AVSLUTNING AV SKULEÅRET 2016/17

 

INVITASJON TIL SKULEAVSLUTNING

Til foreldre/føresette!

Elevane er inne i den siste hektiske tida. Alle feriar er over, og skuleåret på Hardanger Folkehøgskule går mot slutten. Vi håpar den siste månaden blir fin og opplevingsrik, og det trur vi han blir sidan elevane skal til Italia og sjå både Roma og Toscana i månadsskiftet april/mai.

Hardanger Folkehøgskule har med dette gleda av å invitera dykk til avslutninga av skuleåret 2016/17  laurdag 13. mai kl. 12.00.

 Det vil vera ei uhøgtidleg samkoma for elevane fredag kveld, med grilling og program. De er velkomen til å delta på dette dersom de kjem til Lofthus fredag. Dette vil ha oppstart ca. kl. 18.00, og det vil foregå ute i hagen og inne i gymnastikksalen. Det kostar kr 100 og påmeldinga er innan 1. mai og inkluderer grillmat.

Laurdag 13.mai kl.12.00 vert det program, avslutningstalar, helsingar m.m. i skulen sin gymnastikksal. Etter dette vert det sett fram betasuppe, kaffi og kaker, før det er tid for avreise, ca. kl. 14.00

For overnatting kan de kontakte Lofthus Camping, Hotel Ullensvang, Ullensvang Gjesteheim, Hardangertun  Camping, Kinsarvik Camping eller Kinsarvik Fjordhotell.

Me ynskjer dykk hjarteleg velkomen til Hardanger Folkehøgskule !