Adventstur!

Eit år på folkehøgskule er meir enn linjefag og friluftsliv. Etter eit par veker med kulturprosjekt og elevkveld, så var tida inne for ny tur. Sist helg så hadde Frisq (friluftsliv- og resqklassa) elevkveld. Apokalypsen var gudskjelov ikkje reel, men showet, samarbeidet og resultatet var reelt og veldig bra.

IMG_5935

November og desember er den tida på året det er mest krevande å vere på tur. I fjellet har ikkje snøen satt seg ennå, og i skogen er det ofte vått.  Og legg ein inn vestlandsver i tillegg, så er det krevande pluss. Og korte dagar. Men ein lærar ikkje stort av å ikkje vere på tur.

IMG_5918    IMG_5941

 

Stipendiat Marius er frå Jondal og han viste oss eit område som skulle vere vår nye heim i to døgn. Området vi kom til var av storvokst furuskog, med ein del meir snø enn det vi hadde tenkt. Målet for turen var å helde ein leir i gang over to netter med alt det høyrer til: oppsetting av gapahuk, felling, saging, kvisting og klyving av ved. Vi måtte lage granbarsengar og for å isolere mot den halve meteren med snø som vi hadde under oss. Mat som må gjerast. Bålvakter som måtte fordelast.  Dette gjekk heilt supert, til ein elev fekk den supre ideen med å sjonglere med øks. Det hadde gått bra før, men med nyslipt øks, så var resultatet blodig. Kva gjør vi no? Kompress kom på, og turen gjekk inn til Odda Sjukehus for sying. Så 4 sting. «Unødige sting….»som eleven sjølv sa.

 

IMG_5923

 

Utpå kvelden kom læraren og elevan attende og fekk restene av tacoen som var att. Det var forøvrig veldig mykje. Kva nytter ein lange kveldar til kring bålet? Ein fortel om sine adventstradisjonar, drikk kaffe, lærar seg knuter og sett opp liste om kven som skal ha bålvakta til kva tid. For i natt skulle bålet brenne.

Risgraut med mandel og 1.desember. Rasmus trudde han hadde eti noko hardt, og fekk dermed marsipangrisen. Evaluering av gapahuken, gjorde at vi forbetra han ein del før neste natt, som etter vermeldinga skulle bli blaut. Veret var herleg. Nokon minus, lett skydekke med ei sol som stakk fram no og da. Att vi ikkje hadde ski verka litt merkeleg der vi sleit oss litt høgare i lia for å grille pølser.

 

IMG_5926

 

Vi skal jo kose oss! Så middagen var juleinspirert. Ribba var bytta med svinekoteletter, men tilbehøret var der cirka. Brun saus med useriøse mengdar smør og fløte. Potetstappe med seriøse mengdar smør og fløte. Og surkål. Vi kan helse å seie at det smaka godt under stjernehimmelen. Og ved sidan av vår kjære julegran med rett i koppenpynt og taustumper som lenkjer. Nissen hadde nok andre ting å gjere, for han såg vi ikkje til.

Klokka 7. det regnar enda. Det regnar mykje. Nei! Vi har ikkje klyvd ved og lagt tørt. Vi har ikkje klyvd ein gang. Nyingen som skulle brenne heile natta slukna før han brann i det heile. Teorien til læraren er at overstokken var for krokete til å ligge heilt innåt dei to under, og dei to var for høgt over bakken til at gløa som datt ned reflekterte opp i stokken. Flæskmunken vart heller ikkje som tenkt, da vår kjære store takke ikkje var heilt egna. Graut vart servert til dei trengende. Veret var såpass vått no at vi pakka i hop, og snøballkasta oss attende til bilene.

 

Dette var vår adventstur, og vi ynskjer alle turvener ei riktig god jul, og eit godt nytt turår.

EIN TENKT SITUASJON FOR RESQ-LINJA.

Telefonen piper. Det er sein kveld og eg skulle eigentleg vore i seng for lenge sidan, men vi hadde det så gøy og tida gjekk for fort.

 

Fleire telefonar piper like etterpå . Det er hos klassekameratane mine og eg skjønar at det er alarm.

 

Ei ny natt blir øydelagt fordi nokon treng hjelp der ute i mørket. Kan det vera nokon som har gått seg bort, kanskje er det ras over vegen eller i verste fall bilulukke. Tankane om «worst case scenario» går igjennom hovudet i det eg tar trappa i to sprang, hentar den gule beredskapssekken som heng klar på klasserommet, hiver klærne og Røde Kors-vesten på meg i ein fei og kjem meg til avtalt møteplass.

 

Det har vore fleire hendingar i år og handlingsmønsteret er kjent. Det er litt rutine, men samtidig stig pulsen og adrenalinkicket er i ferd med å slå inn. Dette er spennande! Ein veit aldri kva ein møter der ute.

 

131003_Etneelven_Lyssoylen

 

Endeleg framme og korpsleiaren informerer om at ein person er meldt sakna i Kinsarvik etter å ha vore på fjelltur i to dagar. Han skulle ha vore tilbake kl. 14.00 i dag. Vi samarbeider med politiet og Airlift fortel han. Vår oppgåve blir å gå langs elva og gjere søk langs stien på begge sider. Det er dessverre ikkje så lenge sidan vi gjorde akkurat det same på akkurat same plassen. Det er eit utsett område og eit vanskeleg søkeområde, særleg i mørket.

 

Alarmar har blitt ein vanleg ting for oss på Resq-linja. Sist gong viste seg at personen hadde søkt ly for uværet og mørkret og kome seg inn i ei hytte for kvelden, utan moglegheit for å kunne gi beskjed heim. No virkar situasjonen reell og vi jobbar saman som det gode teamet vi er. Helikopterert heng på nattehimmelen og lyser opp fossen lenger oppe.

 

130505_Storkurshelg Bømoen

 

Etter ein time grovsøk får vi melding over sambandet at det er gjort funn av lag 2 oppe i fjellsida. Personen er funnen og alle andre lag blir kalt inn til CO der vi bli informert om at dette berre var ein øvelse, og personen som vart funnen var berre ein markør frå nabokorpset. Heldigvis!  Det verste er å finna omkomne.

Takk og pris for øvingar. Det må til for at vi skal vera klare å vera gode nok når det virkelig gjeld. Og du veit aldri når det blir. Kanskje allereide i morgon. Vi er i alle fall klare om vi må ut.

SVÆRT GODE TAL PÅ ELEVUNDERSØKINGA

EPSI Analysebyrå har undersøkt elevtilfredsheten på norske folkehøgskular sidan 2012. Hardanger Folkehøgskule ba om eigen undersøking for vår skule i 2012 og i 2015. Begge gongar med strålande resultat. Vi har undersøkt tilfredsheten for kulla 2010/11 og 20111/12 i 2012-undersøkinga og for kullet 2014/15 i 2015-undersøkinga. Det som også er gledeleg er at vi begge gongane ligg over gjennomsnittet for folkehøgskule generelt.

Rektor Trond Instebø seier at han ikkje klarar å peika på enkeltfaktorar som gjer til at våre elevar i større grad enn andre plassar er meir tilfredse med sitt skuleår, men peikar generelt på den gode jobben personalet gjer for kvar enkelt elev og det faktum at vi ikkje er ein stor skule der enkeltindivida forsvinn i mengden. Vi kjem ikkje til å leggja oss bakpå og kvila på desse resultata, men jobba vidare kvar dag for å gje elevane ein god skulekvardag, utbyte og totaloppleving.

På biletet under ser du grafen for Hardanger Folkehøgskule ( blå ) og for folkehøgskule generelt ( raud ).

epsi 2014-15

Siste dag på villreinjakt.

Siste dagen på villreinjakta – og første året uten å ha fått rein. Vi har sett dyr, men utur og uflaks har slått oss hver gang. Nå, på vei hjemover, har vi sett en flokk på langt hold, men likevel nær nok til å rekke. Flokken er likevel ikke å finne når vi kommer opp på det fjellet der den var for en time siden. Sånn er villreinjakta; dyra viser seg og forsvinner på uforståelig vis, men vi vet at de er her en plass.

Reinjakt2

Litt frustrerte sitter vi og vurderer om vi likevel må gi oss uten reinfall for første gang, da vi plutselig oppdager et par bukker på veg rett mot oss. Hektisk klargjøring. Inge, som oppdaga bukkene, skal være skytter. Han er første gangs storviltjeger, spenning på topp.

Reinjakt4

 

Alt stemmer. Vi har bukkekort – bukkene kommer og er på greit skuddhold mens Inge ligger klar til å skyte, men det drøyer……..  Jeg kikker opp på Inge og ser at rifla svinger hit og dit. At han har fått ”dyreskjelven” er tydelig å se. Skuddsjansen er i ferd med å forsvinne og jeg visker ”ska æ skyte” – et stønn og et langt JAAA  på utpust løser situasjonen. Bukken detter i smellen. Det var Inges bukk i alle fall og vi fikk rein dette året også. Ja det ble faktisk 2, for da bukken ble skutt dukka flokken opp fra intet. Den hadde stått skjult i et lite søkk og drog rett på våre bakposter som fikk skutt en kalv.

Reinjakt3   Reinbukk