Høgfjellet i kok

I allefall sluten på siste dagen…..

Før jul var ein roleg turperiode fram mot jul, men er vi no inne i ein periode med mykje turverksemd. I mars skal vi på skikkeleg langtur på Vidda, så no må grunnlaget leggjast!  Denne veka gjekk turen til Kjeldebu.

 

måndaag

 

finlys

 

 

tuppekos

 

 

Vi starta frå Krossdalen med eit ynskje om at termometeret på bilen ikkje stemte. Så fort vi gjekk ut av bilen, så kjende vi kram snø under beina. +3 stemte. Farken. Forhalda kan vi ikkje gjøre noko med, så da var det å gjøre det best for oss sjølve. Fokuset på denne turen var turrutinar og orientering. Så dei dagane hadde var sin gjeng til å leie og orientere. Det ga oss ein del utfordringar for å navigere i eit landskap med mangel på ein del haldepunkt som bekkar, myrar, stiar og vatn, gjør det til ei utfordring som krev sin elev! Måndagen ga oss mildt ver, kladdar på skia og litt dårleg feste. Og vi kom fram til hytta ein halvtime før det mørkna heilt.

 

spøker

 

Da ein kjem fram til ei hytte, så er det ein del rutinar som skal gjørast: lufte ut hytta ( her var det -25 gradar førre veke, så det var kaldare inne enn ute), hente ved, tømme aske, fyre i ovn, skrive seg i protokollen, tine snø og finne senga. Middagen vart ein matorgie og etter kveldssamlinga så bar det i seng.
Tysdag møtte oss med litt meir vind, men det klarna opp veldig utover dagen og ga oss sol!  Og i sola hadde vi tårnkonkurranse, blindegåing, og litt skikjøyring.

tårn

 

Fast for alle store pausar er at vi sett opp levegg. For å bygge ein god vegg, treng ein ein konstruksjon som er solid. Da treng ein blokkar, og dei finn ein ikkje nødvendigvis på overflata. Så det gjeld om å lete etter dei. Derfor hadde vi ein tårnbyggekonkurranse etter lunsjen, for å øve på snøkjennskap. For å finne ut korleis det er å orientere i dårleg sikt, så gjekk vi i blinde mot ein stav. Det var ein del aha-opplevingar på isen.

 

blindinger

 

Vi fekk og teste brennarane våre, før vi gjekk inn att i hytta for å eta oss forderve andre dagen på rad. Onsdagen var det utvask og oppstart retning Krossdalen, men langs ei anna rute. Vinden hadde auka på ein del, og med snø i lufta vart sikta lita utover dagen. Leiargruppa tok seg god tid, og fann fram til det GPSpunktet dei hadde laga før vi reiste. Vinden auka på utover dagen, og da vi kom fram mot vegen, var det såpass dårleg sikt at vi gjekk på kompasskurs for i det heile tatt ha sjangs til å komme rett veg. Vinden auka på såpass att det var tungt å gå på ski. Lite trafikk var det og, men det var ikkje så rart, for rv. 7 var stengd. Og der smila vi i vinden. Takk for turen.

 

hardver

 

marius

VENNEHELG

11069694_10152865082677921_1747791326275534142_o

Hardanger Folkehøgskule arrangerer vennehelg helga 13.-15. januar. Elevane får lov til å invitera vennene sine på besøk på skulen si rekning. Besøket får informasjon om skulen, god mat og underhaldning og vi arrangerer morosame leikar og konkurransar.

For oss er det spennande å møta dei næraste vennane til elevane samtidig som vi trur at det er interessant for andre å koma til oss for å sjå kva folkehøgskule virkelig er. Vi klarar ikkje å visa alt, men nokre smakebitar vil vi kunne gi.

Dette ser vi fram til og håpar at det vil bli ein like stor suksess som det har vore før.

LEDIG STILLING – LÆRAR I FRILUFTSLIV OG REDNING

 

IMG_2930

Hardanger Folkehøgskule er ein tradisjonsrik frilynt folkehøgskule på Lofthus.

Vi legg vekt på å skapa eit godt, trygt og inkluderande miljø som alle skal kunne trivast i.

Hardanger fhs er ein allmenndannande skule som skal gjera ein skilnad i ungdommens liv. Å skapa trivsel og læring for elevane er ein nøkkelfaktor for alle tilsette.

Vi har ledig stilling for friluftslivlærar i 100% stilling.. Stillinga er fast, men styret kan med atterhald gjera ho om til årsvikariat. Læraren blir ansvarleg for skulen sitt tilbod innan friluftsliv-og redningsarbeid og må ha relevant kompetanse innanfor fagområdet.

Skulens verdiar er;

Likebehandling

Samhold

Læring

Engasjement

Vårt grunnleggjande menneskesyn er at alle er likeverdige, uansett bakgrunn og sosial status

På skulen vektlegg vi bl.a;

Samarbeid, engasjement, læringsglede, fellesskap, likebehandling, samhold og utvikling.

Vi har eleven i sentrum og vektlegg erfaringslæring.  Undervisninga skal vera praktisk retta utfrå ein solid teoribase. Elevane skal utvikla seg både fagleg, sosialt og personleg ila året og læraren skal tilretteleggja for dette.

Kvalifiserte søkjarar kan bli innkalla til intervju i veke 12/13. Ved intervju må kandidatane leggja fram helseattest av ny dato.

Den som vert tilsett må vera svært fleksibel i forhold til arbeidstid då arbeidstida vert fordelt i bolkar gjennom året.

Vi treng;

·         Ein pedagog som er ein god tilretteleggjar for læring på alle læringsområde.

·         Ein person med teorietisk og praktisk kompetanse innanfor fagområdet

·         Ein person som har erfaring med å ha grupper på tur

·         Ein person som er sterk sosialt og som likar å jobba med ungdom

·         Ein som er tydeleg i sin kommunikasjon med elevane

·         Ein som er positiv, initiativrik, miljøskapande, samarbeidsvillig og fleksibel

Du må pårekna mange ute/-reisedøgn i stillinga.

Du har gjerne noko undervisningserfaring frå tilsvarande arbeid og brei erfaring frå hjelpekorpsarbeid. Du har også andre interesser som skulen kan nytta i sitt tilbud og du speler gjerne eit instrument.

Du må ha sertifikat på minibuss før du startar i stillinga.

Les meir om innhaldet på linja på www.hardanger.fhs.no eller på www.folkehogskole.no/hardanger.

 

Søknadsfrist ; 1.mars

Aktuelle søkjarar kan bli kalt inn til intervju.

 

Søknad med CV og referansar til trond.insteboe@hardanger.fhs.no

LEDIG STILLING – IDRETTSLÆRAR, vikariat skuleåret 2017-18

 

LEDIG STILLING; LÆRAR I IDRETTSFAG

image026

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vi har ledig stilling for idrettslærar i 100% stilling. Stillinga er eit vikariat frå 1.august 2017 til 31.juli 2018. Læraren blir ansvarleg for skulen sitt idrettstilbod innanfor dei rammene som framgår i våre planar.

Hardanger Folkehøgskule er ein tradisjonsrik frilynt folkehøgskule på Lofthus.

Vi legg vekt på å skape eit godt, trygt og inkluderande miljø som alle skal kunne trivast i.

Hardanger fhs er ein allmenndannande skule som skal gjera ein skilnad i ungdommens liv. Å skapa trivsel for elevane er ein nøkkelfaktor for alle tilsette.

Skulens verdiar er;

Likebehandling

Samhold

Læring

Engasjement

Vårt grunnleggjande menneskesyn er at alle er likeverdige, uansett bakgrunn og sosial status.

 På skulen vektlegg vi bl.a;

Samarbeid, engasjement, læringsglede, fellesskap, likebehandling, samhold og utvikling.

Vi har eleven i sentrum og vektlegg erfaringslæring.  Undervisninga skal vera praktisk retta utfrå ein solid teoribase. Elevane skal utvikla seg både fagleg, sosialt og personleg ila året.

Kvalifiserte søkjarar kan bli innkalla til intervju i veke 9/10. Ved intervju må kandidatane leggja fram helseattest av ny dato.

Den som vert tilsett må vera svært fleksibel i forhold til arbeidstid då arbeidstida vert fordelt i bolkar gjennom året.

Kven er du?

Du er ein god fagperson med bachelor eller tilsvarande nivå innanfor idrettsfag

Du har undervisningskompetanse og er ein god pedagog

Du har allsidig idrettsbakgrunn og likar å jobba med ungdom

Du har sterk teoribase, men er ein god praktikar

Du er sterk sosialt

Du er tydeleg i kommunikasjonen med elevane

Du må vera;

Positiv, initiativrik, miljøskapande, samarbeidsvillig og fleksibel

Reisevant og vant med å ha grupper på tur

Fleksibel i fht arbeidstid og belastning

Vi ser gjerne at du spelar eit instrument

Den som vert tilsett må ha sertifikat for minibuss.

 

I søknaden må du oppgi kva andre fag og aktivitetar du kan tilby utover linjefaget.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Lønn etter kompetanse og ansiennitet.

Meir informasjon får ein ved å kontakta rektor på 53671400/92038505

 

Søknad med vedlagt CV må sendast til trond.insteboe@hardanger.fhs.no innan 1.mars 2017. Referansar MÅ oppgis på CV.

image009