiste. Vinden auka på utover dagen, og da vi kom fram mot vegen, var det såpass dårleg sikt at vi gjekk på kompasskurs for i det heile tatt ha sjangs til å komme rett veg. Vinden auka på såpass att det var tungt å gå på ski. Lite trafikk var det og, men det var ikkje så rart, for rv. 7 var stengd. Og der smila vi i vinden. Takk for turen.

 

hardver

 

marius

Print Friendly, PDF & Email

LEDIG STILLING – LÆRAR I FRILUFTSLIV OG REDNING

 

IMG_2930

Hardanger Folkehøgskule er ein tradisjonsrik frilynt folkehøgskule på Lofthus.

Vi legg vekt på å skapa eit godt, trygt og inkluderande miljø som alle skal kunne trivast i.

Hardanger fhs er ein allmenndannande skule som skal gjera ein skilnad i ungdommens liv. Å skapa trivsel og læring for elevane er ein nøkkelfaktor for alle tilsette.

Vi har ledig stilling for friluftslivlærar i 100% stilling.. Stillinga er fast, men styret kan med atterhald gjera ho om til årsvikariat. Læraren blir ansvarleg for skulen sitt tilbod innan friluftsliv-og redningsarbeid og må ha relevant kompetanse innanfor fagområdet.

Skulens verdiar er;

Likebehandling

Samhold

Læring

Engasjement

Vårt grunnleggjande menneskesyn er at alle er likeverdige, uansett bakgrunn og sosial status

På skulen vektlegg vi bl.a;

Samarbeid, engasjement, læringsglede, fellesskap, likebehandling, samhold og utvikling.

Vi har eleven i sentrum og vektlegg erfaringslæring.  Undervisninga skal vera praktisk retta utfrå ein solid teoribase. Elevane skal utvikla seg både fagleg, sosialt og personleg ila året og læraren skal tilretteleggja for dette.

Kvalifiserte søkjarar kan bli innkalla til intervju i veke 12/13. Ved intervju må kandidatane leggja fram helseattest av ny dato.

Den som vert tilsett må vera svært fleksibel i forhold til arbeidstid då arbeidstida vert fordelt i bolkar gjennom året.

Vi treng;

·         Ein pedagog som er ein god tilretteleggjar for læring på alle læringsområde.

·         Ein person med teorietisk og praktisk kompetanse innanfor fagområdet

·         Ein person som har erfaring med å ha grupper på tur

·         Ein person som er sterk sosialt og som likar å jobba med ungdom

·         Ein som er tydeleg i sin kommunikasjon med elevane

·         Ein som er positiv, initiativrik, miljøskapande, samarbeidsvillig og fleksibel

Du må pårekna mange ute/-reisedøgn i stillinga.

Du har gjerne noko undervisningserfaring frå tilsvarande arbeid og brei erfaring frå hjelpekorpsarbeid. Du har også andre interesser som skulen kan nytta i sitt tilbud og du speler gjerne eit instrument.

Du må ha sertifikat på minibuss før du startar i stillinga.

Les meir om innhaldet på linja på www.hardanger.fhs.no eller på www.folkehogskole.no/hardanger.

 

Søknadsfrist ; 1.mars

Aktuelle søkjarar kan bli kalt inn til intervju.

 

Søknad med CV og referansar til trond.insteboe@hardanger.fhs.no

Print Friendly, PDF & Email

LEDIG STILLING – IDRETTSLÆRAR, vikariat skuleåret 2017-18

 

LEDIG STILLING; LÆRAR I IDRETTSFAG

image026

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vi har ledig stilling for idrettslærar i 100% stilling. Stillinga er eit vikariat frå 1.august 2017 til 31.juli 2018. Læraren blir ansvarleg for skulen sitt idrettstilbod innanfor dei rammene som framgår i våre planar.

Hardanger Folkehøgskule er ein tradisjonsrik frilynt folkehøgskule på Lofthus.

Vi legg vekt på å skape eit godt, trygt og inkluderande miljø som alle skal kunne trivast i.

Hardanger fhs er ein allmenndannande skule som skal gjera ein skilnad i ungdommens liv. Å skapa trivsel for elevane er ein nøkkelfaktor for alle tilsette.

Skulens verdiar er;

Likebehandling

Samhold

Læring

Engasjement

Vårt grunnleggjande menneskesyn er at alle er likeverdige, uansett bakgrunn og sosial status.

 På skulen vektlegg vi bl.a;

Samarbeid, engasjement, læringsglede, fellesskap, likebehandling, samhold og utvikling.

Vi har eleven i sentrum og vektlegg erfaringslæring.  Undervisninga skal vera praktisk retta utfrå ein solid teoribase. Elevane skal utvikla seg både fagleg, sosialt og personleg ila året.

Kvalifiserte søkjarar kan bli innkalla til intervju i veke 9/10. Ved intervju må kandidatane leggja fram helseattest av ny dato.

Den som vert tilsett må vera svært fleksibel i forhold til arbeidstid då arbeidstida vert fordelt i bolkar gjennom året.

Kven er du?

Du er ein god fagperson med bachelor eller tilsvarande nivå innanfor idrettsfag

Du har undervisningskompetanse og er ein god pedagog

Du har allsidig idrettsbakgrunn og likar å jobba med ungdom

Du har sterk teoribase, men er ein god praktikar

Du er sterk sosialt

Du er tydeleg i kommunikasjonen med elevane

Du må vera;

Positiv, initiativrik, miljøskapande, samarbeidsvillig og fleksibel

Reisevant og vant med å ha grupper på tur

Fleksibel i fht arbeidstid og belastning

Vi ser gjerne at du spelar eit instrument

Den som vert tilsett må ha sertifikat for minibuss.

 

I søknaden må du oppgi kva andre fag og aktivitetar du kan tilby utover linjefaget.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Lønn etter kompetanse og ansiennitet.

Meir informasjon får ein ved å kontakta rektor på 53671400/92038505

 

Søknad med vedlagt CV må sendast til trond.insteboe@hardanger.fhs.no innan 1.mars 2017. Referansar MÅ oppgis på CV.

image009

 

 

 

 

 

Print Friendly, PDF & Email

Adventstur til Månatun

Endeleg! Endeleg på tur att!

img_0022

 

img_0134

 

 

Etter ein månad inne med øving til elevkveld og knivlaging, så fekk vi oss ein etterlengta joletur. Vi tok ferga over til Utne og gjekk innover Utnedalen til hytta Månatun, som idrettslaget Vestglimt var så snille å leigde ut til oss. Vi møtte ein mann som vevde ned bilruta og tipsa oss om ein skogsbilveg oppover frå kaia. Så da fulgte vi den oppover. Vi møtte snøen ganske tidleg, så nokon snøbollar vart det kasta. Kvelden vart rodd i land med kostspell, brennande kjærleik, orienteringsoppgåver frå GPS til kart og gitarspel.

 

img_0006

 

img_0018

 

 

Tysdagsmorgon, kom Ingrid etter og dagen vart nytta til litt oppdagelse kring hytta. Nokon prøvde seg på menneksebob ned eit bekkefar, nokon klatra i toppen av nokon granar, og nokon surfa ned att også. Bålet vart tent og akebretta kom fram. Bratte bakkar + mykje fjellbjørk= interessant. Ein god lærdom var at lerk er dårleg ved, da han står. Barlaus, men full av liv. :)

 

img_0012

 

 

img_0089

 

 

img_0135

 

 

img_0138

 

 

img_0146

 

 

Tacotysdag og gløgg. Morgonen fekk Sigrid mandelen i grauten og marsipangris for det, og vi vendte nedover til ferga i gjen, etter ein mildt sagt blaut tur.

 

 

img_0042

 
No venter vi bare på snø i fjellet og kuldegradar. Vi ynskjer dykk ei god jol.

Print Friendly, PDF & Email