Fjellfolk

Kva vil det seie å vere ute i -24 gradar celsius? Kva vil det seie å navigere i fjellterreng vinterstid? Vi drog til Kjeldebu for å erfare dette…

 

IMG_6052

 

Etter tri dagar til fjells i godt vinterver, så sitt vi att med erfaringar frå høgfjellet vinterstid. Og i stor grad meistring. Elevgruppa vart dela i tri og dei tri gruppene fekk ansvar for å leie kvar sin dag. Førre veke gjekk vi gjennom kva det vil seie å leie ei gruppe på tur, og no fekk vi praktisert det.

Første dagen hadde vi lett snøver, nokon få meter per sekund og 10 blå. Sikta kom og gjekk litt, men det var ikkje noko å seie på den. Leiergruppa fulgte planen sin til lunsj, og starta godt etter, men å halde kursen rett utan å sjå på kompasset er vanskeleg. Det skjønte Simen og, og stoppa for å sjå kvar vi var. Det viste seg at vi hadde snudd beint mot aust i staden for å gå nordaust, og dermed var vi på tur langt sør for hytta. Det beste med dette var at det var dei sjølve som såg utfordringa og takla han, så all honør til dei. Kjeldebu var nyrestaurera og veldig kald til langt etter middag.

 

IMG_5982   IMG_5995

 

Tysdagsmorgon. 19.januar. Simen fyller år. Og det er -24 gradar. Og vind. ”Fy faen” ” I kjem te å daue…”. Disse temeperaturene og litt trekk gjør at det er stor fare for forfrysninger på bare hudflekker, så ansikt vart pakka inn og alle fekk ein buddy til å sjekke kvarandre for snikande kvite flekkar.  Da sola kom, gav vinden seg og det vart bare flott å vere på fjellet i januar. Mot slutten av dagen så fekk vi utfordringar, da det viste seg at vi ikkje heilt visste kvar vi var, men nok ein gang gir litt tid og litt diskusjonar resultat. Gode gruppeprosessar. Nedkjøyringa til hytta gjekk som ein draum.

 

IMG_6062 IMG_6003

 

Onsdagsmorgon starta lik som tysdag, men i dag var det jo ingen sak, da vi allereie hadde vore gjennom det. Ole Henrik og Lars leia i dag, og dei og gjorde ein god jobb. Spesielt vegvalet ved sidan av orienteringa var spesielt bra. Sporet vart lagt slakt og vi mista ikkje mange høgdemeter på vår stigning. Da vi kom opp møtte vi sola. Og mot den gjekk vi heilt til vi kom attende til bila, 2 og ei halv mil etter vi var der sist.

 

IMG_6068 IMG_6059

 

Takk for turen.

Ny hest på stallen!

Uken etter høstferien fikk vi et nytt tilskudd til skolestallen! Dette er Eidvin (e.Myklemann, u. Maigrunn). Han er en åringshingst som er født på Lofthus. Siden eieren hans ikke skal ha hester hjemme lenger, skal han bo hos oss på folkehøgskulen.

11201862_848708661865216_1613226466896425036_n    12118588_848738805195535_8890708545415751101_n

Det er utrolig lærerikt og spennende å jobbe med unghest, og ofte er det en fordel å være flere mennesker når man trener med unge hester. Derfor er det perfekt å ha en hel klasse med hestefrelste når Eidvin etter hvert skal lære mange nye ting, vennes til forskjellig utstyr og ulike situasjoner.

IMG_5414    IMG_5415

Etter at Eidvin kom til oss, har han vært hos ”tannlegen” og trukket noen ulvetenner og pusset port noen skarpe kanter på tennene sine. Så nå er han klar til å begynne tilvenningen til bitt. Han har også vært på tømmekjøringskurs og gjort det kjempebra! Nå øves det på håndtering i ulike situasjoner og av ulike mennesker, og han henger med en av de mange ”onklene” sine på tur som håndhest i ny og ne!

 

IMG_5377   IMG_5376   IMG_5375

 

Vi gleder oss til å bli enda bedre kjent med denne godgutten!

Vil du se flere bilder av den flotte Eidvin? Trykk på linken under:

https://www.facebook.com/media/set/?set=a.10153358076557921.1073741919.28420602920&type=3

 

Adventstur!

Eit år på folkehøgskule er meir enn linjefag og friluftsliv. Etter eit par veker med kulturprosjekt og elevkveld, så var tida inne for ny tur. Sist helg så hadde Frisq (friluftsliv- og resqklassa) elevkveld. Apokalypsen var gudskjelov ikkje reel, men showet, samarbeidet og resultatet var reelt og veldig bra.

IMG_5935

November og desember er den tida på året det er mest krevande å vere på tur. I fjellet har ikkje snøen satt seg ennå, og i skogen er det ofte vått.  Og legg ein inn vestlandsver i tillegg, så er det krevande pluss. Og korte dagar. Men ein lærar ikkje stort av å ikkje vere på tur.

IMG_5918    IMG_5941

 

Stipendiat Marius er frå Jondal og han viste oss eit område som skulle vere vår nye heim i to døgn. Området vi kom til var av storvokst furuskog, med ein del meir snø enn det vi hadde tenkt. Målet for turen var å helde ein leir i gang over to netter med alt det høyrer til: oppsetting av gapahuk, felling, saging, kvisting og klyving av ved. Vi måtte lage granbarsengar og for å isolere mot den halve meteren med snø som vi hadde under oss. Mat som må gjerast. Bålvakter som måtte fordelast.  Dette gjekk heilt supert, til ein elev fekk den supre ideen med å sjonglere med øks. Det hadde gått bra før, men med nyslipt øks, så var resultatet blodig. Kva gjør vi no? Kompress kom på, og turen gjekk inn til Odda Sjukehus for sying. Så 4 sting. «Unødige sting….»som eleven sjølv sa.

 

IMG_5923

 

Utpå kvelden kom læraren og elevan attende og fekk restene av tacoen som var att. Det var forøvrig veldig mykje. Kva nytter ein lange kveldar til kring bålet? Ein fortel om sine adventstradisjonar, drikk kaffe, lærar seg knuter og sett opp liste om kven som skal ha bålvakta til kva tid. For i natt skulle bålet brenne.

Risgraut med mandel og 1.desember. Rasmus trudde han hadde eti noko hardt, og fekk dermed marsipangrisen. Evaluering av gapahuken, gjorde at vi forbetra han ein del før neste natt, som etter vermeldinga skulle bli blaut. Veret var herleg. Nokon minus, lett skydekke med ei sol som stakk fram no og da. Att vi ikkje hadde ski verka litt merkeleg der vi sleit oss litt høgare i lia for å grille pølser.

 

IMG_5926

 

Vi skal jo kose oss! Så middagen var juleinspirert. Ribba var bytta med svinekoteletter, men tilbehøret var der cirka. Brun saus med useriøse mengdar smør og fløte. Potetstappe med seriøse mengdar smør og fløte. Og surkål. Vi kan helse å seie at det smaka godt under stjernehimmelen. Og ved sidan av vår kjære julegran med rett i koppenpynt og taustumper som lenkjer. Nissen hadde nok andre ting å gjere, for han såg vi ikkje til.

Klokka 7. det regnar enda. Det regnar mykje. Nei! Vi har ikkje klyvd ved og lagt tørt. Vi har ikkje klyvd ein gang. Nyingen som skulle brenne heile natta slukna før han brann i det heile. Teorien til læraren er at overstokken var for krokete til å ligge heilt innåt dei to under, og dei to var for høgt over bakken til at gløa som datt ned reflekterte opp i stokken. Flæskmunken vart heller ikkje som tenkt, da vår kjære store takke ikkje var heilt egna. Graut vart servert til dei trengende. Veret var såpass vått no at vi pakka i hop, og snøballkasta oss attende til bilene.

 

Dette var vår adventstur, og vi ynskjer alle turvener ei riktig god jul, og eit godt nytt turår.

EIN TENKT SITUASJON FOR RESQ-LINJA.

Telefonen piper. Det er sein kveld og eg skulle eigentleg vore i seng for lenge sidan, men vi hadde det så gøy og tida gjekk for fort.

 

Fleire telefonar piper like etterpå . Det er hos klassekameratane mine og eg skjønar at det er alarm.

 

Ei ny natt blir øydelagt fordi nokon treng hjelp der ute i mørket. Kan det vera nokon som har gått seg bort, kanskje er det ras over vegen eller i verste fall bilulukke. Tankane om «worst case scenario» går igjennom hovudet i det eg tar trappa i to sprang, hentar den gule beredskapssekken som heng klar på klasserommet, hiver klærne og Røde Kors-vesten på meg i ein fei og kjem meg til avtalt møteplass.

 

Det har vore fleire hendingar i år og handlingsmønsteret er kjent. Det er litt rutine, men samtidig stig pulsen og adrenalinkicket er i ferd med å slå inn. Dette er spennande! Ein veit aldri kva ein møter der ute.

 

131003_Etneelven_Lyssoylen

 

Endeleg framme og korpsleiaren informerer om at ein person er meldt sakna i Kinsarvik etter å ha vore på fjelltur i to dagar. Han skulle ha vore tilbake kl. 14.00 i dag. Vi samarbeider med politiet og Airlift fortel han. Vår oppgåve blir å gå langs elva og gjere søk langs stien på begge sider. Det er dessverre ikkje så lenge sidan vi gjorde akkurat det same på akkurat same plassen. Det er eit utsett område og eit vanskeleg søkeområde, særleg i mørket.

 

Alarmar har blitt ein vanleg ting for oss på Resq-linja. Sist gong viste seg at personen hadde søkt ly for uværet og mørkret og kome seg inn i ei hytte for kvelden, utan moglegheit for å kunne gi beskjed heim. No virkar situasjonen reell og vi jobbar saman som det gode teamet vi er. Helikopterert heng på nattehimmelen og lyser opp fossen lenger oppe.

 

130505_Storkurshelg Bømoen

 

Etter ein time grovsøk får vi melding over sambandet at det er gjort funn av lag 2 oppe i fjellsida. Personen er funnen og alle andre lag blir kalt inn til CO der vi bli informert om at dette berre var ein øvelse, og personen som vart funnen var berre ein markør frå nabokorpset. Heldigvis!  Det verste er å finna omkomne.

Takk og pris for øvingar. Det må til for at vi skal vera klare å vera gode nok når det virkelig gjeld. Og du veit aldri når det blir. Kanskje allereide i morgon. Vi er i alle fall klare om vi må ut.

SVÆRT GODE TAL PÅ ELEVUNDERSØKINGA

EPSI Analysebyrå har undersøkt elevtilfredsheten på norske folkehøgskular sidan 2012. Hardanger Folkehøgskule ba om eigen undersøking for vår skule i 2012 og i 2015. Begge gongar med strålande resultat. Vi har undersøkt tilfredsheten for kulla 2010/11 og 20111/12 i 2012-undersøkinga og for kullet 2014/15 i 2015-undersøkinga. Det som også er gledeleg er at vi begge gongane ligg over gjennomsnittet for folkehøgskule generelt.

Rektor Trond Instebø seier at han ikkje klarar å peika på enkeltfaktorar som gjer til at våre elevar i større grad enn andre plassar er meir tilfredse med sitt skuleår, men peikar generelt på den gode jobben personalet gjer for kvar enkelt elev og det faktum at vi ikkje er ein stor skule der enkeltindivida forsvinn i mengden. Vi kjem ikkje til å leggja oss bakpå og kvila på desse resultata, men jobba vidare kvar dag for å gje elevane ein god skulekvardag, utbyte og totaloppleving.

På biletet under ser du grafen for Hardanger Folkehøgskule ( blå ) og for folkehøgskule generelt ( raud ).

epsi 2014-15

Siste dag på villreinjakt.

Siste dagen på villreinjakta – og første året uten å ha fått rein. Vi har sett dyr, men utur og uflaks har slått oss hver gang. Nå, på vei hjemover, har vi sett en flokk på langt hold, men likevel nær nok til å rekke. Flokken er likevel ikke å finne når vi kommer opp på det fjellet der den var for en time siden. Sånn er villreinjakta; dyra viser seg og forsvinner på uforståelig vis, men vi vet at de er her en plass.

Reinjakt2

Litt frustrerte sitter vi og vurderer om vi likevel må gi oss uten reinfall for første gang, da vi plutselig oppdager et par bukker på veg rett mot oss. Hektisk klargjøring. Inge, som oppdaga bukkene, skal være skytter. Han er første gangs storviltjeger, spenning på topp.

Reinjakt4

 

Alt stemmer. Vi har bukkekort – bukkene kommer og er på greit skuddhold mens Inge ligger klar til å skyte, men det drøyer……..  Jeg kikker opp på Inge og ser at rifla svinger hit og dit. At han har fått ”dyreskjelven” er tydelig å se. Skuddsjansen er i ferd med å forsvinne og jeg visker ”ska æ skyte” – et stønn og et langt JAAA  på utpust løser situasjonen. Bukken detter i smellen. Det var Inges bukk i alle fall og vi fikk rein dette året også. Ja det ble faktisk 2, for da bukken ble skutt dukka flokken opp fra intet. Den hadde stått skjult i et lite søkk og drog rett på våre bakposter som fikk skutt en kalv.

Reinjakt3   Reinbukk

Eventyrlig hesteliv i Marokko!

I begynnelsen av mars, pakker hesteklassen sakene sine og reiser til vakre Marokko! Mars er en fantastisk tid å dra på ridetur i det flotte området Essouaira. Turistene har ennå ikke inntatt strendene, og temperaturen ligger vanligvis rundt 20 grader. Altså akkurat passe for å kose seg på hesteryggen. Essouaira er kjent for sine lange, vakre sandstrender, og de får vi utnyttet til det fulle på ryggen til sterke, utholdende og flotte berberhingster. Vi får også ri på smale skogsstier mellom argantrærne, og galoppert på endeløse grusveier mellom landsbyene.

 

 

Utgangspunktet for turen er Ranch De Diabat. Her møter vi første dagen våre svært erfarne guider som skal følge oss hele turen. Vi har på forhånd informert om rideferdighetene til klassen og guidene har lang erfaring med å velge riktig hest til riktig deltaker.

 

rekke 90 strandritt

 

Det blir en del bagasje med på turen. Alle har med seg egen ridehjelm, ridebukser og hansker. I tillegg må vi ha med sovepose, for overnattingene foregår i telt! Men dette er ikke vanlige fjelltelt som vi er vant til i Norge! Her er det snakk om store, romslige berbertelt, og de er utstyrt med madrasser og puter, så vi får god hvile etter lange dagsritt.

 

Camp masse bagasje

 

Etter dagens ritt kommer vi frem til ferdig oppsatt camp og det tar ikke lang tid før middagen er på bordet. Mens vi venter får vi popcorn, te og kjeks!

 

lunsj frokost ved havet

 

Linjeturen til Marokko er virkelig en opplevelse for livet!

 

piknik Rekke

KURS OG TUR TIL ANDALUCIA

KURS OG TUR TIL ANDALUCIA

Hardanger Folkehøgskule arrangerer kurs om og tur til Andalucia i Spania.

Vi flyr fra anten Bergen eller Haugesund til Malaga kor vi blir henta av buss og køyrt til vår destinasjon Jerez de la Frontera.

Vi har eigen buss under heile opphaldet som vil ta oss til kjente attraksjonar og byar i Andalucia, t.d. Sevilla, Ronda, Cadiz m.fl. Vi beslker typiske «Kvite landsbyar», får omvisning på Bodega og får smaka på 8 forskjellige sherry, ser hesteshow med ei berømte dansande Andaluciske hestane, lærar å laga tapas og går på live Flamenco-show.

Vi bur på Campus El Sabio. Den engelske skulen i Jerez. Der kan du velgja enkeltrom eller dobbeltrom av god standard til ein svært overkommelig pris. Frukost og middag vert servert på overnattingsplassen, medan vi får medbragt lunsj ( evt. lunsj ute for eigen lomme ).

Kost og losji ligg på 315 Euro.

Flyprisane vil ligga på fra 2.500.- t/r

Bussleige, guide og inngangsbillettar, etc. vil utgjera omlag 210 Euro ( avhengig av antalet deltakarar)

Vi har 15 tilgejengelege plassar.

Andalucianett_Side_1 - KopiAndalucianett_Side_2 - Kopi

Cosplay på con!

tina og kris

 

Det er spesielt å gå på eit con og føle at det cosplayet du har laga sjølv gjer at du blir gjenkjent som ein annan karakter. Følelsen av å mestre og få «cred» for det du har laga. Du blir godtatt for den du er, sjølv om du ikkje har verdens beste cosplay. Det er stort å bli heia på om du går catwalken, men endå større å få vite at ein er god nok uansett.

 

Å delta på eit con betyr å ha fellesskap med andre og å vera ein del av noko. Å vera elev i ei cosplayklasse gjer at du heile tida får oppleve å ha same interesse som dei rundt deg. I klassa vil du ha nokon som bryr seg og støttar deg. Dette er veldig motiverande og du får rom til å utfolde deg kreativt på mange måtar. Når du lagar eit cosplay lærer du å finne smarte løysingar og du får brukt fantasi og oppfinnsomhet for å få eit godt resultat. Du kan cosplaye kjente karakterar eller skape din eigen favorittkarakter.

Kristin

Martha 1

 

FALLSKJERMHOPPING I SPANIA

Det kribler i kroppen, du sitter i et lite propellfly som tar deg opp til 4500 meters høyde. Din tandeminstruktør spøker med de andre, men du prøver bare å konsentrere om det du er i ferd med å gjøre. Så kommer klarsignalet, døren åpnes, du gleder deg, du gruer deg, adrenalinet strømmer på. Og så, nesten før du vet hva som skjer, en salto i lufta, du er i fritt fall!

Klare for hopp!?

fly til fallskjerm

 

Vinden, farten, inntrykkene er så mange på så kort tid. Du nærmer deg bakken i 200 km i timen, og du kjenner at du lever her og nå. Nervøsiteten er borte, det nærmer seg landing og du følger instruktørens kommandoer. Og der er du tilbake på landjorda, du har gjort ditt første fallskjermhopp og opplever en merkelig og litt uvirkelig lykkefølelse. Kanskje dette var ditt eneste hopp i livet eller kanskje du blir bitt av basillen, men uansett sitter du igjen med en følelse av mestring og glede.

Magnus i lufta Sivert i fallskjerm

Idrettslinja reiser til Sør-Spania i oktober og tandem fallskjermhopp er et høydepunkt på turen. Men vi skal også surfe, sykle, prøve wakeboard, klatre osv, så opplevelsene vil stå i kø!