Med kano frå Ljørdalen til snøen i Sverige.

Ja, du las riktig. Etter ein fantastisk kanotur i Alaska før i haust, så var klassa særs villige til å padle meir kano i elv før året var over. Så ferda gjekk tvers over landet til Trysil for å tyne barmarksfriluftslivet til det siste, samt å få kontakt med storskogen.

jaimg_0358

 

Ljøra er for det meste ei roleg elv, som slynger seg fint gjennom gran –og furuskogen så langt aust i Sør-Norge som ein kjem. Oktober og kanopadling er jo ikkje ein kombinasjon ein høyrer om, men det kan eg seie med ein gang: det er å tilrå. I allefall om eit så flott ver som vi fekk gleda av. Det å padle elv byr jo på litt andre og meir utfordringar, enn å padle på flatt vatn. Så dagane vart lagt opp til forflyttning, men vi brukte tida til å trene teknikk og ikkje minst til å synfare stryk for å velje den beste måten å komma seg gjennom på. Det låg også mykje god læring i å synfare, padle og så sjå på stryket frå nedstrømssida, for å bygge opp forståinga av korleis elva oppførar seg. Vi øvde på å gå inn og ut av bakevjer i starten, for å komma oss til ein sikker stad etter at vi hadde passert stryket.

 

img_0017

 

img_0476

 

Det var ikkje bare padlinga som var i fokus på denne turen. Vi nytta også god tid til leirslaging, matlaging og til å lære mykje anna nytt. Ljørdalen og Ljøra har ein fløterhistorie som er verdt å vite noko om, når ein padlar der. Så vi levde også litt som tømmerhuggarar og fløtarar, der vi åt flæskmunk, felte tre og sov framfor nyingen. Samstundes som vi nytta nokre netter i Ljørkojene langs elva og på Støa Kanal. På Støa Kanal fekk vi også høyre litt om historia frå 150 år sida, der tømmeret vart frakta frå Ljøra over til Trysilelva for å komma til sagbruk sørover i Sverige. Dagsljoset er ikkje det lengste på denne tida av året, slik at kveldane vart nytta til å kose oss med maten. Vi laga elgsteik i kokegrop, pizza i sjusteinsovn, wok i panne og kokte kriminelt mykje kaffe. Eit av høgdepunkta var nok elgsteika med potetmos frå botten av og tyttebærsyltetøy. Da var det stemning kring tyrivarmen i ljørkoja!

 

img_0398ja

 

img_0636

 

Det å følje ei elv over så mange dagar, gjør at ein kjem inn i ein rytme som bare er behagleg. Takk åt tri knalldagar med solskinn for det.

Vi lærte også knuter, laga fakkel, laga kolstifter og vi fekk fyre bål under mange forhald. Både med tørrgran og tyri. Da vi vakna opp på tysdagsmorgon, så låg det 10 cm med nysnø på bakken. Det føltes likvel riktig å padle seg over svenskegrensa, tross det kvite teppet som innhylla landskapet.

Spesiell stor takk til Nils Harald Høye for kanoutlån og henting og transport for oss. Takk til Anne Grete og Geir Stubsveen for lån av kano og hengar. Takk til Harald Drange for lån av kano. Hadde det ikkje vore for dykk så hadde vi ikkje kunne ha gjort denne turen. Takk til Bestemor Gunnvor og, for å ha sett nordeuropeisk rekord i vaffelsteiking.

Takk for turen!

 

jaimg_0011

VEGSTENGING MELLOM ODDA OG LOFTHUS

Statens vegvesen og Contexo har kome fram til at dei ikkje greier å opna riksveg 13 på laurdag, slik planen eigentleg var.
Slik såg det ut etter at ei stor salve vart fyrt av den 17. oktober.

– Vi diskuterer fram og tilbake om når vi kan greia og opna vegen, og har så langt ikkje konkludert, men vi kjem med ein dato om eit par dagar, seier byggjeleiar Terje Nesse i Statens vegvesen.

Han legg ikkje skjul på at det vil gå fleire veker til før vegen kan opna. Omfanget på sikringa som må til er stort.

Verre enn venta
Når entreprenøren Contexo har fyrt av salver på toppen av den høge fjellskjeringa, kjend som «osten», har det dukka opp nye sprekkar og lause parti nedover.

– Det er for farleg å gå inn og sikra skjeringa frå nedsida, det er både utrygt for arbeidsfolka våre og ville ikkje blitt trygt nok til å setja trafikk på, forklarar Nesse.

I byrjinga var høgaste punkt på skjeringa på kring 36 meter. No står det att 24 meter frå toppen og ned til vegbanen.

– No er planen å sprengja seg ned 12 meter til, for så å gå i gang med å sikra den 12 meter høge skjeringa som står att, seier Nesse.

I perioden med heilt stengt veg, har ein ikkje jobba på nedsida av skjeringa i det heile. For det sørlege delen av fjellpartiet fekk ein ikkje vekk nok med den store salva som vart fyrt av 17. oktober. Ein har difor sprengt i fleire etappar her, med mindre salver.

Ifølgje Nesse er mesteparten av massane frå «osten» tatt ut med gravemaskin og transportert til sjøtippen entreprenøren har laga seg til med. Men noko, det lengst ute på kanten, er skubba utfor og rett på fjorden. Årsaka er at det ikkje har vore trygt å kvitta seg med massane på anna vis.

ELEVSTEMNET 2016

home1

Hardanger Folkehøgskule innbyr tidlegare elevar til elevstemne 2016 den 11.-13. november.

Dette er eit treff for fjorårskullet og alle andre kull frå og med 2005/06. Vi håpar at så mange kull som mogleg vil setja av helga for å besøkja sin gamle folkehøgskule.

Pris;

  • Overnatting klasserom inkl.kveldsmat fredag t.o.m. frukost søndag; 650.-
  • Kun festmiddag lørdag ( ikkje overnatting eller andre måltid ) 300.-

Påmeldinga blir registrert når elevstemnet er betalt. Kontonr;  3450 05 03418 

Frist: 4.november!

 

PS! Ta med liggeunderlag og sovepose!

 

NB! Skulens reglar gjeld under heile arrangementet.

 

PROGRAM ; 

Start laurdag 12.nov kl. 12.00
Innhald:
* 12.00 og 12.30 Lunsj; graut som seg hør og bør
* 14.00 Linjetreff for hest, friluftsliv, resq, idrett, cosplay og jakt.
– Elevar på hest møtes på biblioteket
– Idrett på klasserommet oppe i H-bygget
– Friluftsliv og resq i foajeen
– Cosplay i tekstilsalen
– Jakt på sløydsalen
* 15.00 Mimretreff i Jåstadstova m/bilete frå fjoråret m/info om den nye hundelinja og norsklinja.
* 18.15 Festmiddag m/talar bl.a. av elevrådsleiar 2015/16 og 2016/17
* 20.30 Underhaldning og musikalske innslag frå scenen
NB! Kvar linja frå kullet 15/16 forventes å bidra med minst ett innslag!
* 21.30 Kaffi og kaker

______
*10.00 Frukost søndag

Dersom nokon ynskjer å koma fredag så vert det klargjort for det. Det må avtalast i kvart enkelt tilfelle pga klargjering og mat (kveldsmat fredag og frukost laurdag). Gi beskjed ved påmelding.

Under elevstemnet skal det ikkje vera berusa personar på skulen/tunet. Det skal heller ikkje drikkast alkohol på skulen/tunet! Respektèr dette!

  • ALLE KULL MÅ STILLA MED UNDERHALDNINGSINNSLAG!

VELKOMEN TIL EIT HYGGELEG GJENSYNSTREFF!

 

Gode råd fra tidligere elever 11.

Det siste innlegget med gode råd og minner fra fjorårselevene kommer sent, men fortsatt godt!

 

Andreas, jakt:

  • Råd: Ver med på så mykje som mogeleg.
  • Valgfag: Tips og triks i naturen
  • Beste minnet: Seglturen

 

aeshetland-26

 

aeshetland-13

 

Thomas, resq:

  • Minner: første uka på Hardangervidda og vinterkurs på Finse.
  • Beste valgfag: case – man slapper av og diskuterer.

 

r-15

 

Tor Sigurd, jakt:

  • Godt råd: Grip alle muligheter du får.
  • Beste valgfag: Tips og triks i naturen. Du kommer deg ut i naturen og koser deg.
  • Beste minne: Villsvinjakta i Sverige.

 

j-12

 

Marius, stipendiat friluftsliv/resq:

  • Knivlaging valgfag er det jeg ikte best fordi da kan man lage noe nyttig som varer lenge.
  • Råd 1: dra deg opp om morran! Ingen betaler 100-120 000 for å sove om morran.
  • Råd 2: Bruk foajeen, sløyden og gymsalen. Sitte på rommet kan man gjøre de neste 60 åra, folkehøgskolen er ferdig før du får tenkt deg om.

 

i-6

 

afdag-13

 

Harald, stipendiat jakt:

  • Nyt hver dag!
  • Vær deg selv!
  • Si takk for maten til kokkene, for da blir de så glade!

 

aeshetland-28

 

dav

 

Erlend, jakt:

Gode råd:

  • By på deg selv!
  • Delta i sosiale begivenheter!
  • Vær deg selv 100%!

Valgfag:

  • Tips og triks
  • Volleyball
  • Menneske og natur

Beste minne:

  • Hedlo

 

i