LEDIG STILLING – LÆRAR INTERNASJONALT SOLIDARITETSARBEID

LÆRAR – INTERNASJONAL SOLIDARITET OG BACKPACKING

Hardanger Folkehøgskule er ein tradisjonsrik frilynt folkehøgskule på Lofthus.

Vi legg vekt på å skapa eit godt, trygt og inkluderande miljø som alle skal kunne trivast i.

Hardanger fhs er ein allmenndannande skule som skal gjera ein skilnad i ungdommens liv. Å skapa trivsel og læring for elevane er ein nøkkelfaktor for alle tilsette.

Skulens verdiar er;

Likebehandling

Samhold

Læring

Engasjement

Vårt grunnleggjande menneskesyn er at alle er likeverdige, uansett bakgrunn og sosial status

 

På skulen vektlegg vi bl.a;

Samarbeid, engasjement, læringsglede, fellesskap, likebehandling, samhold og utvikling.

Vi har eleven i sentrum og vektlegg erfaringslæring.  Undervisninga skal vera praktisk retta utfrå ein solid teoribase. Elevane skal utvikla seg både fagleg, sosialt og personleg ila året og læraren skal tilretteleggja for dette.

Vi har ledig 100 % stilling for skuleåret 2017/18, med moglegheit for forlenging på :

 

INTERNASJONAL SOLIDARITET OG BACKPACKING

Internasjonal solidaritet og backpacking er eit nytt linjetilbod frå skuleåret 2017/18. Globalt fokus, internasjonal politikk, demokratiutvikling, fattigdomsproblematikk, bistand og solidaritet vil vera sentrale tema.

Myanmar og Cuba er hovudreisemål for linja og vi ser etter ein person som har sentrale kunnskapar om minimum ein av desse destinasjonane. I tillegg må du har interesse for og kunnskap om internasjonal politikk, konfliktområde og konflikttema i vår tid.

 

Linjelærar har stor fridom til å utvikla og forma innhaldet på linja. Du må ha pågangsmot, arbeidsvilje, kunnskapar og reiselyst. Du må vera glad i å formidla dine kunnskapar til elevane og ha eit godt lag med ungdomar. Du har ansvaret for det fagleg og det sosialpedagogiske innhaldet på linja. Det er viktig å kunne byggja eit godt miljø.

Du må pårekna mange reisedøgn i dette arbeidet. Det er tillagt sosialpedagogisk arbeid med tilsynsplikt til stillinga.

 

Du har:

  • Reiseerfaring
  • Kunnskap om internasjonal politikk og kultur
  • Kjennskap til og kunnskap om Cuba og Latin-Amerika, og/eller Myanmar og Sørøst- Asia

 

Du

  • er ein inspirerande formidlar og glad i å reisa
  • er ein tydeleg og aktiv klasseleiar
  • har fokus på relasjonsbygging og gode miljø
  • likar å arbeida i team
  • er fleksibel i fht arbeidstid
  • snakkar spansk

 

Kvalifikasjonar:

  • lærarutdanning/godkjent undervisningskompetanse med pedagogikk
  • internasjonal politikk, samanliknande politikk
  • interkulturell forståing, samfunnsgeografi
  • sosialantropologi
  • vi legg stor vekt på at du er personleg eigna for jobben.

 

Oppstart 1.august 2017

Spørsmål om stillinga skal rettast til rektor Trond Instebø, tlf.  53671400 / 92038505. Søknad med CV og referansar skal sendast til kontor@hardanger.fhs.no

Søknadsfrist ; 2. mai 2017

 

 

LEDIG STILLING – LÆRAR COSPLAY

Hardanger Folkehøgskule er ein tradisjonsrik frilynt folkehøgskule på Lofthus.

Vi legg vekt på å skapa eit godt, trygt og inkluderande miljø som alle skal kunne trivast i.

Hardanger fhs er ein allmenndannande skule som skal gjera ein skilnad i ungdommens liv. Å skapa trivsel og læring for elevane er ein nøkkelfaktor for alle tilsette.

Skulens verdiar er;

Likebehandling

Samhold

Læring

Engasjement

Vårt grunnleggjande menneskesyn er at alle er likeverdige, uansett bakgrunn og sosial status

 

På skulen vektlegg vi bl.a;

Samarbeid, engasjement, læringsglede, fellesskap, likebehandling, samhold og utvikling.

Vi har eleven i sentrum og vektlegg erfaringslæring.  Undervisninga skal vera praktisk retta utfrå ein solid teoribase. Elevane skal utvikla seg både fagleg, sosialt og personleg ila året og læraren skal tilretteleggja for dette.

 

Vi har ledig 80 % stilling for skuleåret 2017/18, med moglegheit for forlenging på :

COSPLAY – JAPAN

Cosplay er eit linjetilbod som skal ivareta elevane si skapartrang og deira kreative evner innan søm og cosplay.

Elevane skal få opplæring i søm, worbla, EVA foam, FX sminke og parykkstyling, m.m. I tillegg skal dei laga kostymer som dei skal ha på seg på cons.

Dei skal kunne laga og tilpassa mønster til t.d. kjolar, korsett, toppar el.l.  Dei lærer grunnleggjande sy-teknikk slik at dei kan sy kjolar, bukser, jakker, etc.

Vi ser etter ein erfaren cosplayer som har:

  • Erfaring frå events og work-shops i cosplay
  • Erfaring i drama og performance
  • Gode søm-og/eller kunnskapar om dei materiala som ein brukar i cosplay
  • Eigen erfaring frå cons og konkurransar
  • Kjennskap til cosplaymiljø og cons
  • Kjennskap til manga og anime
  • Kunnskap om teknikkar du treng for å laga kostyme og ulike cosplay, t.d. worbla og EVA foam

 

Realkompetanse kan vega opp for manglande pedagogisk utdanning.

Du må rekna med ein del reisedøgn i jobben. Det er tillagt sosialpedagogisk arbeid med tilsynsplikt til stillinga.

Søknadsfrist 2.mai

Søknad med CV og referansar skal sendast til kontor@hardanger.fhs.no

OPEN SØKNADSFRIST – LØPENDE OPPTAK

 

IMG_0046

Du kan når som helst senda søknad til Hardanger Folkehøgskule!

Vi har ingen søknadsfrist, og tar opp elevar etterkvart som søknadane kjem inn, under føresetnad at vi har plass og at søknaden din er fullstendig.

Trykk på SØK NO knappen på framsida og du er igang.

«Vestkysten eller døden!», evt Sørfjorden med litt mindre konsekvensar.

Eit av årets høgdepunkt på Friluftsliv Arctic er å planlegge og sjølv gjennomføre ein vekestur i høgfjellet vinterstid. Årets klasse enda opp med at dei ville krysse heile høgfjellsplatået frå aust til vest, med Nansen i bakhovudet: ”Vestkysten eller døden”. Oppgåva var enkel, men krevjande: Planlegg ein vekes tur og gjennomfør han. Læraren er med, men turen skal de sjølve leie og navigere. Dess mindre han er synleg i beslutningar, dess betre, men kjem inn om nødvendig.

Etter jul har innhaldet på linja vore å førebu seg til denne turen med det som høgfjellet kan by på denne tida av året. Så med den bagasjen på plass, pluss våre eigne sekkar og nokre pulkar sto vi plutseleg på Steinsbøle og skulle gå heimatt til Sørfjorden.

IMG_0012

Klassa er klar for oppstart frå Uppnesberget. Tusen hjertelig takk til Johnny, Ann Kristin, Linn KJersti og Ingrid for skyss, hyttelån og mat . God start på turen.

 

Ingrid kjem frå Tinn og hadde satt heile familein på hovudet for å organisere skyss til fjells. Så da vi kom til Steinsbøle på tysdagsettermiddag, så sto dei klare til å frakte oss opp på fjellet. Og ikkje nok med det, på kvelden fekk vi forskyne meg servert mat også. Og kake. Glykogenlagra var i allefall fulle før starten dagen etter.

Jentene hadde kjøpt seg tissetrakter før turen. Uvisst om kor vellukka kjøpet var. Latteren satt i allefall laust.

Jentene hadde kjøpt seg tissetrakter før turen. Uvisst om kor vellukka kjøpet var. Latteren satt i allefall laust.

Morgonrutinar ved Viuvatnet.

Det å bevege seg frå aust til vest på Hardangervidda er veldig interessant. Fjellet endrar seg mykje mellom startstaden og sluttpunktet, noko som er kjærkoment da ein skal vere mange dagar på tur. Første leiren vi sette opp var i austkanten på Viuvatnet, der slo vi opp teltet under eit noko blekt nordlys, etter ein grei dagsmarsj vestover frå Mår. -12 grader sto det på termometeret klokka 6, da den fyrste brennaren byrja på koking. Morgonen var kald, men er det kaldt er det ofte fint, og dei morgonkveke fekk med seg soloppgangen, før skyene la seg framfor. I vestkanten på Viuvatnet kom vi inn på vintermerkinga til Lågaros, som var dagens mål. Vi kom fram i grei tid, slik at det vart tid til både lesing og brettspel før vi la oss.

 

Ferda frå Lågaros til Sandhaug går gjennom Sentralvidda. Her er det slut på dei meir markerte høgdedraga på austvidda og det er som om fjellet tar ei pause før han kjem til den kuperte vestvidda. Og her gjekk vi. Med sola framme store deler av dagen.

Audun, Tord, Vegard og Marius ute i finveret.

Audun, Tord, Vegard og Marius ute i finveret.

Vi hadde høyrt nyss om reinsflokkar kring Bjornesfjorden, men sjølv om vi såg både 5 og 6 kilometer, så såg vi ingen rein. Dagsettappa var lang, men dagens leiarar som var Vilde, Tor Sigurd, Vegard og Eirik, geleida oss fram før mørket senka seg. Sandhaug er ei lita ubetjent hytte utanom opningstidene på den betjente og med ei gruppe blir det fort fullt. Men han blir også fort varm. Og vatn fekk vi for på den betjente hytta var Jan og Brita der for helga for å ha litt førarbeid til påsken. Så etter middagen så kom Jan inn med restar etter ein lasagnemiddag til oss. Noko som gjprde at utedassen måtte få eit besøk seinare på kvelden etter altfor fulle magar.
Skal ein gå i mange dagar og ikkje har kjempestramt program er det godt med kviledagar. Vi nytta vår til å sage bokstavar og lese.

Jess, det er oss.

Jess, det er oss.

Så byrja antakeleg dei vi kjente heime å få litt klumpar i halsen. Langtidsvarselet ba ikkje på vind, men det hadde skjedd noko på dei siste dagane. No kom det vind. Austleg gudskjelov, men sterk vind er ikkj lett uansett kvar han kjem i frå. Vi byrja dagen frå Sandhaug utkvilte og klare. I ettertid så er vi glade for at ruta vart kvista dagen før. Utover dagen auka vinden på, vi hadde han i ryggen, så vestover Nordmannslågen gjekk det ganske fort med oss. Vi nådde Viersla nokon timar etter at dei siste frå Expedition Amundsen hadde gått forbi, og tok lunsjpause da det såg ut som om det skulle sprikke opp. Men da lunsjpausa var over så auka vinden på og snøveret starta.

Sikta vart mindre og vinden auka.

Sikta vart mindre og vinden auka.

Vi vart blåst vidare vestover og sikta vart avgrensa til 60 meter. Vi såg to kvister framfor oss og sleit med å halde oss på beina. Da tok Ingrid, Audun, Erlend og Tord tak og vi vart forlikt om at den litt bratte nedkjøyringa i denne sikta og vinden ba på utfordringar.

Rådsmøte om korleis ferda vidare skulle skje.

Rådsmøte om korleis ferda vidare skulle skje.

Vinden hadde også laga steinharde sastruiger som var vanskeleg å skjøyre på, og vanskelege å sjå. Så skiene vart lagt på pulkene, slik at vi kunne nytte stavene til å halde oss på beina. Det gjekk ikkje så fort framover, men vi var samla og vi hadde kontroll. Så sjølv om mørkret seig på litt om litt så såg vi Hadlaskard som ein ullen dott, 200 meter framfor oss i ein ljos augneblink. Ovnane vart hardtrødd med ved, og snøsmeltinga starta mens vinden ula gjennom det som var av sprikkar i den gamlge tømmerbygningen. Det var jammen greit å komma seg inn.

Planen var å fortsette dagen etter, men vinden var den same sjølv om sola stakk fram. Elevane tok eit rådsmøte og fann ut at dei ikkje var modne til å leie ei grupppe på tur i eit slikt ver, så det vart bestemt å ta ein verfast dag. Ein veldig vaksen og forståeleg beslutning. Nokon lura seg ut for å kjenne noko på vinden, mens lærar Per Jørgen og Vegard misslyktes for tredje gang i vinter med å sette opp ein iglo.

Vegard, den mest ivrige snøsagaren frå Tysnes er å testar vinden utpå ettermiddagen. Vegard, den mest ivrige snøsagaren frå Tysnes, er ute og testar vinden utpå ettermiddagen.

I løpet av ein lang kviledag, så ville gruppa prøve seg på å gå to dagsmarsjar på ein dag. Kan vi komma oss til Kinsarvik på ein dag, om vi held den opprinnelege planen? Etter ein diskusjon med lærar om kva ein måtte ta høgde for, så var det tidleg start dagen etter. 04.50 sto grauten på bordet! Klokka 7 var vi på skia og klokka 8,15 vart dei første elgane observert i Langedalen. OM det var 6 eller 8 forskjellige vi såg veit vi ikkje, men det var artig å sjå andre som hadde tatt turen til fjells for å oppleve ein solfylt og ”vindstille” dag.

Her ser du to individar av arten. Om du ser nøye riktignok. Men dei er der, både mor og barn i sola.

Her ser du to individar av arten. Om du ser nøye riktignok. Men dei er der, både mor og barn i sola.

Skiføret bar preg av at det hadde vore mykje vind dei siste to døgna. Laussnø fanst ikkje, det låg at sastruiger som peika mot vindretningen som hadde vore. Vi kom på ordentleg inn på Vestvidda no, og fjella reisa seg litt høgare, dalane vart litt djupare og orienteringa vart litt meir interessant. Da vi på ettermiddagen bikka oss nedover mot Lonavatnet og Stavalivatnet så vart det mange fall.

Kulekjøyring ned mot Stavali. Riktnok i veldig fint ver.

Kulekjøyring ned mot Stavali. Riktnok i veldig fint ver.

Nokon meir spektakulere enn andre. Og tida jobba litt i mot oss. Kunne vi komma oss til Vierdalen innan kokka 16, slik at vi kunne finne oss ein sikker veg ned, før mørket kom? Så sa Sigrid nokon ord som fekk folket til å tenkje litt: ”Skal vi virkelig gå ned til Kinsarvik nå? Om vi kommer oss forbi Vierdalen sikkert, etter at Per Jørgen har sjekka skredfaren, for så å gå ned Reinsbrekkene med hodelykt og komme tilbake til skolen klokka 24, er det verdt det? Vi kan få en like fin dag som i dag i morgen, og da er bedre å vente” Gruppa samstemte og vi tok den siste natta på Stavali.
klokka 17.10 var vi nede att i Kinsarvik dagen etter. Da hadde vi bukt lang tid på å komme oss til Vierdalen, men etter det hadde alt gått på skinner. Skiene vart plassert på sekkane, og pulkane vart styrt av tau for å halde seg BAK pulkdragaren. Sjølv om det ikkje er så langt frå Stavali til Husedalen, så er det absolutt den tyngste delen av turen. Og etter å ha gått på beina i tri timar i vekslande snøføre, så såg vi det blinka i ein kjent Ford nedi vegen. Sjølv om Vilde foreslo på den siste pausa å gå oppatt, så fortsette vi dei siste hundremeterane.

Ekspedisjonsfølget på tur ned Reinsbrekkene og vidare mot Kinsarvik.

Ekspedisjonsfølget på tur ned Reinsbrekkene og vidare mot Kinsarvik.

Kanskje med tanken om at vi faktisk hadde kryssa Nord-Europas stsøte høgfjellsplatå? Kanskje med tanken på at dette har eg planlegt og gjennomført med mine turkameratar, utan at han læraren har brydd seg om altfor mykje på turen? Kanskje med tanken om at eg meistra dei forhalda vi møtte? Kanskje med tanken på at vi har samarbeid godt for å få dette til? Kanskje med tanken om at det var ein krevjande tur, men fy fader det var verdt det?

Vi kom i mål om ein gjeng betre turkameratar enn vi starta med. Og da må vel turen vere vellukka?

Ein svett, sliten og glad gjeng, fotograrfert av vår kjære sjåfør og vaktmeistar, Jarle.

Ein svett, sliten og glad gjeng, fotograrfert av vår kjære sjåfør og vaktmeistar, Jarle.