OPNINGSDAG

Elevar og foreldre, eller anna reisefølge, er velkomen til opningsdag på Hardanger Folkehøgskule 23. august 2015.

PROGRAM :

10.00 – 12.00 Innsjekk og utdeling av rom

12.00 – 13.00 Lunsj for alle

13.30 – ca.14.30 Offisiell opningsseremoni

14.30 –             Kaffi,kaker og avreise for reisefølgjet

VELKOMEN!

Helsing Trond Instebø, rektor

DSC_0167~3

TID FOR Å SØKE!

Det kan virka som om det foreligger ei misforståing om at folkehøgskule har søknadsfrist 1.februar. Det har vi ikkje! Vi har opptaksstart 1.februar! Det betyr at du kan senda søknaden din når som helst, både før og etter 1.februar. Vi tilrår at du sender søknaden din så snart du har bestemt deg, og ikkje ventar til etter 1.februar. Det gir oss litt betre tid, og din søknad vil ligge lenger framme i bunken:) Velkomen som søkjar!

GODT UTBYTTE FOR JAKTLINJA!

Under finn du eit par glimt frå Villsvin ( og rådyr )-jakta i Sverige. Det viste seg at vi også fekk kort på elg ( elgjakta varar lengre i Sverige ), og at det vart utbytte der også. Referat frå turen vil bli lagt ut når vi har fått gjort opp alt kjøtet….!

utbytte3 utbytte1

UTDANNINGSMESSE

utdanning

Etter folkehøgskuleåret skal elevane vidare, anten inn i studielivet, i millitæret eller ut i arbeidslivet. Uansett kva ein skal er det greit å ha ei oversikt over alternativa. Derfor drar vi med alle elevane til Bergen på Utdanningsmessa «Ta Utdanning» Vi er tilstades på messa måndag 26.januar, og håpar at elevane våre opplever dette som nyttig i forhold til dei valga dei står framfor. Vi kombinerer det nyttige med det sosiale og spiser pizza saman før vi returnerer med fellesskyss til skulen.