KURS OG TUR TIL ANDALUCIA

KURS OG TUR TIL ANDALUCIA

Hardanger Folkehøgskule arrangerer kurs om og tur til Andalucia i Spania.

Vi flyr fra anten Bergen eller Haugesund til Malaga kor vi blir henta av buss og køyrt til vår destinasjon Jerez de la Frontera.

Vi har eigen buss under heile opphaldet som vil ta oss til kjente attraksjonar og byar i Andalucia, t.d. Sevilla, Ronda, Cadiz m.fl. Vi beslker typiske «Kvite landsbyar», får omvisning på Bodega og får smaka på 8 forskjellige sherry, ser hesteshow med ei berømte dansande Andaluciske hestane, lærar å laga tapas og går på live Flamenco-show.

Vi bur på Campus El Sabio. Den engelske skulen i Jerez. Der kan du velgja enkeltrom eller dobbeltrom av god standard til ein svært overkommelig pris. Frukost og middag vert servert på overnattingsplassen, medan vi får medbragt lunsj ( evt. lunsj ute for eigen lomme ).

Kost og losji ligg på 315 Euro.

Flyprisane vil ligga på fra 2.500.- t/r

Bussleige, guide og inngangsbillettar, etc. vil utgjera omlag 210 Euro ( avhengig av antalet deltakarar)

Vi har 15 tilgejengelege plassar.

Andalucianett_Side_1 - KopiAndalucianett_Side_2 - Kopi

Cosplay på con!

tina og kris

 

Det er spesielt å gå på eit con og føle at det cosplayet du har laga sjølv gjer at du blir gjenkjent som ein annan karakter. Følelsen av å mestre og få «cred» for det du har laga. Du blir godtatt for den du er, sjølv om du ikkje har verdens beste cosplay. Det er stort å bli heia på om du går catwalken, men endå større å få vite at ein er god nok uansett.

 

Å delta på eit con betyr å ha fellesskap med andre og å vera ein del av noko. Å vera elev i ei cosplayklasse gjer at du heile tida får oppleve å ha same interesse som dei rundt deg. I klassa vil du ha nokon som bryr seg og støttar deg. Dette er veldig motiverande og du får rom til å utfolde deg kreativt på mange måtar. Når du lagar eit cosplay lærer du å finne smarte løysingar og du får brukt fantasi og oppfinnsomhet for å få eit godt resultat. Du kan cosplaye kjente karakterar eller skape din eigen favorittkarakter.

Kristin

Martha 1

 

FALLSKJERMHOPPING I SPANIA

Det kribler i kroppen, du sitter i et lite propellfly som tar deg opp til 4500 meters høyde. Din tandeminstruktør spøker med de andre, men du prøver bare å konsentrere om det du er i ferd med å gjøre. Så kommer klarsignalet, døren åpnes, du gleder deg, du gruer deg, adrenalinet strømmer på. Og så, nesten før du vet hva som skjer, en salto i lufta, du er i fritt fall!

Klare for hopp!?

fly til fallskjerm

 

Vinden, farten, inntrykkene er så mange på så kort tid. Du nærmer deg bakken i 200 km i timen, og du kjenner at du lever her og nå. Nervøsiteten er borte, det nærmer seg landing og du følger instruktørens kommandoer. Og der er du tilbake på landjorda, du har gjort ditt første fallskjermhopp og opplever en merkelig og litt uvirkelig lykkefølelse. Kanskje dette var ditt eneste hopp i livet eller kanskje du blir bitt av basillen, men uansett sitter du igjen med en følelse av mestring og glede.

Magnus i lufta Sivert i fallskjerm

Idrettslinja reiser til Sør-Spania i oktober og tandem fallskjermhopp er et høydepunkt på turen. Men vi skal også surfe, sykle, prøve wakeboard, klatre osv, så opplevelsene vil stå i kø!

Novemberpadling nedover Telemarkskanalen.

November er ikkje månaden ein først forbind med kanopadling, men vi på friluftsliv har prøvd. Og kost oss.

Laurdag den sist oktober satte vi ut kanoane frå Strengen i Nome kommune og foran låg tri heile dagar med padling nedover mot Ulefoss. Sjølv om vasstemperaturen ikkje var altfor høg, så var det ganske mildt i veret. Ferden gjekk vestover mot det store Flåvatn, der vi slo leir første kvelden. Nokon J-tak, viftetak og sculling vart tatt før vi gjorde strandhogg og laga gapahukar med kanoar, laks i folie og nying for natta. Tåka låg som eit teppe over oss og gjorde kvelden mystisk og kanskje skummel? Det var tross alt Halloween…

 

IMG_5868 IMG_5865

 

Dagane som fulgte vart starta med kaffebål på mogonen, fleire timar på vatnet og nye leirplassar langs Telemarkskanalen. Sundagskvelden var eit gastronomisk høgdepunkt da vi laga elgsteik i kokegrop med potetar og saus. Ein kan kose seg godt på tur også!

 

IMG_5844

 

Elevane sto for leiinga kvar dag. Sjølv om slusene ikkje er i bruk på denne tida av året, så gav passeringa av dei beinstrekk med jamne mellomrom. Da vart kanoane bært eller trilla forbi anlegget og vart sett ut på nedsida og ferda fortsatte. Det var eit rikt fugleliv på vår ferd, og det såg ut som både kvinender, svanar og stokkender kosa seg like mykje som oss.

 

IMG_5854  IMG_5833

 

Vi kom fram til Ulefoss på tysdagsmorgon og såg attende på eit par mils padling i kort dagsljos totalt sett. No fortsett livet på skulen fram mot jul med knivlaging, elevkveld og vi skal få til ein tur til før snøen legg seg for tungt.

 

IMG_5821