Gode råd fra tidligere elever!

Kullet 15/16 har skrevet ned gode råd, valgfag-anbefalinger og noen av de beste minnene sine fra året, så de kan hjelpe neste års kull med å forberede seg og kanskje få noen ekstra sommerfugler i magen i løpet av sommerferien. Her kommer første av elleve innlegg som blir lagt ut i løpet av sommerferien.

 

Kristin, cosplay:

  • Hold rommet forholdsvis ryddig, da er det mindre jobb i vasketimene.
  • Mitt favorittvalgfag var hest. Der lærte vi mye og det var alltid moro å stelle med dyra.
  • Et godt minne er alle turene vi tok med klassen til Oslo og London.

 

10911514_10152712657542921_9152676809323603777_o

 

13055899_10153654309977921_6492048107550651060_o

 

Andrè, resq:

  • Pakk med varme klær for vinteren.
  • Velg klatring valgfag! Det er kjekt å klatre!
  • Det beste minnet er turen med havkajakk.

 

12977225_10153615225667921_6676749070273637974_o

 

10854284_10152786510557921_903561527801963755_o 11024801_10152786510572921_2086248803147280859_o 11052404_10152786510567921_5993360621883760628_o

 

12195120_10153296775142921_1391851817834044609_o

 

Vilde, hestelinja:

  • Godt råd til neste års elever: Utnytt dagene godt og vær sosial, fordi tiden går fort!
  • Beste valgfag: Hund; jeg fikk lært mye om hvordan man kan trene hund, og fikk blitt med på hundekjøring.
  • Beste minnet på skolen: Jeg syns den første langturen hele skolen hadde sammen var fin.

 

 

11222043_10153191111612921_924364857671234445_o

 

12615593_10153430258182921_1155080035526075987_o

HARDANGER HØGSKULELAG

IMG_0168

Vi er igang med å blåsa nytt liv i Hardanger Høgskulelag.

Kva er så dette laget, tenkjer du?

Høgskulelaget er den organisasjonen som eig skulen og som er øverste ansvarleg for eigedomen, skuledrifta, økonomien og det pedagogiske innhaldet.

Laget vel tre styremedlemer til styret for Hardanger Folkehøgskule, og desse tre utgjer samtidig styret for Hardanger Høgskulelag. I styret for folkehøgskulen sit også ein representant for personalet, ein representant for Ullensvang herad, rektor og ein representant for elevane.

Medlemsmassen har ikkje auka dei siste åra og vi har ikkje vore veldig gode på å vedlikehalda kontakten med medlemene, så i desse dagar vil det gå ut eit medlemsblad til dei fleiste husstandane på austsida av Ullensvang med oppmoding om å melda seg inn i Høgskulelaget. Bladet gir informasjon om linjeinnholdet på dei ulike linjene på skulen og kan vera interessant å vita for dei som har skulen i sitt nærområde.

Det kostar 100.- for eit kalendarår og 1000.- for livsvarig medlemskap. Då blir ein medlem i Høgskulelaget, får eigarskap til skulen og det som foregår der, er valgbar til styret for Folkehøgskulen og kan vera med å styra/påvirka retning og innhald for framtidas Hardanger Folkehøgskule.

 

Ynskjer du å bli medlem?

Meld deg inn ved å sende 100.-/1000 kroner til Hardanger Folkehøgskule på konto nr. 34500503418. Merk overføringa «medlemskap Hardanger Høgskulelag»

Medlemsfordeler;

  • rabatt på overnatting på skulen
  • rabatt på kurs/reiser som skulen arrangerer
  • medlemsblad med oversikt over faginnhaldet på skulen

Svalbard

introbilete

 

« Ti minuttar til du skal på». Kva er det eg skal no tenkjer eg, mens eg sakte opnar augene og ser i eit heilt lyserødt telttak. Eg ser at klokka er 2 på natta, og kjenner at det er varmt i soveposen. Kva er det den tjukt påkledde turkameraten min vil at eg skal no. Så kjem tankane til meg, og eg byrjar å kle av meg sovetrøya, sette på meg ullgensaren og pakke inn varmeflaska i den tomme soveposen. Etter 10 minuttar står eg utanfor teltopningen og ser sollyset på nokre fjelltoppar. Kameraten forteljar meg at han har starta på ein levegg, og at han ikkje har sett noko. Han gir meg signalpistolen og ynskjer meg god vakt. Eg er klar for mi økt som isbjørnvakt.

 

Slik var nettene våre på Svalbard. Etter ein dag med forflytting opp Møysalbreen i eit vanvittig vakkert landskap, med sol som skein frå klar himmel og eit skiføre som gjorde oppstigninga til ein leik, type slitsam, så kom vi fram til leir. Teltoppslåing, middag og vasskoking. Så isbjørnvakt.

 

turgjengen                          turfolk

 

Turen starta frå Longyearbyen på tysdags ettermiddag og vi fekk nokre knallfine dagar i Nordenskiöld Land. Vi var griseheldige med føre og ver på vår 6 dagars skitur på Svalbard. Nokon dagar forflytte vi oss, andre dagar låg vi i leir. Den eine leirdagen tok vi nokre toppturar kring leiren,og vi gjorde ein framifrå solid iglo. Ein iglo som også tri låg i på natta. Den siste leirdagen vitja vi ei isgrotte som var ein smeltevasskanal på Scott Turnerbreen. Same natt så kleiv vi ned i den same kanalen, bredte ut liggeunderlaget og fekk oss ei natt i tussmørke. Noko som sto i sterk kontrast mot dei ljose nettene i teltet.

 

Vi hadde med oss kjentmann Jakob som var ein stor ressurs for gruppa på denne turen. Både kunnskapsmessig og humørmessig. Med på laget var også tidligare stipendiat Ådne som studerar på Svalbard. I lag så fekk vi ein fantastisk tur. Desverre så fekk stipendiat Marius problem med formen, og gjekk ut av turen første morgonen. Formen vart ikkje betre heller, så ein eventuell retur til turen på eit seinare punkt vart umogleg.

 

Vi fekk oss nokon nye lærdommar på denne turen også, noko ein gjør da ein er med nye folk. Fuktsperre er ein illeluktande genistrek. For å unngå stivfrosne skisko på morgonen, så kler du inn foten med ein plastpose. Nokon satte han rett på huden, andre hadde han mellom sokkepara. Det resulteterte i svette bein, men ingen fukt kom til skoen og dermed så var skoa like tørre kvar morgon. For ein luksus! Sokkene tørka i løpet av natta i soveposen.  Ein annan god lærdom var at vi hadde alle med oss pulkar, og på dei kunne vi frakte teltet med teltstengane i, noko som gjorde det raskare å få opp teltet. Ikje at det var så naudsynt på denne turen, men eit lurt tips til seinare.

 

blidkar                                   gevær

 

Etter ei lita veke i ei villmark ingen av oss har sett maken til, med knallsol, draumeføre på breane, nokon stuttjukke reinsdyr, nokon smellfeite ryper og herlege aktivavslappande dagar så takka vi Svalbard for oss. Draumeføre på Svalbard var slett ingen garanti for, da det er ein ørken med lite nedbør. Men noko flaks skal ein jo ha. Og da flykapteinen sa under take off at han tok ei roleg oppstigning slik at vi fekk med oss utsikta over Svalbard, så tenkte vi at det slett ikkje gjorde noko at vinterfrluftslivperioden vart såpass lang. Tusen hjerteleg takk for turen.

 

Nei, vi såg ingen isbjørn på vakta. Og det var igrunn heilt greit.

morene

 

marieoggutta

 

do

HARDANGER FHS BIDRAR I NASJONAL FLYKTNING-DUGNAD

Hardanger folkehøgskule vil i samarbeid med Ullensvang herad tilby unge flyktningar skuletilbod frå hausten 2016. I desember 2015 såg UDI, IMDI og Folkehøgskulerådet saman på løysingar som kunne avhjelpa den store flyktningesituasjonen i Norge. Resultatet vart bl.a. ein storstilt dugnad frå fleire norske folkehøgskular. Nokre starta opp undervisningstilbod allereide frå januar 2016 mens vi startar opp frå august etter ein lengre planleggingsprosess saman med Ullensvang herad.

Frå skulestart 2016 vil det derfor vera ein eigen norsk-klasse på skulen med 8 elevar og med Ragnhild Opedal Tveit som lærar.